Deltaking – aktivitet – meistring

- Du e hæm, ja

Det var helsinga ein av dei første gjestane gav Gøran Bolme da dei kom fram til Trollavvoen til iTrollheimen i Trollheimstunet torsdag formiddag.

Publisert
Gøran Bolme

Heilt sidan tidleg i juni har Rindal Pensjonistlag arrangert turar til Trollheimstunet ved Langvatnet i Helgetunmarka. Dette var den siste av 16 turar i prosjektet «Ut i Trollheimen». Totalt har det vore 185 deltakarar.

Gøran Bolme frå iTrollheimen tok imot deltakarane med å fortelle om Trollheimstunet, som truleg er det yngste stadnamnet i Rindal. iTrollheimen er ei naturbasert opplevingsbedrift som har Trollheimstunet som sin utandørsbase.

I sommar vart Trollheimstunet opna som Rindal kommune sin innfallsport til Trollheimen. Gapahuken ved Langvatnet var det Turstigruppa til Rindal IL som reiste som barnevennleg turmål for mange år sidan. Servicebygget med døgnope toalett, slik det står her no, er i lag med utleigekanoar og eit «velkomstbygg» ved parkeringsplassen på Stavlia komme i stand i samarbeid med Rindal kommune, styret for Verneområde Trollheimen og grunneigar Lars Helgetun.

Servicebygget

Lars Helgetun snudde teikninga av det byteikna servicebygget fleire gonger da han fekk sjå det første gongen. Det såg litt komplisert ut med mange utfordringar for snikkarane. No står det her og er eit heilårleg servicebygg med døgnope toalett, aggregat og varmesentral for Trollavvoen og lager.

- Det ska lukt røyk frå hauputa dokkår når dokk vakna e morgå ti’le, sa Gøran ved svartkjelen.

Britt Grete serverer rømmegraut.

Inne i Trollavvoen serverte Britt Grete Moen, frå Furkunnjmat, nykoka rømmegraut med pølse frå Sylte Gardsslakteri og flatbrød frå Røros. Det var festmat i dag, fordi dette var den siste turen i arrangementsserien til Rindal Pensjonistlag. Det var troll-godt, og fleire bad om påfyll!

Servering i Trollavvoen.

Praten gjekk glatt både under grauten og lufteturen ned til gapahuken, der Gøran hadde fyra opp og koka bålkaffe. Britt Grete kom etter med ei stor form med eplerabarbrakake. Feststunda heldt fram!

Om litt er kaken klar
Kaka var minst like god som den ser ut!
Stemninga steig!

Så tok Gøran Bolme fram gitaren og framførte eit one-man standup show (einmanns ståande sjau), på øversurndalsk og med minst tre grep på gitaren! Årstidsaktuell opna han med visa om potetåkeren og potetopptaking, for snart er det potetferie.

Helene Marie Nergård takka vertskapet for godt samarbeid og vellukka gjennomføring.
Pensjonistlaget ved Jostein Grytbakk, spanderte sprudlende sjampanje (alkoholfri) så korka spratt og spruten stod!

Til slutt tok pensjonistlaget over med feiring av gjennomføringa av turprosjektet. I denne pandemisommaren har dei greid å gjennomføre alle dei 16 planlagte turane, medrekna to gjesteturar med deltakarar frå Surnadal og Meldal. Ingen av turane vart avlyste, og mesta alle hadde godver.

Målet var å gje eldre noko å sjå fram til, ein tur i naturen og ei forandring i kvardagen. Dei hadde fått god dekning i media, så plassane på turane vart fylte både gjennom kunngjeringar og personleg kontakt.

Etter samkjøring frå Rindal sentrum fekk deltakarane ein 10 minutters spasertur til Trollheimstunet. iTrollheimen stilte med både rullestol og ATV når det var nødvendig.

Prosjektgruppa og vertskapet

Prosjektet «Ut i Trollheimen» er arrangert med støtte frå Stiftelsen DAM. Styret i Rindal Pensjonistlag med leiar Helene Marie Nergård i spissen sendte, etter litt betenkning, søknad til DAM om støtte til prosjektet. Etter akkurat ei veke fekk dei positivt svar og tilskott på 222 700 kroner. Her er det grunn til å tru at erfaringa til leiaren i administarsjon og skjemautfylling kom godt med!

Heile flokken samla, blide og fornøgde

Stiftelsen DAM er ei av dei største stiftelsene i Norge, og den gir pengar til helse- og forskingaprosjekt som skal gi betre helse gjennom deltaking, aktivitet og meistring for folk i Norge. Pengane kjem frå Norsk Tipping, 6,4 % av overskottet. Namnet DAM er eit akronym som står for deltaking, aktivitet og meistring.

Bla deg gjennom bildeserien nedafor, og hugs: Naturen og Trollheimstunet er ope for alle!

Powered by Labrador CMS