En mann står bak grantrær
Thor Gotaas.

Gotaas til Yggdrasil

Publisert Sist oppdatert

Thor Gotaas er truleg Norgesmeister i kombinertgreina forfattar og foredragshaldar. Foredraga hans, om alt frå utedo til skihistorie, er svært ettertrakta, og han leverte nyleg manus til den fjerde boka si i år. Den kjem på toppen av 58-årngens omfattande bibliografi på heile 45 bøker. Torsdag 2. november kjem han til Surnadal kulturhus og Yggdrasil-treffet: Midtnorsk Skog- og Trenæring.

Annonse:

For meir informasjon og påmelding til Yggdrasil-treffet, sjå: https://www.allskog.no/meld-deg-pa-yggdrasil-treffet

På Yggdrasil får skog- og treinteresserte høyre ein foredragshaldar, som slett ikkje er midt på treet, mellom anna fortelje om skogens historisk viktige rolle som «toppidretssenter» for norsk herrelangrenn.

Sterk og seig

– Fram til generasjonen til Oddvar Brå og Ivar Formo dreiv stort sett alle dei beste skiløparane med skogsarbeid, i alle fall i sesongoppkøyringa om hausten. Brå, som var son av ein skogsarbeidar, planta skog, medan Formo var den første virkeleg store norske stjerna som aldri hadde arbeidd i skogen, seier Gotaas.

– Det tradisjonelle skogsarbeidet, spesielt fram til motorsaga kom på 1950-talet, var perfekt for å dyrke fram dei viktigaste eigenskapane i tradisjonell langrenn: å vere sterk og seig. Dei fleste dreiv med kroppsarbeid på den tida, men frå for eksempel fiskeri kom det ingen skiløparar.

– Alle bevegelsane i tradisjonelt skogbruk – hogginga, kvistinga, barkinga, drainga og løftinga av tømmeret og berre det å gå i skogen, ofte i djupsnø – gjorde at heile kroppen fekk køyrt seg og vart herda. Og det frå ung alder; dei starta gjerne i 10-15-årsalderen, og det var lite Tiktok og Youtube som forstyrra. Pulsen til skogsarbeidarar har vorte målt til å ligge jamnt over 120, så dei fekk godt O2-opptak òg – og sterk psyke. Langrenn byggar det eg kallar moralsk fiber, seier Gotaas.

– Men å kombinere dette hardkjøret på arbeid med langrenn på fritida var berre for dei mest uthaldande. I Trysil var det for eksempel på 1930-talet 1300 tømmerhoggarar, men berre 70 skiløparar, seier Gotaas.

Skogplanting som avkopling

Gotaas likar seg òg sjølv godt i skogen. Kanskje for å kompensere litt for innhogget i produktiv skog den omfattande bokproduksjonen hans gjer, så har han sidan 90-talet planta gran ein månad i året, kvar vår og haust.

– Ja, for meg som sit så mykje på ræva og skriv bøker så er dette både avkopling og trening. Sjølv om eg er eit luksusdyr og kan gjere dette for moro skuld, så likar eg å jobbe hardt. Det blir ein fem-seks timar kvar dag i eitt tempo: maks. Og så går eg der åleine i skogen eit par veker og forbannar heile menneskeheita, men kjem tilbake godt sliten og i godt humør, ler Gotaas.

Northug, ein viljeskalle

Thor Gotaas er i haust òg aktuell med boka om Petter Northug: «En Viljeskalle». Litt på same måten som dei tidlegare skogsarbeidarane meiner Gotaas at Petter har eksepsjonelle eigenskapar.

– Petter har ei heilt spesiell vilje som heldigvis ikkje så mange av oss har, for da hadde ikkje verda vore ein bra stad, seier Gotaas med eit smil.

– For eksempel hendte det at han kunne besvime på intervalldrag i oppveksten, og den same unike krafta mobiliserte han i alle dei løpa og spurtane han vann. Før 5-mila i Liberec i 2009 sa han at dei måtte stå klar med hjertestartaren; han var klar til å gi alt!

– Men sjølv om viljen kanskje er den viktigaste eigenskapen hans, og ein som det er vanskeleg å trene opp, så er Petter elles mykje meir av eit treningsprodukt enn folk trur. Han var for eksempel ganske treig som ung, men etter at han tapte ein spurt i Molde i 1999, så gjekk han heilhjarta inn for å trene seg opp til å bli verdas beste spurtar, avluttar Gotaas som har med seg Northug-bøker i sekken til Surnadal 2. november. 

Powered by Labrador CMS