Magne Løfaldli (arkivfoto).

Løfaldli: – Framleis overbevist om at autonome ferjer er løysinga på enkle fjordkryssingar

– Ingen kan overbevise meg om at eit vedtak om bru og tunnel er eit dårleg vedtak for Indre Nordmøre, svarar Bergsvein Brøske.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag skal kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet sluttbehandlast i kommunestyret i Surnadal, og saka har skapa stort engasjement den siste tida.

I starten av veka inviterte Innveno og det Trondheim-baserte selskapet Zeabuz formannskapet i Surnadal til presentasjon av- og diskusjon rundt temaet autonome ferjer.

Innveno-sjef Magne Løfaldli slo der fast at Surnadal og Sunndal no må velje om ein vil bli berømte for å ta i bruk framtidsretta teknologi, eller om ein vil bli kjende for å ta i bruk teknologi frå 1980-talet.

Løfaldli viste til at Zeabuz er i gang med å kommersialisere autonome, sjølvgåande ferjer, og hevda at eit slikt tilbod både ville verte billigare og langt mindre rigid enn bru og tunnel.

Både ordførar Margrethe Svinvik, varaordførar Hugo Pedersen og formannskapsmedlemmane Helge Røv, Bernt Venås og Eli Vullum Kvande var på plass for å høyre om autonome ferjer som alternativ til bru og tunnel. Det same var kommunedirektør Knut Haugen og ekteparet Tore og Kristina Svinvik, som eig og driv Svinvik Gard.

Forsamlinga fekk høyre dagleg leiar i Zeabuz, Erik Dyrkoren, peike på at det vil vere mykje billigare å drifte autonome ferjer enn ei bru.

– Kostnadsmessig er autonome ferjer ei veldig god løysing for å få folk frakta frå ei side til den andre vassvegen – døgnkontinuerleg, sa Dyrkoren, som la til:

– Ei bru har store inngrep i naturen, medan ei ferje, som dette, vil kunne skalerast opp og ned etter det faktiske behovet. Vi vil få til noko som gjer tilsvarande, døgnopne drift som ei bru, men utan rigiditeten og kostnaden. Om 20 år kan det vere at ein ser at ei bruløysing ikkje var rett – det problemet slepp ein med ei ferje.

Erik Dyrkoren, daglig leder i Zeabuz.

Han fortalte vidare at det no går ein prototyp på ei førarlaus ferje frå Ravnkloa til Vestre kanalkai i Trondheim, og at Zeabuz ventar å ha kommersialisert dette i løpet av om lag fem år. Dei vil i same periode gå i gang med neste fase, førarlause bilferjer.

Rolls Royce og det finske ferjeselskapet Finferries demonstrerte verdas første autonome ferjereise, med ei 53,8 meter lang bilferje, i 2018.

– Saknar debatt om det er ei kommunesamanslåing vi ønskjer oss

Etter fleire medieoppslag om innspelet om autonome ferjer som alternativ til bru og tunnel, har det komme reaksjonar, til dels sterke, frå både tilhengarar og motstandarar av Todalsfjordprosjektet.

MdG Sunndal og MdG Surnadal har formidla til lokalpressa at dei kjem til å gå imot Todalsfjordprosjektet, som dei omtalar som eit «overdimensjonert og fortidspreget prosjekt, som er ganske negativt for klima og miljø». Sunndalingane behandla saka onsdag, og det enda med eit klart fleirtal for prosjektet. MdG si eine stemme var den einaste stemma imot.

MdG-representant i kommunestyret i Surnadal, Eli Vullum Kvande, har også i tidlegare saker om prosjektet etterlyst ein større diskusjon rundt kva samfunnsmessige konsekvensar Todalsfjordprosjektet vil få for Surnadal kommune.

– Eg saknar ein open debatt på om det er er ei kommunesamanslåing vi ønskjer oss på sikt. I tillegg ser ein at heile området i Svinvika, uansett trasevalg, vil bli sterkt forringa og det vil føre til betydeleg miljøskade. Dette står i konsekvensanalysen, seier Eli Vullum Kvande til Trollheimsporten, og fortsett:

– Det er veldig beklageleg at ein i første plan seier at ein skal unngå å bygge i omsynssona rundt Svinvik Gard, og når det viser seg at omsynssona vert utvida – så tek ein vekk punktet om at ein skal unngå å bygge der.

MdG sin gruppeleiar på fylkestinget, Carl Johansen frå Sunndalsøra, støttar partikollegaen, og seier til Trollheimsporten:

Carl Johansen, Sunndal MdG og Eli Vullum Kvande, Surnadal MdG.

– Fylket har ein skyhøg lånegrad, som vil fortsette å vekse bratt dei neste fire åra. Etterslepet på fylkesvegane er på 8,6 milliarder, og det veks for kvart år. Dei neste fire åra vil lovpålagt tunnelstandard åleine koste 1,6 milliardar, medan fylket berre sett av 420 millionar. Alle som vil, kan sjå at dette ikkje går. Når eit stort fleirtall på fylkestinget fullstendig overser realitetane og hevdar at no blir Todalsfjordprosjektet bygd, meiner eg det er å halde folk for narr, seier han.

MDG møter sterk motstand

Dei to MDG-lokallaga møter altså sterk motstand frå både næringslivsrepresentantar og andre politiske parti.

Styreleiar Lars Løseth i Todalsfjordprosjektet AS uttalte følgjande til avisa Driva:

– Ferjeforbindelse kan aldri konkurrere med fastlandsforbindelse, ellers er ei ferje noe en må betale for å kunne ta til evig. Ei bru koster bompenger ei stund, etter det er det gratis.

Trond Skogseth har, i eit lesarinnlegg kalla «No må ikkje vi slukke lyset i tunnelen!», teke sterkt til orde for at prosjektet må gjennomførast, og det same har Pipelife-sjef Sigmund Aandstad gjort.

Skogseth skriv mellom anna:

– Så no må vi slutte å vingle, slutte rekkene og sørge for at vi endeleg får på plass brua og etter kvart kan sjå lyset i den tunnelen som vil kunne gi oss det løftet vi treng her, midt i moglegheitene som det er litt vanskeleg å kome til.

Surnadal Høyre og Ole Joar Bruset har og tala Todalsfjordprosjeket si sak, i innlegget «Veien til SSBs prognoser er brolagt med gode intensjoner».

Bruset meiner prosjektet vil ruste dei to kommunane for framtida, og at det skapar ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadregion.

– Surnadal og Sunndal er i ein unik posisjon når det gjeld industri, men dette må haldast ved like og utviklast for at det skal stå like sterkt i framtida, skriv Bruset, og peikar på Todalsfjordprosjektet som viktig i denne samanhengen.

– Sjølv om argumenta mot eller for andre løysingar er gode, så står behovet for prosjektet og den valte løysinga fjellstøtt, skriv Høgre-politikaren vidare.

I denne saka frå Tidens Krav kallar Styrkår Brørs det ein tragedie om kommunedelplanen ikkje blir vedteken, medan dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS, Bergsvein Brøske, slår fast:

– Ferjedebatten er ikkje eit sidespor. Den er eit blindspor. I beste fall kan sjølvgåande ferjer vere aktuelle om 20 år. Inntil då er det bilferja «Stangvikfjord» som gjeld. Og det vil bli kamp for å behalde rutetilbodet som i dag.

– Ferjer kan tilpassast den teknologiske utviklinga

Onsdag er Magne Løfaldli framleis klar på kva han meiner:

– Eg er framleis overbevist om at autonome ferjer er løysinga på enkle fjordkryssingar, og mykje anna, seier han til Trollheimsporten.

Han viser til at demonstrasjonar av autonome bilferjer allereie har starta, og at Ocean Autonomy Cluster, som held til på Fosen, utviklar ei frakterute frå Hitra og Frøya til mellom anna Trondheim.

– Dersom ein ser for seg at ei bru reelt blir ferdigstilt om 12-15 år, veit vi jo at teknologien kjem til å utvikle seg utruleg mykje i løpet av dei same åra. Brua kjem til å halde seg 100 prosent rigid, medan slike ferjer kan tilpassast den teknologiske utviklinga i all framtid, seier han.

Magne Løfaldli.

I presentasjonen sin måndag, var Zeabuz-sjef Dyrkoren inne på at ein ser for seg at det blir mogleg å koble autonome ferjer frå Kvanne-Rykkjem på andre ferjestrekningar. Han sa og at det vil kunne vere mogleg å bruke dei til å, til dømes, frakte varer og material om natta, når pågangen frå vanlege passasjerar er minst.

Dette meiner Løfaldli er eit stort argument for å sjå nærare på ei løysing med autonome ferjer.

– Ein kan skape eit nett der førarlause ferjer, som går heile døgnet, knyt ihop mellom anna Kvenna-Rykkjem, Kanestraum og Tingvoll. På den måten kan ein binde saman Indre Nordmøre på ein heilt annan måte enn med det rigide systemet ein no legg opp til, seier han, og legg til:

– Det verkar som om det er så sterkt forankra i folkesjela på Indre Nordmøre at ein ikkje vil prøve noko nytt. Ting må vere utprøvde av andre først, før vi tør henge oss på.

Mot prosjektet uansett trasé

I denne tidlegare nemnde Tidens Krav-saka, lanserte Styrkår Brørs eit alternativ til trasé i Svinvika, der vegen går nokre titals meter lenger nord enn over ekra til Tore og Kristina Svinvik.

Tore Svinvik viser kvar ein eventuell trasé, etter hans meining, må gå, dersom prosjektet blir realisert. Han og kona Kristina eig og driv Svinvik Gard, og er sterkt imot Todalsfjordprosjektet, uavhengig av kvar traseen eventuelt blir.

Tore Svinvik bekreftar overfor Trollheimsporten at forslaget til traséendring, som Bergsvein Brøske omtalar som «spennande», er det same han og kona Kristina har peika på heile tida.

Følgjande passasje om ekteparet Svinvik sitt syn på saka er henta frå denne saka på Trollheimsporten 21. juni i år:

«Tore og Kristina meiner at det finst meir skånsomme løysingar enn den som no ligg føre. Blir traseen som planlagt, vil den nye vegen gå midt over ekra til Svinvik-paret.

– Hadde dei vinkla vegen slik at den kom bak den naturlege høgda her, hadde det vore annleis. Vi hadde fått litt ekstra belastning og støy då og, men langt i frå i same grad, seier Tore, og fortsett:

– Med ei slik endring kunne ein snakka om at ein hadde lagt til rette for oss som bur og driv her. Vi ville måtte gjort om på ein del ting vi har planlagt då og – som til dømes konkrete planar om satsing på overnattingsplassar – men ei slik endring ville gjort det mykje lettare for oss.»

Tore og Kristina Svinvik.

Onsdag, dagen før kommunestyret skal gjere vedtaket sitt, understrekar Tore Svinvik at ekteparet, uavhengig av trasé, er imot prosjektet.

– Svinvika blir øydelagt uansett, dersom vegen skal gå her, seier han.

Bergsvein Brøske bekreftar at det er liten forskjell mellom Brørs sitt forslag, og det Svinvik har skissert tidlegare.

– Det eg tykkjer er så stas med Styrkår sitt forslag, er at han tek seg tida til å sette seg ned og teikne opp og spekulere på korleis dette kan gjerast på best mogleg måte. Det er så artig at folk i alle aldrar bryr seg, og har lyst til å få fram ulike løysingar, seier Brøske, og legg til:

– Då vi var der ute saman, såg vi jo at det heilt sikkert kan lagast veg på flata bak berget ovanfor Svinvik Gard. Vi er alle samde om at vi i det vidare arbeidet må sjå på korleis vi kan få til ei best mogleg løysing både i Svinvika og på andre sida. Dei teikningane som ligg føre no er det Statens Vegvesen som har utarbeidd.

– Planane er ikkje gamaldagse

Der Brøske kjem Tore og Kristina Svinvik i møte, er han klar i talen sin om autonome ferjer som alternativ løysing til bru og tunnel.

– Min påstand, som svar til Magne sine påstandar, er at planane ikkje er gamaldagse. Ja, det er ei rigid løysing, i den forstand at ein bind saman regionen med bru. Etter det eg kan forstå, kan ikkje autonome ferjer erstatte det per i dag. På meg verkar det som om den teknologien er ein ung teknologi, som har ein god veg å gå før den kan transportere alt som må transporterast, slik ei bru kan.

Brøske peikar difor på den noverande ferja, Stangvikfjord, som det mest sannsynlege alternativet til bru og tunnel.

– Hadde vi venta på beste tilgjengelege teknologi, som ikkje er skapt endå: kva mobiltelefon hadde vi hatt no då? Korleis skulle vi utvunne olje? Vi kan gjerne diskutere kva som skapar utvikling, for all del. Men skal det gjere at vi no skal vente i 20 år? Det ville vore riv, ruskande gale, seier han, og legg til:

– Dette handlar om å forstørre regionen vår, og skape eit større omland for tenester ein kan benytte seg av. I tillegg bind ein saman ein korridor, ikkje berre mellom Surnadal og Sunndal, men mellom Møre og Trøndelag.

Bergsvein Brøske.

Brøske viser til at fylkesordføraren har sagt at ferdigstilling av prosjektet kan bli ein gong mellom 2025 og 2030, og han er glad for at fylkeskommunen, som vegeigar, no har gått "all-in".

– Dette skal vi realisere, så no handlar vegen vidare om hardt arbeid og positivt påtrykk for å få det til, seier han.

Torsdag skal altså kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet behandlast av kommunestyret i Surnadal, med Sunndal sitt fleirtalsvedtak for prosjektet som opptakt

Powered by Labrador CMS