Nordmøre Folkehøgskule

Nordmøre Folkehøgskule

Skal vare heile livet

Visjonen til Nordmøre Folkehøgskule er at eit år på NoFo skal vare heile livet. Onsdag var Indre Nordmøre Senioruniversitet på skulen og fekk høre rektor Kristian Silseth halde foredrag om Nordmøre Folkehøgskule i fortid, notid og framtid.

Publisert
Rolf Arne Berg, tidlegare lærar ved folkehøgskolen, no styremedlem i Indre Nordmøre Senioruniversitet ønska velkommen.
Rektor Kristian Silset

Nordmøre Folkehøgskule er ein viktig institusjon i Surnadal, og har vore det i lange tider. Ei interessert forsamling fekk ei grundig innføring i historia bak folkehøgskuletanken heilt frå den danske presten Nikolai Fredrik Severin Grundtvig si tid og til i dag.

Sjølv om Grundtvig ikkje grunnla ein einaste folkehøgskule, er han ofte kalla "Folkehøgskulens far." Det var andre som med grunnlag i tankane og skriftene hans, sette dei ut i livet ved å skipe skular.

Grundtvig var ein spesiell mann. Lærte tidleg å lese, las, studerte og skreiv heile livet, men han var lite praktisk og sosial. Muntleg kunne han vere for direkte. Det gjekk ikkje alltid så bra når han sa rett ut kva han meinte. Det førte til at han strevde med å få seg fast stilling etter at han utdanna seg som prest med toppeksamen.

Han hadde ei tid ein fin jobb som privatlærar hos godseigar Egelykke for sonen der. Der gjorde han skandale! Han vart forelska i kona til godseigaren! Han jobba, jobba og jobba for å komme over det.

Han var selskapsherre om kveldane, skreiv om natta, men nokså misslukka. Eit teaterstykke han skreiv vart sett opp av eit ungdomslag, men det vart berre ei forestilling. Han hadde ikkje ei realistisk forståing av kvardagslivet.

Han begynte å interessere seg for historie og mytologi.
- Den som ikkje forstår historie, forstår ikkje seg sjølv, er ei utsegn som er tillagt Grundtvig.

Rektor Silseth gav oss eit breitt bilde av N.F.S.Grundtvig.

Han fekk tre gonger tildelt studiestipend av den danske dronninga. Han drog til London. I England møtte han for første gong kvinner som tala i forsamlingar og som var dyktigare enn menn.

Heime i Danmark var han også ein periode inne i Stenderforsamlinga som gav råd til kongen. Han vart ikkje attvald.

Mange hørte på det han framførte og tok tankane hans vidare i grundtvigianismen, ein lys og glad kristendom med mykje song. Tilgjeving var sentral. Jesus på korset og soninga var sentral for tilgjevinga.

Grundtvig møtte latin som språk i skuletida. Han ville at opplæringa skulle løfte dei unge fram og hjelpe dei vidare i livet.

-Tale er betre enn bøker, var ei hovudtese hos Grundtvig, og det arbeider folkehøgskulen etter i dag også, sa Silseth.

Grundtvig skreiv 2500 salmar, og folk i heile Norden kjenner mange av dei. I den norske salmeboka vi bruker i dag, er det 32 salmar etter Grundtvig.

Grundtvig var gift tre gonger. Begge dei to første konene døde frå han. Den siste kona hans fødte ei datter da han var 80 år, og ho fekk namnet Lise Marie Asta etter alle tre konene.

N.F.S.Grundtvig døde ei veke før han fylte 90 år. Dagen før heldt han foredrag.

Grundtvigianarane stifta den første folkehøgskulen, Rødding Højskole, i 1844. Folkehøgskulen skulle stå utafor kyrkja og føre tankane til Grundtvig vidare.

Sagatun på Hamar vart den første folkehøgskulen i Norge i 1864. Den stod i 15 år. I 1967 kom Vonheim folkehøgskule leda av Christoffer Bruun. Skulen vart meir prega av kristendom enn den danske skulen. Vonheim vart lenge sett på som mønsterskulen.

Så kom folkehøgskulane på rekke og rad. Sund på Inderøya kom i 1868 og er den eldste skulen som eksisterer i dag. I 1893 kom Sagavoll, den første kristelege folkehøgskulen. Den siste folkehøgskulen som er skipa er Øyrekka folkehøgskule på Mausund. Den starter drifta i 2023.

I 1913 skipa Henrik Rytter Nordmøre Folkehøgskule på ein gard i Gjemnes. Drifta heldt fram i Straumsnes, før den i 1919 kom til Surnadal. Under siste krig var skulen flytta til Aure nokre år.

- Vi er ein veldig frilyndt skule og tek imot folk på ein fordomsfri måte, seier rektor Silseth, - men alle har fordommar, legg han til. - Viktigast er at alle skal få komme hit slik dei er.

Folkehøgskulen var først Nordmøres folkehøgskule, seinare vart den ein landsskule, og utover frå 1970 ein skule også for internasjonale elevar. No er det vanskelegare for utanlandske elevar å komme til Norge. Dei må dessverre garantere for 140 % av kostnaden, - ein skammeleg norsk politikk, seier rektoren.

Innvandrarbarn er også underrepresentert. Folkehøgskulen kjemper mot dei som hevder at eit år på folkehøgskule er eit bortkasta år.

Folkehøgskulen er overrepresentert på Stortinget. Likevel har Stortinget gjort vilkåra for drifta av skulane vanskelegare ved at dei tok bort statsstøtta til kortkurs ved skulane.

Innhaldet i skulane har variert opp gjennom tida. Allmennfag og nokre praktiske fag har alltid vore viktig, men dei har ikkje eksamen. Skulane prøver også å profilere seg med tunge linefag, som Taekwondo her i Surnadal.

Alle har same samfunnsoppdraget - løfte undom, gje dei tru på seg sjølv og på sin neste. Saman kan vi gjere Norge betre.

Nordmøre Folkehøgskule ville profilere seg som ein miljøskule alt for tre år sidan. Dei bestemte at dei skulle kutte ut reiser rundt i verda. Rektor var spent på korleis det ville verke på søknadane. Så kom koronaen! Da måtte alle redusere reisene.

Søkninga til skulen er normalt bra også i år. Om lag halvparten av plassane er fylte, men opptaket går heilt til skulestart, eller det er fullt. Skulen har 85 elevar denne vinteren.

Når det gjeld framtida for skulen, så er det fleire alternativ for nybygg som har vore drøfta i lag med ein arkitektstudent. Mest truleg blir det påbygg retning Sommerro.

Styret i Indre Nordmøre Senioruniversitet, f.v. Kjellaug Foseide, Marie Drøivoldsmo, Grethe Bøe Snoen, Rolf Arne Berg og Einar Oterholm (ledar).
Powered by Labrador CMS