Synnøve Hammervold (frå venstre), Zhala Aliyeva og Ebba Ringmar spela både «O tænk dig hin Skjærtorsdags Nat» og «Som den gylne sol» under Påskesongmessa i Åsskard. Altartavla illustrerer så å seie skjærtorsdagstonen etter Johan Aasgaard.

Tonar frå ei skattkiste

Publisert Sist oppdatert

Høgtid samlar oss om verdiar. Sosialt samver, bodskap og musikk prega årets Påskesongmesse i Åsskard.

Mange fann vegen og tok del. Sentrale tekster vart utdjupa i allsong og av kor og instrument.

Handel, Wennerberg, Mendelssohn og Elgar bidrog også, mellom anna ved kveldens musikktrio (obo, fiolin og cello). Opplevinga av temavandring fekk også næring (!) ved kveldsmatbordet i Kyrkjestua.

Avisa Driva og Trollheimsporten har hatt referat frå denne påskesamlinga i Åsskard. Når også eg bed om spalteplass, er det for å løfte fram to lokale salmetonar vi bruka (frå Stangvik og Halsa) og som endatil finst i salmeboka. Desse toneperlene og kjeldene bak dei fortener særleg omtale.

«O tænk dig hin Skjærtorsdags Nat»

«Norsk salmebok 2013» har 6 religøse folketonar frå Nordmøre (nr. 30, 190b, 247, 269, 468 og 568). Dei fire første av desse («Et lite barn så lystelig», «Som den gylne sol», «Tal vennlig til Jerusalem» og «Blant englers kor») er nedskrivne av organist Edvard Bræin (1887-1957).

«Tal vennlig» er mest kjend i Bræin sine arrangement som «Ak, mon min vei til Kanaan». Men vi veit at da Johan Arnt Aasgaard i 1928 song den for folketonesamlaren, var det med den opprinnelege teksten - «O tænk dig hin Skjærtorsdags Nat».

Med trioen Ebba Ringmar, Synnøve Hammervold og Zhala Aliyeva si framføring av skjærtorsdagstonen framfor altartavla vart mange kulturtrådar fletta saman. Tavla har same motiv (Jesus i Getsemane), og framfor dette biletet opplevde songkjelda Johan Aasgaard påskemysteriet i si barndoms kyrkje i unge år.

Breidablikk på Kvanne

Han var nemleg sønn av bygda sin lærar, kyrkjesongar og kulturelle altmulegmann Kristian Aasgaard (1839-1940). Johan hadde nok med seg denne melodien frå heimen i Belanausta da han seinare slo seg ned som handelsmann på Kvanne.

Bræin nemner spesielt Johan Aasgaard blant «gode kilder jeg har støtt på». Han skreiv ned fleire tonar under besøk hos Johan og kona, jordmor Ingeborg. Dei budde på Breidablikk, ei stue like ved Kvanne ferjekai i dag. Slik vart også «O tænk din hin Skjærtorsdags Nat» (Ak, mon min Vei) lokalisert til Stangvik.

Johan Aasgaard og kona Ingeborg med barneflokken attmed Breidablikk – truleg i 1907.
Breidablikk i dag. – Her vart skjærtorsdagstonen (no melodi nr. 247 i salmeboka) nedskriven, seier Bernt Bøe.

Tonen står aller fremst i samlinga «Folkemusikk fra Nordmøre» og opnar såleis skattkista av hundretals folketonar som samlaren Edvard Bræin sikra for ettertida. Om kvaliteten på melodien skriv han at «den ble av komponisten David Monrad Johansen satt i klasse med det ypperste vårt land eier på sitt område».

Ei særleg følsam stemning spreidde seg i kyrkja da dette tonesmykket vart spela på Påskesongmessa – der forsamlinga hadde altartavla med Getsemane-biletet som «scenedekorasjon».

Påskesola på Taknes

Med Henning Sommerro, Skruk og Vårsøg si salmeplate i 1978 slo Halsa-tonen «Som den gylne sol frembryter» igjennom med bravour. Den er seinare stadig sungen i påska landet rundt og har heilt naturleg fått sin plass i salmeboka.

På jakt etter opphavet til denne tonen kontakta eg Ola Bræin (sønn av Edvard). Han fortalte at den var nedskriven etter Johanne Taknes (1891-1977) frå Halsa og at ho hadde tonen etter morfaren Jakob Taknes (1817-1906).

Med ytterlegare hjelp av Anne Strand og dagens «sjølfolk» i Nistua på Taknes, Torgunn og Ola Henden, kan vi trekkje songkjelda Johanne Taknes fram att i lyset.

Johanne Taknes song sin Halsa-variant av «Som den gylne sol» for Edvard Bræin.
Nistu Taknes – gard med rike historiske tradisjonar.

«En grei og dyktig kvinne» - pluss litt til

Halsa Bygdebok (1955) fortel at Johanne var «kontordame, kassererske ved Tingvoll Ullvarefabrikk, en grei og dyktig kvinne, glad i sin heim- og fødebygd, og bl.a. meget interessert i bygdeboka». Etter 41 år ved ullvarefabrikken fekk ho endatil Kongens fortenestmedalje.

Ho hadde eit breitt interessefelt innan både litteratur, kultur, musikk og yrkesliv. Johanne kursa seg i kontorarbeid og var som 18-åring elev ved Hagebrukskulen på Staup i Levanger. Heime i Nistua bygde ho opp ein flott hage. Ei eik ho planta, ruver mektig i tunet den dag i dag.

Denne tun-eika planta Johanne i unge år, fortel Ola og Torgunn Henden til Bernt Bøe (t.h.).

Johanne song godt, deltok i kor på Tingvoll, kjøpte seg husorgel og spela på det. Truleg var det på Tingvoll ho fekk besøk av Bræin på hans folketonereiser. Og ho song altså for han Kingos store påskesalme «Som den gylne sol frembryter» - slik ho kunne den i tradisjon frå heimen på Taknes. På Bræins noteark står også morfaren Jakob oppført som «kilde».

Melodiforma som Bræin gav ut i «Folkemusikk frå Nordmøre» (190b i salmeboka), er litt annleis enn nedskrifta etter Johanne. Men det er likevel tydeleg at kjeldeutspringet var i Takneset.

Rik tradisjon lever vidare

Og der talar historia sterkt både utadørs og innomhus. Ola Henden fortel at det er gjort steinalderfunn som er 8.000-10.000 år gamle her. Tømmerveggene i Nistua er frå rundt år 1600. Så i desse husa har salmesongen, medrekna Kingos «Som den gylne sol», lange tradisjonar.

Når «den gylne sol» også i påska 2022 bokstavleg bryt fram mellom greinene i eika hennar Johanne, illustrerer det hundreårige tradisjonar.

«Den gylne sol» bryt gjennom eikegreinene hennar Johanne no som i alle år.

Forfattaren, salmepresten Thomas Kingo, hadde også tilknyting til Nordmøre – han var nemleg gift med prestedottera Cecilie Balchenborg frå Sunndalen!

«Som den gylne sol» er eit storslått uttrykk for både påskeunderet og for heile kristenlæra – aller tydelegast i eit meisterleg sluttvers med sitt symbolsterke 7-faldige «Takk»!

Da er det stort å tenkje at denne salmen i all framtid skal bruse under kyrkjekvelva landet rundt – med tone etter Jakob, Johanne og dei andre i Nistu Taknes! Den klang i alle fall både i Åsskard-kyrkja, i Stangvika og på Tjønnmyrane i Todalen i påska 2022!

Spekkhoggaren Keiko, filmhelten frå «Free Willy», gjorde «bortgjømte» Taknes til mediesentrum for snart 20 år sia. Med opphavspersonane Jakob, Johanne og tonen «Som den gylne sol» bør garden sin kulturstatus vera sikra i norsk salmehistorie for all framtid!

I god tid var forsamlinga på plass til årets Påskesongmesse i Åsskard.
Soknerådet spanderte kveldsmat etter Påskesongmessa.

Powered by Labrador CMS