Mangearta tradisjon:

Daverande Stangvik Jentekor med Lucia-opptrinn på aldersheimen der for mange år sia.

Lucia-dagen

13. desember er den årlege Lucia-dagen. Da blir ein gammal og innhaldsrik tradisjon gjort levande rundt i bygdene våre.

Publisert

Mange gode legender er oppdikta. Men om Sankta Lucia veit vi mykje som faktisk er sant! Ho levde på Sicilia rundt år 300, heldt fast på si «ulovlege» kristentru og vart difor pint og drepen berre 20 år gammal. Og tru det eller ei: Kroppen hennar er bevart – i den italienske byen Venezia!

Ikonmåleri av Lucia (ukjend kunstnar) og Lucia-symbol på ein gammal primstav.
Deler av kroppen til den historiske Lucia er bevart i Venezia. Ei sølvmaske dannar ansiktet i dag.

Feiring

Lucia vart tidleg helgenkåra, og feiring av henne starta i Italia på 500-talet. Til Skandinavia kom den for fullt først rundt 1900, etter at den svenske komponisten og kyrkjestatsråden Gunnar Wennerberg hadde «henta» tradisjonen heim til Sverige. Der har dei storarta feiring kvart år.

Lucia vart tidleg heilagkåra. Augo på fatet fortel om eit mirakel med synet hennar. Palmegreina symboliserer at ho vann over det vonde.
Komponist og kyrkjeminister Wennerberg vart begeistra for Lucia-feiringa i Italia og «innførte» den heime i Sverige.

Etter kvart vart dette populært også i Norge. No er det knapt ein skule eller barnehage som ikkje har Lucia-opptog den 13. desember, med lys og song – og gode, nybaka «lusekattar»!

Gode Lucia - og Løssi Langnatt

Namnet Lucia betyr «den lyse». Men i folketrua vart denne gode helgenen forveksla med forestillingane om ei mørk trollkvinne med namnet «Løssi». Bak denne samanblandinga spøkte vel også «Lucifer» - djevelen.

Rundt i bygdene heitte det at natt til 13. desember, «Løssi Langnatt», skjedde det mykje rart. Ei regle på Sæterbøen i Bøverdalen handla om utolmodige kyr som beit i bandet; dyra i fjøset bar seg og klaga over ei uhorveleg lang og tungsam natt.

13. desember var etter den julianske kalenderen (før 1700) nemleg datoen for solsnu – slik at Løssi-natta faktisk var den lengste i året. Dette er altså eldgammal tradisjon!

Jubileum for Lucia-tonen

Når ungane i dag går Lucia-tog og syng om henne, står igjen det lyse og gode i fokus. «Løssi» og vondskapen pregar ikkje feiringa.

Kanskje kjem det Lucia-tog i helga – slik som her i Bøfjorden for mange år sia?

Og akkurat i år kan vi jubilere for Lucia-songen: Melodien var laga av Teodoro Cottrau i 1850 og fyller altså 175 år! Svenske Arvid Rosén gav ut den svenske teksten «Natten går tunga fjät» i 1928. Den ligg også bak den som norske ungar syng – «Svart senker natten seg».

Vi tek godt imot Lucia-ungane når dei dukkar opp denne helga!

Powered by Labrador CMS