Flotte Svanhild på gamle trakter.

Flott dame på besøk

Publisert

Heilt uventa oppdaga vi at legendariske Svanhild låg ved Industrikaia i Surnadal måndag. Den sjansen måtte vi nytte!

Eit velvillig mannskap inviterte oss om bord. Lukt av tjøre og nysmurt treverk kalla fram mykje nostalgi i ein fartyinteressert bøfjording. Denne skuta har jo legendestatus – bygd på Nordvik i 1889 og forlengst restaurert tett innpå det byggmeister Jo Sjøtrø gjorde den gongen.

Rett nok har den opprinneleg jakta no galeasrigg, og mykje treverk er utskifta opp gjennom åra – slik dugnadsgjengen om bord fortel. Men skroget er slik det var – og no under Riksantikvarens hender blir ho ikkje unødig forandra. Dermed er «Svanhild» eit levande – og ikkje minst vakkert – stykke norsk kysthistorie!

Fag og anekdoter

Båten var innhyra av Klassekampen til eit politisk møte denne måndagskvelden, men vi rakk både å sjå oss rundt om bord og prate med nokre frå den entusiastisk dugnadsgjengen frå Svanhilds Venner som held ho flytande. Og det i dobbel forstand – økonomien er trong, og gjengen skulle absolutt ha vore større, forstod vi.

Randi Bøe (bak) fekk høre mykje om livet på seglskuta Av Jorunn Reisæter.

Samtalane våre ved ruffen gjekk begge vegar. Vi fekk høre om både dagleg drift, om veret over Stad og Hustadvika på turen hit og at dei nettopp hadde besøkt fødestaden på Nordvik, der ho vart til – i Kjerringvollhagen – for 133 år sia. Og vi serverte nokre anekdoter som enno verserer om denne skuta i historiemiljøet rundt Sjøbruksmuseet i Bøfjorden.

Som denne: Ein nybakt barnefar i Lofoten beundra denne skuta slik da han såg henne på ein slo-tur at nyfødde dottera utan diskusjon vart døypt Svanhild – etter skuta frå Nordvik!

Myndig skipper

Da eg fekk innta rormannens plass på akterskipet, kjente eg meg nokre minutt som Stor-Kristen Heggem og dei andre gamle skipperane. Og eg laut fortelje kva Stor-Kristen sa til lensmann Landmark i Aure, som ville om bord og halde kustus på mannskapet som var litt høgrøysta ein festkveld etter endt nordlandstur: - Det e det sommå for meg, om du er Landmark ell anna slags mark, hermer dei etter skipperen. – Hit om bord kjem du i alle fall ikkje! (Og lensmannen tusla vekk.)

Ei ære å få stå nokre minutt der Ola Drøpping og Stor-Kristen hadde plassen sin i baut og lens, tykte «skogsmatros» Bernt Bøe.
Mykje å halde styr på – sjølv i maksver.

Omkalfatring og krafttak

Uttrykket «å kalfatre» var ukjent for ei vi prata med. – Sprekker mellom dekksplankane seier vi berre at vi «tettar», sa ho – men lova å «omkalfatre» neste gong det vart lekkasje!

Jo Sjøtrø (Kvande) var byggmeister for Svanhild i 1889.

Og da oldebarnet etter første Svanhild-reder og skipper Ola Drøpping også kom om bord, vart han kjent med kva oldefaren sa den gongen dei berre var tre-saman om bord og skulle få opp storseglet: - Sa to krufsan eg har med meg, dem tek da ti med dem e god-te, dem. Men eg, eg lyt ta-ti tess det BLI, eg!

Vi ønskjer den vakre gamle dama med sine høge master og store segl: God tur vidare – i alle år!

Halvmodellen som Sjøtrø bruka under bygginga.
Powered by Labrador CMS