Stangvik Historielag

Dawson City
Gullbyen Dawson City skaut opp i villmarka, tusen beinharde kilometer frå nærmaste kyst. Hit strømma 40.000 lykkejegerar, men Fredrik Bruseth kom før dei alle.

Gullkveld: Amerikabrev

Postveiprosjektet Stangvik Grendalag m.flere inviterer til ein kveld med Amerikabrev

«Forrige høst fandt vi en creek som nu viser sig at være det rigeste guldfund i America.»

Brevet frå Fredrik Bruseth til foreldra sommaren 1897 er eit gledessjokk. Med eitt slag er han blitt mangemillionær. Foreldra er redda frå gjeld og skam.

Bilde av Fredrik Bruseth
«Gullkongen»: På ein og same dag, 19. juli 1898, leverte Fredrik Bruseth 118,6 kilo gull til oppkjøparar i San Francisco.

Brevet står å lese i boka Amerikabrev, der brev til og frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og fire søsken er samla. Alle drog dei til Amerika for å hjelpe foreldra økonomisk. Dei var «økonomiske flyktninger og lykkejegere», skriv Lars Ramsøy-Halle i forordet. Det er Lars som har samla breva frå medlemmer av sin eigen familie.

Boka Amerikabrev fortel ei fascinerande historie om jakt på velstand og lykke



I tida framover blir Amerikabrev presentert fleire stader. Først ute er naturleg nok Bondehuset i Stangvika, finansiert av «Gullkongen» sjølv for meir enn 100 år sia.

Torsdag 9. november fortel Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter om boka og viser bilde frå det utrulege gullrushet til Klondike. Tidlegare har dei to samarbeidd om musikalen Stjernestøv, inspirert av det same stoffet.

Boka Amerikabrev fortel ei fascinerande historie om jakt på velstand og lykke.
Boka Amerikabrev fortel ei fascinerande historie om jakt på velstand og lykke.

Lars Ramsøy-Halle trykte eit mindre opplag av Amerikabrev for tre år sia, først og fremst med tanke på slekt og venner. No har Blomsterhaug forlag gjort andre utgåve av boka tilgjengeleg for langt fleire lesarar. Det er Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» som er arrangør.

Powered by Labrador CMS