Midt i vegen fann Even denne mynten.

- Sjå kva e fainn

Gamle vegar kan framleis brukast, og er kanskje snarvegar. Når ein slik veg blir bruka til skuleveg, og gutane er nysgjerrige på fine steinar, så kan dei gjere spesielle funn.

Publisert Sist oppdatert
Her, iden bratte bakken opp Gammelbjergen mot kirka var det at Even fann den gamle mynten.
Even Langli Moe etter gammelvegen ved kirka,

Her om dagen nytta Even Langli Moe og Emil Børset Mogset vegen opp Gammelbjergen som skuleveg mellom Moan og Rindal sentrum. Gammelbjergen går opp frå Rinna til Rindalsplatået tett ved Rindal kirke.

Even er over middels nysgjerrig og samlar på mykje rart, mellom anna fine steinar. Midt i vegen oppdaga han ein merkeleg flat stein med grønskjær!

- Emil, ropa han, - Eg fann ein mynt!

For da han tok opp «steinen», såg han at det var ein gammal mynt. Turen heim til Moan gjekk fort denne dagen. Han måtte studere den rare mynten.

Det er vanskeleg å sjå kva som står på mynten, og enda vanskelegare å få det fram på bilde.

Mor Synnøve hjelpte til, og med studering av mynten frå alle vinklar i ulikt lys, og googling på internett, fann dei ut at det var ein dansk-norsk 1-skilling av koppar med kongeleg monogram på eine sida og årstallet 1771 på andre sida.

Andre sida av den gamle skillingen.

Mynten viste seg å ha liten økonomisk verdi, men Even, som kjøle snart er 13 år, tek sjølvsagt godt vare på den mesta 250 år gamle mynten. Den skal ikkje bli reinska eller pussa. Even har lese på internett at den helst bør vere slik han fann den.

Slik ser 1-skillingen ut frå begge sidene

Det viser seg at det vart laga svært store mengder av denne mynten. Den har også vorte kalla «brennevinsskillingen» fordi det vart laga mange av desse myntane av koppar frå omsmelta brennevinskjelar.

Les meir om «brennevinsskillingen» her, og sjå bilde her!

- Har du metallsøkar så du kan leite etter fleire myntar, spurte vi.

Even kunne fortelle at han hadde metallsøkar, og at han prøvde den ein gong på besøk på Bolsøya. Da fann han både eit spett og eit gammalt tønneband, «- og mykjy anna rammel,» la mor Synnøve til. Even bekrefta at det vil bli bruka metalldetektor i Gammelbjergen i tida framover.

Du kan lese meir om Gammelbjergen og gamle kongevegar og postvegar i Rindal her!

Powered by Labrador CMS