Enno levande:

Barnesyngende kor foran sittende publikum i et forsamlingslokale med dekkede bord.
Alltid livleg på kyndelsmessbasaren i Rindal Menighetshus – som her i 2019

Kyndelsmess 

Rindalingane har feira den i 130 år. Kvernes har teke opp att tradisjonen. Den 2. februar er det Kyndelsmess.

Publisert

Namnet kjem frå norrønt: «Kyndill» betydde vokslys – etter det latinske «candela» (candle på engelsk). Vi finn ordet att i «kandelaber» - lysestake.

Med kyrkjeleg bakgrunn lever denne lysfesten enno mange stader i landet. Kvernes og Rindalen markerer den på kvar sin måte.

Messe i stavkyrkja

Som historisk arena har Kvernes stavkyrkje dei siste åra teke opp att den gamle katolske tradisjonen med feiring. Måndag inviterer Fortidsminneforeininga til «Kyndelsmesse» med sokneprest Haugen og musikarane Lars Olav Leithaug og Tone Leithaug. Etterpå er det samling med bålkaffe og «heimbaka-kak» i gapahuken, der Stig Bodvar Øiestad underheld.

Forgylt middelalderaltertavle med to stående helgenfigurer som holder barn.
Altartavla i Kvernes stavkyrkje – med blant andre Maria og Jesusbarnet

Rindalen - over i 130 år

- Heilt frå 1800-talet har vi feira dagen med basar, seier misjonsfolket i Rindalen. I regi av NMS-foreininga blir det kyndelsmessbasar på menighetshuset 2. februar også i år. - Vi sel lodd og årer og oppfordrar folk til å ta med gevinstar. Song, opplesing og hyggesamver rundt borda med mat og kaffe står elles på programmet.

Jesus i tempelet

Men kvifor Kyndelsmess denne dagen? Forklaringa er lang og fargerik. 

Etter jødisk tradisjon skulle ei mor «reinsast» 40 dagar etter å ha fødd eit gutebarn (80 dagar viss barnet var ei jente). For Jesu mor Maria vart dette førtiande juledag - no 2. februar.

Ho og Josef tok med sin førstefødde til tempelet denne dagen. Der hadde gamle Simeon og Anna venta på Jesus-barnet, fortel Lukas-evangeliet og siterer Simeons Lovsong: «Herre, no let du tenaren din fara herifrå i fred. For augo mine har sett di frelse!»

«Mødres kirkegang»

Som med Maria var «mødres kirkegang» etter barnefødsel tradisjon også hos oss fram til slutten av 1800-talet. Eksempel: På første søndagsgudstenesta i nybygde Åsskard kyrkje 26. november 1876 vart barnemora Ane Isaksdotter «introduseret» etter fastsett liturgi som «indgangskone» samtidig som dottera Maret vart døypt.

Juleavslutning

Kyrkjeleg tradisjon med bakgrunn i Maria sine 40 dagar sa at jula varte til 2. februar. Kingos Salmebok føreskriv såleis at Julverset (Et lidet Barn saa lysteligt) skal syngast i gudstenesta fram til «Kyndelsmisse».

Eldre mann med langt skjegg holder et svøpt spedbarn i et mørkt rom.
Simeon og førti dagar gamle Jesus i tempelet.

Da var også julelysa oppbrukte, og folk støypte nye. Den katolske kyrkja vigsla dei nystøypte «kyndillane» nettopp på kyndelsmessedagen. Dei nye lysa skulle så gjera tenesta i kyrkja det komande året - til neste Kyndelsmess.

Lysgloben i våre kyrkjer er vel det næraste vi kjem denne tradisjonen. Men lysa der er ikkje vigsla – tvert imot kanskje halvbrente stubbar som blir oppattbruka.

Rund lysekrone av jern med tente stearinlys foran panelt vegg.
Lysgloben (her i Øye kyrkje) har element av kynnelstradisjonen – men utan vigsla lys

Mange Maria-dagar

2. februar er også kalla «Maria Renselsesdag» eller - ut frå Jesu tempelbesøk - «Herrens Framstilling» (Praesentatio Domini). Som ein av årets fire Maria-dagar (attåt Bodskapsdag 25. mars, Himmelfart 15. august og Fødselsdag 8. september) var dette kyrkjeleg høgtidsdag fram til 1771.

Fiske og krøtterfor

Mange tradisjonar er knytte til datoen. Da skulle romsdalingane starte vinterfisket etter torsk, og da (om ikkje før) skulle juletreet ut. Da var halve vinteren gått, og bonden måtte enno ha nok krøtterfor att. Tenestefolket skulle gjerne ha fridag. Og som sagt: Da skulle neste års kyrkjelys vera støypte.

Dikt og kyrkjemusikk

Diktaren Hans Børli har kalla ei heil diktsamling for «Kyndelsmesse». Men sjøl i diktet med same namnet nemner han ikkje kyrkjelysa. Derimot anar han «våren som en usigelig sakte tone i skumringslyset» og skildrar at svarttrosten «sitter inne mellom greinene på en rimgrå busk og fløyter mjukt».

Det hører også med at Johann Sebastian Bach har skrive tre kyrkjekantater for «Mariae Reinigung» - der han gir tone til både Simeons avskjed og vår glede over Jesus-barnet i tempelet.

Deler av ein rik tradisjon er altså i bruk i Kvernes og Rindalen denne måndagen.

Powered by Labrador CMS