Einingsleiar teknisk drift, Olav Rønning, orienterte kommunestyret om at omsorgsbustadane på Bårdshaugen er i rute - både med tanke på framdrift og økonomi.

Omsorgsbustader i rute - klare for opning i november

Og så langt ligg prosjektet og an til å koste 1,4 millionar kroner mindre enn venta.

Publisert Sist oppdatert

Under kommunestyremøtet i Surnadal torsdag, orienterte Olav Rønning, einingsleiar teknisk drift i Surnadal kommune, om byggeprosjektet Bårdshaugen omsorgsboliger.

Før orienteringa bekrefta Rønning til Trollheimsporten at prosjektet er i rute, og at dei ikkje har møtt på store utfordringar undervegs i prosessen:

– Noko småtteri vil det alltid vere, men prosjektet er i rute for innflytting i november, som planlagt.

Prosjektet på Bårdshaugen har ei total investeringsramme på 42 millionar kroner, og skisseprosjektet ved Arkitekt Georg Øye vart klart sommaren/hausten 2019.

Den gongen var oppdraget 14 bustader, men fasiten viser at det blir 17 - ein ekstra i første etasje og to ekstra i andre etasje.

– Grunnen er at Helse-eininga ønska eit bufellesskap for fem i første etasje, i tillegg til to planlagte leilegheiter. Då vart arealet for stort for å ha berre sju leilegheiter i andre etasje, og difor vart det utvida til ni der.

Slik skal omsorgsbustadane på Bårdshaugen og området rundt sjå ut når prosjektet er ferdig.

Utvidinga, og tilpassingane av arealet, gjorde at det og vart plass til ei tredje leilegheit i tillegg til bufellesskapet i første etasje, og dermed totalt 17 bustader i staden for 14.

God kontroll på økonomien

Det var VIBO Entreprenør AS, som no er fusjonert med Børset & Bjerkset Entreprenør, som vann anbodskonkurransen, med eit anbod på 36 162 500 kroner. Byggetillating vart gjeve 2. november 2020, og ferdigstilling var planlagt i november i år.

– Eg snakka med entreprenøren seinast i dag, og dei er i rute. Det er klart til innflytting i november i år, seier Olav Rønning.

Han fortel at plan- og byggjenemnda undervegs har gjort tilval og endringar for i overkant av 1,9 millionar kroner.

– Det har dukka opp enkelte ting under prosessen, som vi såg vi måtte ta med. Det største tillegget er at det vart valt Bano baderomsinnredning, som er veldig funksjonelt i slike bustader, seier Rønning, og legg til:

– Bano-innredninga gjer at folk i større grad kan klare seg sjølv enn med andre løysingar, og det er tilpassa eldre og folk med bevegelsesutfordringar.

I og med at tomta til omsorgsbustadane ligg sentralt på Bårdshaugen, låg det både fjernvarme, fiber, strøm og vassledningar, som måtte flyttast. Dei totale tomtekostnadane, som mellom anna omfattar dei nemnde tinga, har så langt vore på i overkant av 700 000 kroner.

Ein snau halvmillion har så langt gått med til uforutsette kostnader, og størsteparten av dette er knytt til at ein fann eit område med matjord midt i tomta, som ikkje vart oppdaga under geologisk testing.

– Det er truleg snakk om ei gammal fylling eller liknande, så vi måtte flytte matjorda og fylle i. Det kosta nesten 300 000 kroner, fortel Rønning.

Han slår fast at ein per i dag har i underkant av 1,4 millionar til gode samanlikna med den tildelte ramma på 42 millionar kroner.

– Kjem vi i land med det er det vel ikkje så verst, dersom vi får tre leilegheiter «gratis» - 17 i staden for 14, smilar Rønning, som fortel at bygget no er komme opp.

– Det skal vere tett bygg til påske, fekk eg beskjed om i dag, seier han.

Slik ser omsorgsbustadane på Bårdshaugen ut no.

– Skulle ønske at ein var eldre

Rønning fortalte kommunestyret at det og er planlagt ute- og leikeareal.

– Det er slik at det skal vere slike uteareal i alle bustadområder, uavhengig av alderssamansetninga blant dei som bur der. Folk som bur i omsorgsbustadane vil få besøk i alle aldrar, som vil ha nytte av eit slike område, seier han.

Lars Inge Kvande (Sp) let seg imponere av prosjektet.

– Nå er ein høyrer dette, er det nesten så ein skulle ønske at ein var eldre, smilte han, før han spurte om det ved behov vil vere mogleg å byggje på fleire etasjane.

– Det er ikkje planlagt slik at ein kan byggje oppå, nei, svarte Rønning.

MDG-representant Eli Vullum Kvande slo fast at prosjektet ser kjempefint ut, og roste spesielt den tilpassa baderomsinnreiinga og leikearealet ute.

Ho stilte samtidig spørsmål om korleis eit tidlegare kommunestyrevedtak, der det samrøystes vart vedteke at kommunen skal byggje så miljøvenleg og energieffektivt som mogleg, vert oppfølgd i praksis.

– Det er bygd etter gjeldande forskrift, TEK17, men ein veit at det går an å gjere mykje meir ut av nye bygg i dag. Det er heller ikkje stilt krav til miljøsertifisering når det gjeld materiale, som til dømes rør. Så vedtaket i kommunestyret er ikkje følgd opp, slik eg ser det, sa Vullum Kvande.

Ho ville ha svar på kva kommuneadministrasjonen tenkjer vidare, med tanke på å få stilt høgare miljøkrav i framtida.

– Vi hadde ein runde i plan- og byggenemnda, og landa på at vi byggjer i tråd med krava. Det som er bra i prosjektet, er at det er valt lokale leverandørar - det har og sin verdi. Når det er sagt, vil vi sjå annleis på det med innkjøp. Det vil vi gjennomgå, og ha eit større fokus på framover, svarte Olav Rønning.

Ragnar Halle (Sp) gjekk på talarstolen og tok opp Royal-kledning, som han meinte bør brukast på omsorgsbustadane.

– Det har vore litt styr rundt Royal-kledning, og vi veit at kommunen har måtta bruka noko anna på nyskulen. No når vi fekk dei svara vi fekk i går, der det viser seg at tre brenn like godt om det er olja, beisa eller måla, håpar eg vi kan bruke Royal-kledning på omsorgsbustadane. Det er lokalt, og etter at det har vore nokre flausar, med rør og liknande, må vi ta til vettet no.

Tomta før...
...og no.

– Vi skulle bygd ein omsorgsbustad til

Ingebrigt Moen (Sp) er leiar av plan- og byggjenemnda for omsorgsbustad-prosjektet. Han fortalte kommunestyret at nemnda har vore spesielt opptekne av å halde seg innanfor den økonomiske ramma, i tillegg til det å jobbe hardt for å skape framdrift i prosjektet.

Moen peika på at gunstige finansieringsordningar gjer dette til eit godt prosjekt.

– Vi får att momsen, så då er vi nede frå 42 til 33-34 millionar kroner. Av det får vi 45 prosent tilskott, då er det 18-19 millionar kroner att, som kommunen må investere via låneopptak. I og med at dette ikkje er ein institusjon, men leilegheiter der dei som bur der skal betale leige, er prosjektet bortimot sjølvfinansiert, i mitt hovud, sa han, og fortsette resonnementet:

– Eg vil og tru at dette vil føre til sparing for heimesjukepleia, for her blir 17 personar samla – i staden for at dei er spreidd rundt omkring i kommunen. Så vi i komiteen er veldig godt fornøgde med at vi har fått til eit fint og funksjonelt bygg.

Plan- og byggjenemnd-leiar Moen argumenterte for at ein difor bør vurdere å byggje ein ny, lik omsorgsbustad.

– Vi skulle bygd ein slik omsorgsbustad til, sidan det er så gunstige ordningar for finansiering. Planane og teikningane ligg der, og det er få bygg kommunen byggjer, som er så sjølvfinansierande.

Powered by Labrador CMS