F.v.: Marianne Hansen Røv, Heidi Elnes Fiske, Linn Wærdahl-Schei Hamnes, Berit Moan Møkkeglård, Marit Solem Meisingset og Kristin Børset. Wenche Evensen Berg er og med i det nye Ungdomsteamet, men var ikkje på pressetreffet torsdag.

Lanserer Ungdomsteamet med støtte frå minnefond

På eit pressetreff torsdag morgon vart Ungdomsteamet i Surnadal kommune lansert. Ungdomsteamet er eit konkretisert og meir tydeleg profilert samarbeid innan helse og familie-eininga i kommunen, og består av tilsette med ulike kompetanseområde.

Publisert Sist oppdatert

Til saman dekkjer medlemmane i Ungdomsteamet alle ungdommar i alderen frå mellomtrinnet på barneskulen til og med ut vidaregåande skule. Det består av førebyggingsrådgjevar Marit Solem Meisingset, ungdomskontakt Kristin Børset, helsesjukepleiarane Heidi Elnes Fiske, Marianne Hansen Røv og Berit Moan Møkkelgård, samt Wenche Evensen Berg, som i tillegg til å vere jordmor og har helsestasjon for ungdom.

– Vi har hatt eit internt samarbeid lenge, utan å kalle oss noko, men hadde lyst til å definere det meir. Så kom henvendinga frå Linn, som gjorde at det vart litt fart i sakene, og meir konkret, seier Meisingset.

Henvendinga ho snakkar om, kom frå Linn Wærdahl-Schei Hamnes, på vegne av Tomas Schei's Minnefond. Tomas, bror til Linn, tok livet sitt i 1999, berre 19 år gammal.

Då oppretta familien eit minnefond, der det kom inn over 60 000 kroner. Midlane skal delast ut til ungdom i bygda, og Wærdahl-Schei Hamnes fortel at familien har vore spesielt opptekne av å støtte tiltak retta mot gutar.

Dei siste åra har fondet vore noko mindre aktivt, men Tomas Schei's Minnefond var med og støtta då sanitetsforeningane i Surnadal arrangerte foredrag med Helsesista i 2018.

– Helsesista er utruleg flink, og det var eit fint drypp, men vi treng tilbod som dette jamt i kvardagen, seier Linn Wærdahl-Schei Hamnes.

– Ja, det må jobbast varig og med kontinuitet, seier Meisingset.

Heidi Elnes Fiske (f.v.), Marit Solem Meisingset, Kristin Børset og Marianne Hansen Røv.

Meir synleg lågterskeltilbod

Då Linn var til stades under ein presentasjon helsesjukepleiar Berit Moan Møkkelgård heldt på Surnadal vidaregåande skole, kjente ho at det Møkkelgård då snakka om, var eit tilbod som må meir fram i lyset.

– Eg kjente at eg vart så glad for at vi har dykk, seier Linn til medlemmane av Ungdomsteamet, og fortsett:

– Det er ein slik tryggleik at vi har dykk, som er så dyktige og har så stor kompetanse, og like viktig: de har hjartet på rette plassen. Då Berit presenterte kva de jobbar med, var det tydeleg at de er glade i- og bryr dykk om ungdommane de jobbar med. Som forelder betyr det veldig mykje å vite at vi har dykk for ungdommane våre her i Surnadal.

Wærdahl-Schei Hamnes tok difor til å tenke på om det var noko ho og fondet kunne gjere for å få tilbodet fram i lyset, og tok kontakt med Marit Solem Meisingset. Saman drodla dei litt om kva dei kunne få til ilag.

– Det vi landa på, som eg brenn for, er at det skal vere lågterskel. I tillegg ville vi at tilbodet skal verte meir synleg, seier Linn.

Som marknadssjef i Alti Forvaltning har ho kompetanse innan marknadsføring og merkevarebygging.

– For å gjere ei lang historie kort, var mitt forslag at vi laga eitt felles namn for alle saman, slik at det vert lettare å kommunisere ut både til ungdommane, skulane og foreldra. På den måten får folk sjå kven denne fantastiske gjengen er.

Med støtte frå Tomas Schei's Minnefond er det no trykt opp både informasjonsfoldarar og Ungdomsteam-jakkar. Begge deler er pryda av den flunkande nye Ungdomsteamet-logoen, som Wærdahl-Schei Hamnes har laga.

– Med jakkene kjenner ungdommane att Ungdomsteamet, og logoen er og tenkt bruka i sosiale medier, som Facebook og Instagram.

I informasjonsfoldaren vert Ungdomsteamet presentert, og medlemmane har og laga ei stikkordsky med ei rekkje tema det kan vere naturleg å prate med Ungdomsteamet om.

– Det skal gjere at det blir enkelt for ungdommane å forstå kva ein kan prate med Ungdomsteamet om. Og det er det som er så fint; at ein kan komme og prate med dei om alt, det er eit lågterskeltilbod.

Det var god stemning då Ungdomsteamet stolt kunne vise fram dei nye jakkene sine, med flunkande ny Ungdomsteamet-logo på.

Vil ha prosjektstillingar permanente

Linn Wærdahl-Schei Hamnes er og oppteken av at denne tydelege profileringa av Ungdomsteamet skal bidra til at viktigheita av dei blir endå meir synleg og opp mot lokalpolitikarane.

– Det kan ikkje vere slik at ein skal måtte søke om desse stillingane heile tida, dei må vere permanente. Dei skulle vore dobbelt så mange, for det å leve er ikkje eit fag ein kan lære seg på skulen. Dette må vi få lov til å ha i bygda vår, for ungdommane si skuld, seier ho.

Stillinga til Kristin Børset, som ungdomskontakt, er ei av stillingane som ikkje er verken fast eller lovpålagt. Det er ei treårig prosjektstilling, der prosjektperioden går ut i haust.

– Ja, vi er i den situasjonen at både stillinga til Kristin og halvvegs ei helsesjukepleiarstilling er av typen ein må søkje på nytt om. Vi ønskjer sjølvsagt at desse stillingane skal bli faste. Vi er mykje brukt, så det er ingen tvil om at behovet er der, seier Marit Solem Meisingset.

Wærdahl-Schei Hamnes fortel at ho veldig gjerne skulle gjort endå meir for Ungdomsteamet.

– Men det å gjere teamet og den viktige jobben dei gjer meir synleg er i alle fall ein start.

Meisingset fortel at timingen på henvendinga frå Linn og minnefondet knapt kunne vore betre.

– Det var så godt tima, for vi hadde snakka ein del om gutar og psykisk helse. Vi har spurt gutar, kva dei treng, kva som skal til for at vi blir meir synleg for dei. Svaret vi får er at vi må komme rundt i klassane og fortelje kva dei kan bruke oss til. Med dei nye informasjonsfoldarane har vi noko å dele ut, seier ho.

Stor verdi i god oppfølging

Førebyggingsrådgjevaren fortel at Ungdomsteamet planlegg å informere klassar, spesielt ved Surnadal vidaregåande skole, til hausten.

– Då eg starta som ungdomskontakt trudde eg at flest jenter skulle stikke innom, men eg har hatt mange gutar innom, seier ungdomskontakt Kristin Børset.

– Det som har vore ekstra artig er at ein del gutar, når dei er innom, kan seie at «Eg har ein kompis som og skulle snakka med deg», og det er tydeleg at dei snakkar saman om dette før og etter besøka hos oss. Det er nytt, og veldig fint, seier Berit Moan Møkkelgård.

– Ja, det varmar godt i hjartet når det er så tydeleg at ein verkeleg har treft den ein har snakka med, seier Meisingset.

Og treff med hjelpa si, det gjer medlemmane i Ungdomsteamet ofte. Dei fortel at dei får mange gode tilbakemeldingar frå ungdommane. Det kan gå på alt frå at ein har redda liv til at ungdommar, som tidlegare har hatt behov for jamnleg oppfølgjing, tek kontakt for å takke for støtta dei fekk – fleire år seinare.

Hjelp og støtte frå Ungdomsteamet er eit tilbod det ikkje er lett å måle ved hjelp av statistikk eller liknande. At verdien av god oppfølging av personar som bryr seg er stor, er det likevel liten tvil om.

– Det blir gjort ein så god jobb her, at den må gjerast synleg. Dette er fantastiske folk, som bryr seg om- og hjelper ungdommane våre, seier Linn Wærdahl-Schei Hamnes.

Ungdomsteamet i Surnadal kommune saman med Linn Wærdahl-Schei Hamnes frå Tomas Scheis minnefond. F.v. Marianne Hansen Røv, Berit Moan Møkkelgård, Linn Wærdahl-Schei Hamnes, Marit Solem Meisingset, Heidi Elnes Fiske og Kristin Børset.

Oppmodar folk til å ta kontakt

Og bryr seg, det gjer Ungdomsteamet.

– Går ein ikkje gjennom hjartet, varer ein ikkje lenge i jobben. Vi må og passe på hjarta våre, men det har vi kvarandre og teamet til, seier Meisingset.

Ungdomsteamet er ein del av ei tverrfagleg gruppe i Surnadal, sett saman av representantar frå politiet, barnevernet, skular og helse og familie-eininga i kommunen. Der jobbar dei opp mot ungdommar med særskilt stort behov for oppfølgjing.

Og jobben verkar; lista dei starta med er no meir enn halvert, fortel medlemmane av Ungdomsteamet.

– Det er vel det næraste vi kjem noko målbart i jobben vår, seier Marit Solem Meisingset, som understrekar at det i ein slik jobb sjølvsagt ikkje berre er solskinshistorier.

Ho og resten av Ungdomsteamet er glade for samarbeidet med Linn Wærdahl-Schei Hamnes og Tomas Schei's Minnefond.

– Det er godt å vise at vi står saman, og det får vi gjort gjennom dette samarbeidet og den nye konkretiseringa, seier Berit Moan Møkkelgård.

Helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske oppmodar ungdommar til å ta kontakt, anten direkte med ein av medlemmane i Ungdomsteamet eller med andre dei stolar på.

– Det kan vere med lærarar, foreldre eller andre. Ein kan og ta kontakt dersom ein ser andre, som går under radaren, men som kan trenge hjelp.

Powered by Labrador CMS