Herleg hyllest til Hans

Henning Sommerro er for tida aktuell med framsyning basert på Hans Hyldbakk sitt liv og dikting. Etter fem forestillingar i Molde er det Surnadal sin tur.

Publisert
Sara Fellman, Julie Støp Husby og John Pål Inderberg

Hennings sitt handplukka ensemble består av John Pål Inderberg, mangeårig makker. Han skulle det vel ikkje vere nødvendig å presentere for Surndalingane, fast innslag i Kleivakveldane som han er. Elles har dei med seg Sara Fellman og Julie Støp Husby, begge knytt til Teatret Vårt i Molde. Sistnemde har òg aner frå Nordmøre, då ho er dotter til pianisten Per Husby frå Øsendalen.

Stort spekter

Saman skapar dei ei tankevekkjande, rørande, stemningsfull og humoristisk framsyning basert på Hans Hyldbakk sine tankar og tekstar. Her møter vi eit persongalleri som strekkjer seg frå Knut Hamsun, via arrongante tyske soldatar til Polla Pe og Ola Mela.

Spekteret er altså stort. Hyldbakk hadde tankar om storpolitikk, så vel som daglege hendingar i ei lita bygd på Nordmøre. Eit av temaene går igjen hos Hyldbakk er den lille mannen mot dei store og mektige. Det vere seg storkarar i styre og stell på lokalt plan eller korleis storpolitikken påverkar den beskjedne mann og kvinne i ei lita bygd i pereferien i lille Noreg.

Framsyinga var krydra med lydbandopptak av diktaren sjølv der han les frå dikta sine, og reflekrerer rundt tankar han har om ulike tema. Å høyre Vårsøg frå diktarens eigen munn, er ei spesiell og rørande oppleving.

Vi får sjå utøvarane boltre segi både stemningsfulle og humoristiske nummer. Inderberg deltek med musikk og diverse lydar på blåseinstrument. Han finn og plass til eit dikt, der mange lokale heltar har bidratt med vers, ifølge opplesaren, som resiterer i kjent stil, munnrapp men med noko manglande diksjon.

Stemningsfullt

Anekdoter

Henning "pukterer" (eige utsagn) framsyninga med nokre ord om Hans Hyldbakk. Han er den eiaste av deltakarene som kjente Hans personleg, og deler anekdoter og tankar om sitt eige forhold til diktaren.

Vi får høyre om då diktaren skulla ta imot Fylkesmannen sin kulturpris, og vennsakpet med Arild Hamsun. Faren Knut sjøl vitja og bygda ved ei anledning.

E slåttatæja. Sara Fellman og Julie Støp Husby

Hans Hyldbakk var medlem i Den Norske Forfattarforening ei stund, men medlemskapet vart brått avslutta ved hans død i 1947. Rykta om dødsfallet viste seg å vere sterkt overdrivne, då bygdabokforfattaren, bokselgaren, kronikkforfattaten, filosofen og diktaren venta til han vart 103 år før han døyde i 2001.

Eit langt liv blir skildra i framsyninga. Livet til ein mann Henning Sommerro karakteriserer som "ein verdensborgar som aldri forlot Noreg".

Framsyninga blir og vist søndag 18. 10. kl 18.

Powered by Labrador CMS