Aktive konfirmantar: Bibel og kyrkjeliv
Dei unge er framtida – for kyrkja som for samfunnet elles. Konfirmantane har sin høgsesong i vekene som kjem.
Og her går læring og kreativitet hand i hand. I tillegg til undervisning (lovfesta dåpsopplæring) kjem aktiv gudstenestedeltaking, diakonioppdrag og ymse fellessamlingar.
Laurdag 20. januar har konfirmantar frå heile indre Nordmøre samling i Straumsnes. 19. mars er dei hovudaktørar i den landsomfattande Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp.
Unge liturgar i praktisk teneste
«Prestetimane» står sentralt. I gudstenestene er innlagt oppgåver i tråd med eigne ønske – klokkeringing, vertskap, prosesjon, dåpsassistanse, lesing, lystenning og ulike symbolmarkeringar. Dei unge får mykje ros hos kyrkjebesøkande for dette. Nettopp slik aktivitet er definisjonen på «liturgi».
Tema Bibelen
Tysdag stod «Bibelen» på dagsorden for gruppa i Stangvik, Todalen og Åsskard – som har felles opplegg også denne vinteren. Prest Torbjørn Brøske opna «bøkenes bok» for 14-åringane – heilt bokstaveleg.
Dei unge kunne nok ein del frå før. Ja - ein av gutane visste endatil kva ein «tora-rull» var! Dermed fekk bibellærar Brøske ånda over seg: - Toraen er dei fem Mosebøkene i starten av Det gamle testamentet, forklarte han - etter muntre forslag i gruppa om at det handla om «ver og toreslått».
Jesus pugga salmar!
Gammeltestamentet var skrive på hebraisk. Torbjørn synte ein tillaga skriftrull med bokstavar frå høgre mot venstre. – Slik var ein historisk pergamentrull, sa han. - Pergament er tynt dyreskinn. Enda eldre er «papyrus», tverrpressa flak av papyrus-stilkar, som har gjeve namn til vårt «papir».
Med seg hadde han sin eigen velbruka hebraiske bibel frå studieåra midt på 1960-talet. (Men han fortalte ikkje konfirmantane at han som teologistudent lærte seg mykje av dette på eiga hand. Heller ikkje, det somme av oss andre veit, at han under eksamen imponerte professorane med resultata av sjølvstudiet i hebraisk!)
Derimot gav han levande innblikk i «Davidssalmane» - boka som Jesus også song og pugga salmar frå. Og som Torbjørn gjerne nemner i preikene sine: - Jesus siterte ofte frå salmeboka, endatil da han hang på korset!
Jesu liv i Nytestamentet
Den korte søkta i Todalskyrkja denne tysdagen var også ein tur innom Det nye testamentet – opprinneleg på gresk. Rundt borda vart det notert mange fakta – mellom anna om Bibelens land, som i dag er å rekne som krigssone.
Enkle kartskisser viste åstadene for mange hendingar i Jesu liv – Genesaretsjøen, Jordan og Dødehavet langt under Middelhavets nivå. - Begrepet «opp til Jerusalem» stemmer altså på mange vis. Og Betlehem, berre 10 km unna, er i praksis ein del av Jerusalem i dag, forklarte Torbjørn.
Paulus før evangelia
At Paulus-breva i Bibelen er eldre enn dei fire evangelia, var nytt for mange. Paulus levde til år 67. Evangelia etter Markus (eldst), Matteus, Lukas og Johannes kom til i åra 66-110.
Bestseljaren
Kanskje veit heller ikkje alle at Bibelen er bestseljaren av alle bøker i verda. Med sine nesten 2000 språk den mest omsett og bruka av alle bøker! (Og den boka som oftast blir stolen, kan vi føye til ...)
Med mykje ny og bekrefta bibelkunnskap takka konfirmantane for pølser, brød og lærdom da dei strauk heim etter «prestetimen» i Todalen.
Kyrkjetonar og salmesus
Neste gong, i Åsskard, er temaet kyrkjetonar – med innlagt lekseprøve om nettopp Bibelen!
I tida som kjem, er det som nemnt mykje å vera med på. Deriblant ein kveld med «Salmesus» i Stangvik kyrkje 6. mars. Den er open for alle, salmeboka er tema og songkor hjelper til med å skape den fulltonande susen.