Adventsøndag med dåp og 4-årsbok

I Rindalskjerka vart det nye kyrkjeåret opna med dåpsgudsteneste og utdeling av 4-årsbok til dei som var døpte for 4 år sidan.

Publisert
Alfred Solem med foreldre og fadderar
Alfred Solem med foreldre og fadderar

Preiketeksta var frå Matteus 21, 1-11:

1 Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg 2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. 3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.» 4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten: 5 Sei til dotter Sion: Sjå, kongen din kjem til deg, audmjuk er han og rid på eit esel og på folen til eit trekkdyr.6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. 7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. 8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. 9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Mathias Gullikstad Lo var ein av 4-åringane som fekk ny bok
Mathias Gullikstad Lo var ein av 4-åringane som fekk ny bok
Og etterpå var det skuffkake, kirkesaft og kirkekaffe for Ludvik og alle andre!
Og etterpå var det skuffkake, kirkesaft og kirkekaffe for Ludvik og alle andre!
Powered by Labrador CMS