Lene Gåsvatn, Lene prest, Lene Gåsvatn jul (bilde tatt ved en tidligere anledning)

Preika i kapellet joledag

Lene Gåsvatn har sendt oss sin preken fra 1. juledag i Rindal Kirke.

Mysteriet i inkarnasjonen.

Korleis kan Gud og menneske møtast i ei eining? Eller himmel og jord? Dette me ikkje forstår, dette som kallast inkarnasjon, er det me feirar med jolehelga. Evangelisten Johannes fortel om det på sin spesielle måte, og ordlegg seg med å skrive om Ordet. Me ser verknaden av Ordet, me ser skaparkrafta – og vil eg håpe: Me kjenner lyset og varmen.

Øvre Rindal kapell, Joledag -23

Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
Han var i opphavet hos Gud.

Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til. 

Det som vart til i han, var liv,
og livet var lyset for menneska. 

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.

Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. 

Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda. 

Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans. 

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.

Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Korleis tale etter at Johannes har tagna? Han har sett og forstått, han trur og han transformerer, han målar og han broderer, spenner himmelen opp over oss og fortel oss at lyset me treng, det finst.

Johannes har nok tagna, men Ordet som var i opphavet, det stilnar aldri. Stadig er det ein ande som forsyner det med luft og energi, stadig er det bruk for det og stadig blir det bruka. Det er som energien i vind og bylgjer: Like fornybar som den er evig – i alle fall så langt me evnar å sjå det.

Ordet var i opphavet. Alt er skapt ved han. Han var Gud og han er Gud. Dette Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss.

Dette Ordet me kan sjå slik det strålar imot oss, fullt av nåde og sanning.

Lyset som me treng, det finst. Like eins er det med nåden og sanninga: Nåden som me treng, den finst. Og sanninga som me treng, den finst også.

Kva skal me med lys? Med nåde? Og med sanning? Og blir desse størrelsane mindre av vår uforstand eller av vår skepsis?

Nei. Forstår me ikkje at me treng alt Gud har å gje oss, så er Gud fortsatt på tilbudssida. Gud tek ikkje livet tilbake frå oss om me nektar å tru at han står bak kvart einaste hjarteslag. Gud tek ikkje bort evna me fekk til å elske om me vel å byte bort kjærleik med likesele.

Gud let ingen i stikken. Og me treng heller ikkje å prestere eller prøve å møte han på halvvegen for å gjera oss fortent til hans godheit, kjærleik og nåde. All Guds gode gåve er Guds gode gåve, hundre prosent.

Ikkje noko anna syner oss ein Gud på tilbudssida som inkarnasjonen gjer det. Inkarnasjon, at Gud kjem til oss både på inn- og utsida av eit menneske, eit menneske som oss, i høgste grad eit medmenneske.

Det som vart til i han, var liv. Og livet var ljoset for menneska. Altså er hans liv vårt ljos, vårt ljos som ikkje det svartaste mørkret skal kunne overvinne.

Me kan vera flinke til mangt, også destruktivitet. Dess lengre eg lever, dess meir ser eg av min eigen uforstand og dumskap, mine eigne grenser og begrensningar. Og Gud vere takk for at det er slik at dess lengre eg lever, dess meir ser eg også at eg treng nåde. Eg treng det himmelske lyset retta mot meg, eg treng at nokon syner meg sanninga, eg treng nåde og forteljinga om havet av gløymsle.

Og dette vart det råd for i jula. Ikkje som eit spleiselag mellom menneske og Gud, men med ein Gud som tek heile rekninga og kvitterer ut med lidling, død og undergang.

Det er dette Johannes kallar for herlegdom.

Det er ikkje mykje herlegdom med sår og blod, liding og død.

Det er berre bitter smerte og liding som me ikkje tåler å ta inn over oss. Så lite delikat. Så lite lekkert. Så brutalt. Så rått. Så umenneskeleg.

Slik me ser det.

Slik Johannes ser det, er dette herlegdom. Fordi målet var oss. Målet var at alle som tok imot han, dei skulle få rett til å vera Guds born.

Me gløymer det aldri, men gøymer det i hjarta som Jesu mor gjorde det: Rett til å vera Guds born. Så får slarvkarane og bygdedyret og endå til dei mest destruktive tankane me bèr i hjarta seie akkurat kva dei vil, dei har faktisk ikkje noko med det.

For vil Gud gje oss rett til å bli Guds born, så er det hans anliggende. Då er det slik det er.

Så får Gud ha takk for at han vart menneske. For at han ville vera lys og nåde, sanning og faktisk den som gjev oss vår viktigaste og mest skjelsetjande fødsel. Fordi han sjølv vart født.

Forstå det den som kan. Men uansett så skadar det ikkje å takke.

Powered by Labrador CMS