Rindal kyrkje:

Lene Gåsvatn (bilde tatt ved en tidligere anledning)

Å leike gjemsel

Publisert Sist oppdatert

Lene Gåsvatn er sokneprest i Rindal kirke og har sendt inn prekenen sin fra denne søndagen, og nederst er det bilder fra dagens barnedåp:

Det å leike gjemsel er både moro og spanande når me er små. Men kva med å leike gjemsel og gøyme seg for Jesus når han leitar etter oss? Dette var noko av tema i preika i Rindalskyrkja sundag. Kanskje litt barnsleg, som det helst skal vera når me feirar dåp og ventar mange born.

Preike i Rindal kyrkje 16. juli -23. Lukas 15,1-10.
Alle tollarane og syndarane heldt seg nær ved Jesus og høyrde på han. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg imellom: «Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei.» Då fortalde han dei denne likninga:
Sauen som vart attfunnen
«Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’ Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending. Sølvpengen som vart attfunnen Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han? Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’ På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»

Eg var heldig og vaks opp med mange syskjenborn relativt nære oss. Fire syskjenborn i same bygda og fire til i nabobygda. Familieselskap var prima, og me leikte mykje. Eg var nest yngst i flokken, og syns det var spanande å leike med alle desse som var store. Spesielt gjemsel. Det var så spanande!

Ein gong var det kusina mi, ei som var fem år eldre enn meg, som så vidt berga inni kottet bak mor og far si seng. Ho rakk berre så vidt å få dekt baken med eit klesplagg så ho ikkje vart oppdaga. Eg beundra henne stort for at ho klarte å gøyme seg så godt og ungå å bli funnen.

Mange syns det kan vera spanande å leike gjemsel med Jesus også. Jesus står og teller til hundre, og me gøymer oss liksom.

Me har høyrt noko om at han leiter etter oss til han finn oss. Men så trur me at det er kjedeleg å bli funnen, at me blir fanga på ein måte. At me mister friheita vår.

Men så er det motsett: Når Jesus finn oss, så gjer han det ikkje for å fange oss som om me skulle i fengsel, men for å setja oss fri. Fri ifrå det som eigentleg er vårt største problem: At me er utilstrekkjelege og at me er dødelege. Igrunn heng dei to tinga i hop: Synd og død. Og dette er det ingen andre enn Jesus som kan hjelpe oss med.

Me er sjølvhjulpne med det meste, berre ikkje dette at me treng tilgjeving og at me treng nokon til å hjelpe oss over til det nye livet som han laga til for oss.

Så kan me sjå litt på kva som blir sagt om Jesus her: Alle tollarane og syndarane heldt seg nær Jesus. Og dette murra dei skriftlærde og farisearane, altså dei perfekte, største og mektigste, over. Skal tru korleis det høyrest ut når folk murrar? Er det ei slags knurring? Kritikken gjekk på at Jesus tok imot syndarar og endå til åt i lag med dei. Tenk det! Enn det!

Og så skjønte dei ikkje at me står på lik linje, alle. Uansett om me dreg oss sjølve etter håret, så får me ikkje til å vera noko svèrare enn dødelege syndarar sjølve.

Så får det så vera: Jesus tålte godt kritikken som gjekk på at han var ven med syndarar. Og tålte han det, så kan vel me også tåle å ha Jesus til ven.

Lignelsane Jesus fortel er litt i overkant. Det handlar om å vera mista og funnen att. Fyrst er det om ein sau som hadde kome bort og som vart funnen att. Og så er det om ein sølvmynt.

Innsatsen for å finne att det tapte er iherdig. Det er nesten så eg misunner henne som har mista ein sølvmynt. Eg tenkjer mitt om at det kanskje måtte såpass til for å hente energi til å feie heile huset. Og ikkje mist: Det måtte kanskje såpass som ein mista og attfunnen sølvmynt til for å invitere veninner og nabokjeringar og laga til fest. Berre for ein sølvmynt, liksom?

Og her har me kome til det eg syns er mest rart i alt det Jesus fortel i desse lignelsane: Det er så voldsomt til stor fest over noko som kan synast lite.

For kven sauebonde bryr seg om å kalle i hop vener og naboar for å feire at han har vore på saueleiting og fått med seg ein sau heim? Den slags er knapt verd ei melding på facebook- . Like eins med kjeringa som finn sølvmynten sin – er det ikkje i overkant å be inn til kjeringlag for så lite, liksom?

Nei, det er visst ikkje det. Fest og glede blir det aldri for mykje av i Guds rike. Det er større glede i himmelen over ein syndar som vender om enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending, seier Jesus om den eine sauen som vart funnen att mens dei nittini andre måtte vente til oppdraget var utført.

Og det er glede blant Guds englar over èin syndar som vender om, blir det sagt når samlinga av sølvmyntar er komplett og alle ti er på plass.

Gleden ligg føre oss og ventar på oss.

Det er berre om-gjort me sluttar å inbille oss at livet handlar om å leike gjemsel for å ikkje bli funnen.

Livet, slik eigentleg, handlar om nettopp å bli oppsøkt og funnen, teke vare på og ivaretatt av han som mest av alle er eigna til det: Frelsaren vår. Frelsaren vår i liv og død. Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Alle samla rundt døpefonten
Dåpsbarnet Jomar Landsem med foreldre og faddere
Ni søskenbarn, med dåpsbarnet ved døpefonten
Ni søskenbarn
Powered by Labrador CMS