Pinsedag i Stangvik:
Unik høgtidsfeiring
Mange stader er
pinsa den glømte kyrkjehøgtida. Men i Stangvik har den rike og synlege
tradisjonar.
Søndagens fellesgudsteneste samlar folk frå alle nabobygder – frå så å seie det gamle «Stor-Stangvikgjeldet». Blir veret lagleg, kjem også somme roande i historiske kyrkjebåtar.
Pinsa er kyrkja sin fødselsdag og fortel at Den heilage ande danna den første kristne kyrkjelyd. Dagens tekster, salme- og musikkvalg gjenspeglar dette.
Mange gjer teneste
Prestane Torbjørn Brøske (Stangvik), Vidar Wilhelmsen Rygh (Surnadal) og Lene Gåsvatn (Rindal) gjer teneste. Kyrkjetenar, diakonar, klokkarar og musikarar frå distriktet samarbeider. Bjørn Vevang er organist. Eit liturgisk kor er samansett for høvet.
To små blir døypte denne pinsedagen. Takkofferet går til kyrkja sitt samarbeid med Det Norske Misjonsselskap om tiltak m.a. i Etipoia.
Kaffe, boksøg og konsert
Etter gudstenesta er det ope kaffesamver i Prestegarden. Der blir det også «boksøg» i samarbeid med Vårsøghelga.
Som ofte før fell nemleg Vårsøghelga saman med pinsa. Dei arrangerer konsert i Stangvik kyrkje om ettermiddagen. Der hører vi m.a. trompetvirtuosen Ole Edvard Antonsen, organist Erling With Aasgård og koret Aurum.
All grunn til å besøke Stangvika denne pinsedagen!