Dåpsbarn med familien rundt mens barnet blir krossmerka av presten
Stor dag for vesle Magnus og familien i Bjørkaly på Bølandet, når guten blir døypt.

Messe for Magnus og Johannes

Dåpsbarnet Magnus og Døyparen Johannes var hovudpersonar i Åsskard-kyrkja søndag. Prest Torbjørn Brøske knytte dei fint ihop.

Publisert Sist oppdatert

Trass i forfall frå sokneråd, klokkar og songarar vart det ei fin sommargudsteneste. Ragnhild Liabø Fjeldstad steppa inn som dyktig medliturg. Torbjørg Settem og Inger Lise Heggem var kaffevertar saman med Kari Johanne Aarnes. Ein talrik dåpsfamilie styrka fellesskapet.

– Eg skal minka

I preika trekte Brøske fram at Johannes både døypte Jesus og peika på hans guddom.

- Døyparens ord om Jesus, «Han skal veksa, eg skal minka», kan også vera ideal for vår eigen kvardag, sa Brøske. Gode ord i ei tid der kanskje egoismen har brei plass. I diktet «Ungbirken» er Jørgen Moe tydeleg inspirert av denne evangelisteksten: Bjørka som speglar seg i vatnet, synest ho veks nedover – medan ho eigentleg blir større.

Brøske trekte også fram mødrene til Johannes og Jesus – slektningane Elisabet og Maria. Møtet mellom dei i Lukas 1 er det mest musikalske kapittelet i Bibelen, sa han.

Takkoffer og nattverd

Dagens offer til hjelpetenesta Kirkens SOS har særleg meining når nyhetene fortel om dei altfor mange som slit med livet sitt. Like eins gir bønekrukka og lysgloben i kyrkja rom for tankar vi ber på.

Oppslutninga om brødet og vinen varierer mykje i gudstenestene. I Åsskard denne dagen deltok halvparten av dei frammøtte i nattverdmåltidet.

Jonsvaka løftar fram Johannes

Åsskard har no ikkje vanleg samling før om åtte veker. – Da er det fint at den årvisse kulturkvelden Jonsvaka løftar fram Johannes Døyparen sin gamle plass i kyrkja vår, sa Torbjørn Brøske. – Vi feirar berre tre kyrkjelege fødselsdagar: Maria 8. september, Jesus 25. desember og Johannes 24. juni. Andre helgenar er minna på dødsdagen deira.

Programmet for årets Jonsvaka fredag 21. juni var presentert under gudstenesta.

Prest og klokker foran lesepulten i kirka
Klokkarvikar Ragnhild Liabø Fjeldstad får tips av prest Torbjørn Brøske før gudstenesta.
Powered by Labrador CMS