Samtalegudstjenesta i Rindal

Publisert

No er det ikkje lengre konfirmantane som blir spurt, men presten. Konfirmantane har levert spørsmål, og det meste av preika handla om å svare på det konfirmantane spør om. Fyrst ein liten refleksjon over det som er tekst og tema for sundag før pinse. Så har konfirmantane stort sett svart det same på kva som var best med konfirmanttida: Det var leiren på Mjuklia i lag med konfirmantane frå Surnadal. Og preika vart slik den ligg ved:

Joh.15,26-27

Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.

Då Jesus sa dette til disiplane sine, hadde han allereie fått livet for andre gongen. Eller fått og fått – det var vel så han kjempa seg til livet andre gongen.

Fyrste gongen handla det om å vera eit fullbore foster i Maria sin mage.

Så levde Jesus eit ganske vanleg liv med foreldre og syskjen i nokre år, før han starta det såkalla livskallet sitt som ledar for disippelflokken då han var omtrent 30 år. Dette heldt han på med i eit par-tre år, før han vart såpass provoserande uspiseleg brysom at dei fann det best å rydde han av vegen.

Heldigvis veit me korleis det gjekk: Jesus stod opp att ifrå grava. Så no, når han har samla disiplane sine rundt seg og snakkar med dei som Talsmannen, så er det som om kroppen hans understrekar bodskapen. Han sit der og talar om tider som skal koma mens såra han fortsatt har gjennom handledd, føter og side talar sitt tydelege språk om kva det har kosta.

Dette er eit slags mellomstadium mellom oppstandelse frå døden og himmelfarten – der mennesket Jesus fèr direkte til himmels og bokstaveleg talt befolkar himmelriket.

Men Jesus skal ikkje reise ifrå sine og lata dei i stikken. Han skal gje – og har gjeve – det han her kallar for Talsmannen, Sannhentens Ånd.

Tenk litt på ordet: Talsmannen, Sannhetens Ånd.

Talsmannen – paraklætos – det er direkte oversatt med ein som snakkar imot, ein hjelpar, evt. ein forbedar – altså ein som ber for nokon.

Kall det gjerne forsvarsadvokat. Hennar jobb er å snakke imot den som anklagar klienten. Ein god forsvarsadvokat kan gjera betydeleg mykje godt for å redusere straffa til den som har handla i uføre.

Når Jesus er Talsmann, går han fullt og heilt inn i rolla som forsvarsadvokat, men med ein vesentleg forskjell: Her handlar det ikkje lengre om å få straffa for skulda me måtte ha belemra oss med redusert, men utradert. Altså fjerna. Fordi han sjøl vallereie har sørga for å få den fjerna. Skulda vår er allereide sona, me er allereiede forsona med Gud og har himmelen open over livet.

Kva skal me så med Talsmannen, Sannhetens Ånd? Den treng me for å bli påmint at så er tilfelle.

Sannhetens Ånd har som jobb å halde oss oppe i kristen tru, kristent håp og kristen identitet. Slik at me skal kunne vekse med Kristus slik me i dåpen vart foreina med han.

Takk til dykk for spørsmål og kommentarar de har sendt meg til denne gudstenesta.

Fyrst tek me kommentarar om konfirmanttida:

Det beste med å være konfirmant, er å kunne være sammen med venner på fritiden og etter skolen, og å kunne være med på Mjuklia konfirmasjonsleir. Der ble jeg kjent med mange. Fint å bli kjent med nye folk der.

Det beste med konfirmanttiden var Mjuklia. Og fellesskapet.

Jeg likte undervisningen i Bedehuset, det var en koselig stund. Jeg liker forskjellige ting vi skal gjøre og at vi skal pynte oss.

Og så spørsmåla til presten:

Hvordan kan man vite at Gud finnes?

Paulus skriv i fyrste kapittel av Romarbrevet at det ein kan vita om Gud, det ligg ope like framom nasen på oss. Det er berre å sjå seg rundt og leggja merke til alt Gud har gjort. Paulus skriv om at me kan sjå Guds usynlege vesen, hans evige kraft og hans guddom i gjerningane hans, like frå han skapte verda. Og då kjem me direkte til neste spørsmål, nemleg om:

Hvordan kan vi vite at Bibelen stemmer? Her hadde eg hatt lyst til å spørje tilbake om det var noko spesielt du siktar til?

Generelt kan eg seie at det så langt ikkje er nokon som kan bevise at Bibelen ikkje stemmer. Eg sjølv, og mange med meg, ser ganske stort på det det står om at verda vart skapt på seks dagar – hovudsaken er at det var Gud som gjorde det.

Og så er det jo ganske interessant at forskarar nyleg har kome fram til at verda vart skapt av ingenting, det som på latin heiter for creatio ex nihilo – altså skapelse av ingenting. Hallo?! Det har jo både jødar og kristne sagt lenge – velkommen etter!

Men det er mykje i Bibelen som er profetiar, utsagn om kva som skal bli. For eksempel var det profetert at Herrens lidande tjenar skulle bli såra for våre synder og knust for våre misgjerningar. Straffa låg på han for at me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått legedom. Då dette vart sagt 700 år før Jesu fødsel, skjønte ingen nokon ting. Men når dette skjedde med Jesus, då gjekk det eit lys opp for mange.

Hvem skrev ned historiene om Jesus? Dei som skreiv, var Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Eller dei samla stoffet. Fyrst vart det opplevd, fortalt og gjenfortalt. Nedskrivinga av evangelia skjedde mellom år 60 og 90.

Hvordan kan vi vite at det som står i Bibelen har skjedd? Det kan me vita ved å halde det i hop med andre historiske kjelder frå samtida. Der ser me for eksempel at Jesus er tydeleg bevitna. Også at han vart korsfesta – og faktisk også at han stod opp att ifrå grava.

Hvorfor skjer det så mye vondt i verden? Gud vil jo oss mennesker bare bra, men hvorfor tillater han at mennesker går til krig mot hverandre?

Dette er to spørsmål som det er veldig vanskeleg å svare på. Kvifor tillet Gud at menneske krenkar kvarandre og bryt kvarandre ned? Kvifor set ikkje Gud ein stoppar for det? Eit svært teoretisk svar på sprørsmålet er at folk har fri vilje. Men eg syns ikkje det er noko godt svar.

Og så er det kanskje litt typisk menneske å gje Gud, om ikkje skulda, så i det minste ansvaret, for at me rotar det til.

Var Jesus egentlig en bra person? Gjorde han alltid bra? Hvem er han?

Om Jesus var ein bra person, er nok avhengig av kven de spør. Mor hans syns sikkert at han var fantastisk. Og sikkert brudeparet som fekk overflod av vin til bryllupet sitt. Men det spørst om pengevekslarane framfor templet syns det var greit når Jesus laga seg ei svepe og slo om seg for å jaga dei bort. Eller farisearane som han fornærma på det grovaste då han kalte dei for hyklarar. Eller alle rike som han snakka ned.

Hva synes du er det viktigste innen kristendommen?

Det viktigaste innan kristendommen er Jesus. Alle andre religionar handlar om å strekke seg mot noko og bli betre. I kristen tru handlar det om å vekse nedover, bli som barn og ta imot alt me treng. Eg trur eg må utvide det til fleire ord: Det viktigaste i kristendommen er Jesu nåde og levande håp.

Hvem er Den Hellige Ånd?

Den Hellige Ånd er energien Jesus lot menigheita få fyrste pinsedag. Folk får Den Hellige Ånd når dei blir døypt, eit slags gudsfrø inni oss som gjer at me aldri er lengre unna Gud enn me er frå vår eigen pust.

Hvorfor ber man?

Bønn er ei energibombe. Når me ber, opnar me tankane våre for Gud. Prinsipielt sett er alle til eikvar tid i Guds tanke, så bøn er nok mest ei hjelp for oss til å vende tankane våre mot Gud. Og så er det noko rart som skjer i bøn: Me blir i alle fall ikkje mindre glad i dei me ber for!

Bøn er også god terapi. Hvis det er noko me er redde og engstelege for, kan det vera trygt og godt å be. Og hvis det er nokon me ikkje kan hjelpe same kor mykje me ville, så kan me vita at det i alle fall ikkje skadar å be for dei:

For eksempel folk som er sjuke, born som skal ha eksamen, folk som slit i ekteskapet eller med kjærleikssorg osv osv.

Ofte er det slik at når folk ber for gode formål, så støttar dei også formåla økonomisk. Ber me for jorda vår, kan det vera naturleg å gje til Naturvernforbundet. Ber me for Ukraina, kan det vera naturleg å gje til Kirkens Nødhjelp eller Redd Barna. Ber me for misjonen, kan det vera naturleg å gje til misjonsarbeidet. Og ber me for Rindal menighet, kan det vera naturleg å gje hit.

Hvordan er det å være prest?

Stort sett fantastisk fint! Og så er det litt rart at jobben er såpass spesiell som den er.

Hvis eg ikkje hadde tålt jobb-relatert kontakt med folk anna enn kl.9-16, hadde eg definitivt hatt det ille. For det blir ein del telefonar og meldingar på kveldstid og i helgene.

Og det blir litt jobbsnakk på butikken og i andre samanhengar. Dette trivst eg med, - presten er ein del av bygda uavhengig av tid og stad.

Då eg vart ordinert til presteteneste av Rosemarie Køhn i januar 1994, måtte eg svare ja til ganske store utfordringar:

- Forkynne Guds ord klårt og reint

- Forvalte sakramenta på rett måte

- Ha omsorg for kvart enkelt menneske gjennom samtalar og å be for dei

- Veilede og formane til sann omvendelse, levande tru på Kristus og hellig liv.

- Og så om meg sjølv: At eg av hjarta legg vinn på å leva etter Guds ord og held fram med studium og bøn.

Ja, det var voldsomt. Og så, heldigvis, var det med ein klausul då eg skulle lova dette: Eg skal gjera det ved den nåde Gud vil gje meg.

Så altså: Eg kjem ikkje lengre sjølv enn at eg treng den nåden som eg etter beste og fattigaste evne forkynner at angår oss alle. Der står me akkurat på same line, alle: Me blir aldri for svèr til å trenge nåde.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS