Solistane Vår, Emilie og Ingrid (ved lesepulten) og vaksengruppa (mest frå koret Prosjekt 17) opna gudstenesta i Åsskard med «Til eit lite barn».

Jul i kyrkjene

Publisert

Mange var til kyrkje på julaftan og juledagen i år. Oppmøtet er enno ikkje som før pandemien, men det nærmar seg.

Kirsti Hjørnevik var hovudliturg og predikant både i Todalen og Åsskard julaftan.

Diakon Kirsti Hjørnevik var hovudliturg og predikant i Todalen og (her) i Åsskard.

Folketonar og kortreist musikk

Songgrupper innleia og avrunda samlingane julaftan med lokale juletonar. Todals-melodien «Mitt hjerte alltid vanker» etter bygdas eigen Tomina Husby er kanskje landets vakraste tone til den kjære Brorson-teksten.

Amigos-born og ei vaksengruppe opna samlinga i Åsskard med den lokale visa «Til eit lite barn». Og eit meir talande postludium enn «Julverset frå Stangvik» kan neppe tenkjast. Det vart sunge av kora på begge desse gudstenestene.

Høgtid med tradisjon i Stangvik

Juledagsgudstenesta i Stangvik juledag var betre besøkt enn på lenge. Denne vart leia av kateket Odd Erik Stendahl frå Tingvoll. Folketonar prega samlinga også her. Som høgtidssalme framførte Karen Oddny Husby Gravvold sin eigen Åsbø-variant av «Et lite barn så lystelig» (Julverset). Ein rik tradisjon er dermed teken vare på - verset var jo i hundre år fast ledd i liturgien frå jul til februar!

Tekstlesingar, andaktar, song, takkoffer og heilskapen elles gjorde gudstenestene til gode innslag i årets julefeiring i desse bygdene - som over heile landet.

Sentrale aktørar under høgtidsgudstenesta i Stangvik. Frå venstre Odd Erik Stendahl, Karen Oddny Husby Gravvold og Per Arne Hyldbakk. Sistnemnte er «julebarn» og fylte 52 år denne dagen!
Powered by Labrador CMS