Vern av to nye skogområde i Surnadal ut på høyring

I samsvar med reglane i naturmangfaldlova §43 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal lagt ut framlegg om vern av fem nye naturreservat.

Arbeidet gjeld:

  • Ramshylla naturreservat, Vanylven (348 daa)
  • Vardegga naturreservat, Vanylven (499 daa)
  • Høghaugen naturreservat, Ålesund (143 daa)
  • Brøskjahagan naturreservat, Surnadal (450 daa) (Høyringsdokument her)
  • Skjoralia naturreservat, Surnadal (137 daa) (Høyringsdokument her)

Fylkesmannen sine heimesider kan ein lese:

"Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Høghaugen har naturtypen kystfuruskog, medan dei 4 andre har ulike typar edellauvskog.

Det er utarbeidd eit faggrunnlag for kvart enkelt område med verneforskrift og kart over tilbodsområda. Vern som naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet, men det kan vere unntak for ulike former for pågåande bruk.

Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 15.01.2021."

Powered by Labrador CMS