ANNONSE:

Diakon Aud Brynhild Indset leier kveldsbøna i Øye kyrkje

Takkfest for det frivillige arbeidet i kyrkja

Publisert

Tysdagskveld 14. juni var det feiring av det frivillige arbeidet i kyrkja! Festen starta med busstur frå Skei - Kyrkjelydshuset, for vel 50 personar, såkalla Blåtur, der vi ikkje visste kor det bar. Nils Magnar Torvik var guide på turen, og vi forstod etterkvart at Torvik var første stoppen. Nils Magnar kom med historikk og anekdoter frå Surnadalsøra og fortalde om folk som hadde budd utover stranda til Torvik. Neste stopp var Øye kyrkje og kveldsbønn frå Iona, Hebridene, leia av diakon Aud Brynhild Indset. Blåturen enda opp på Eidet bedehus, der det blei servert rømmegraut og spekemat, kaker og dessert! Festen vart leia av trusopplæringsleiar Elsa Jensvold, og det var mykje fin allsong, rebusar og avslutningssong framført av staben. Leiar i Stangvik og Surnadal fellesråd, Rannveig Brøske, takka dei frivillige på vegne av fellesråd og stab, for det store og viktige arbeidet dei gjer i kyrkja. Ho sa blant anna at Folkekyrkja vår er heilt avhengig av dei frivillige, det er rundt 100 000 personar som gjer frivillig arbeid i kyrkja på landsbasis, og utan dei ville mange oppgåver både på kyrkjegard og i den diakonale tenesta vorte svært vanskeleg å gjennomføre; da ressursane frå stat og kommune ikkje strekk til! På fleire av kyrkjegardane i kommunen blir klippinga gjort av frivillige, likeins måling av kyrkjene, og elles er det mange som deltek under gudstenestene i forskjellige oppgåver. Kyrkja i Surnadal har mange faste aktivitetar for både barn og vaksne, og mange av desse går føre seg på kyrkjelydshuset på Skei. Dette gjeld Fleirkulturell kvinnegruppe, Felles midddagsservering, songkveldar for Bo- og aktivitetstenesta, og Etter leggetid, det siste eit tiltak for småbarnsmødre, og her er det frivillige som hjelper til på alle vis. I tillegg er det frivillige som held Søndagsskule, og som ordnar med matservering til konfirmantane. Kyrkjekontoret tek i mot klede, som igjen blir delt ut til flyktningane, og dette er det frivillige som står for. Ved Arrangement på Omsorgsboligane og på Sjukeheimen, deltek mange frivillige med kaffeservering, andakt og kulturelle innslag. Runde åremål for dei eldste blir også markert frå kyrkja si side, med blomster- og hyggeleg besøk av nokon av dei frivillige! Det hadde rett og slett ikkje vore muleg å gjennomføre alle desse tiltaka i kyrkja utan all den gratishjelpa på dugnad som blir gjennomført!

I år er det Frivillighetens år, og det er bra det blir sett fokus på det frivillige arbeidet som blir gjort på alle dei område i samfunnet- Norges viktigaste lagarbeid!

Kveldsbøn i Øye kyrkje
Godt sosialt samvær i Eidet bedehus
Elsa Jensvold takkar prest Cathrine Grutle
Nyklipt kyrkjegard i Stangvik
Måling av Mo kyrkje
Powered by Labrador CMS