Åpen Dag 7. september -23
Frå avansert medisindispensar til torader
Rindal Pensjonistlag hadde breitt program på Åpen Dag denne torsdagen. Ei engasjert forsamling fekk høre om høgteknologisk velferdsteknologi og reinlender på torader.
Frå Rindal kommune stilte Grete Ranes Heggem, Åge Jonli og Ingrid Øyen og orienterte om dei ulike hjelpemidlane kommunen har teke i bruk.
Åge Jonli hadde laga ei utstilling av hjelpemiddel framme i salen. Der kunne vi sjå mellom anna trygghetsalarm, GPS-klokker, brannsikring/komfyrvakt, medisindispenser og kommunikasjonsskjermen Komp.
RoomMate
Vi fekk også forklart korleis det digitale tilsynet ved dei nye heildags omsorgsbustadene (HDO-bustadene) verkar. Systemet heiter RoomMate og gjer at at brukarane kan kjenne seg trygge. Dei blir ikkje overvåka, men dei blir våka over. Kanskje best av alt, dei blir våka over utan at nokon kikar inn på romma deira om natta og vekkjer dei.
Dei som bur i denne avdelinga har også ei dørstyring med eit armband som gjev dei tilgang til rommet deira, i staden for nøkkel. Dørstyringa kan stillast inn både på tid og kva rom ein kan ha tilgang til.
Helseplattformen
Grete Ranes Heggem orienterte også om den nye og svært mykje omtala Helseplattformen. 3. november kl. 22.00 blir den innført for Rindal.
10 kommunar brukar den alt, 21 har vedteke bruk.
Målet er "ein pasient - ein journal". Det vil gje gevinst i form av spart tid og betre tryggleik. Du kan alt no laste ned appen HelsaMi, noko mange i Rindal alt har gjort. Har du vore innom St.Olav-sjukehusa vil du sjå meldingar der.
Datakurs - dataklubb
Data er komme for å bli, "det går ittj over", sa ei kjent rindalspensjonist. Derfor var det naturleg å informere og invitere til datakurs og dataklubb etter det som vart sagt om Helseplattformen. Det er nødvendig med eit minimum av datakunnskap for å vere med på utviklinga. Elles må ein ha andre til å administrere seg.
Første samlinga i dataklubben blir onsdag 13.september kl. 12.30 - 14.30 på Frivilligsentralen, deretter kvar onsdag utover hausten. Det vil også bli invitert til datakurs denne hausten.
Toradar og Prøysen
Gjesten frå Meldal, Åse Jødal, stilte med toraderen sin og Prøysentekster. Ho opna på topp med Dronningvalsen som ho hadde skrive til reopninga av Orkdal sjukehus. Sjøl om dronninga ikkje kom til denne opninga, overlevde tittelen, og utføringa hadde nok dronninga også sett pris på.
Da Jødal heldt fram med ein reinlender ho hadde skrive til bror sin, var det fleire seniordansarar som fekk rykningar i kroppen og måtte opp på golvet! Helene kasta krykkja og vart med Anne Lise ut på golvet da toradaren gjekk ovet til tango og allsong(nynning) frå salen.
Åse Jødal delte også muntre tekster frå Alf Prøysen med oss, og dei trefte publikum svært godt før dei fekk kaffe og brødskive.