Fjellgruppa i Surnadal:

Setervandring i Søyådalen

Publisert

På grunn av veret, vart det ein litt anna tur enn den planlagte turen til Fauskåvatnet tysdag 15. juni. Men setervandring i Søyådalen vart lang ifrå noko dårlegare alternativ.

Den "lommekjente" Mary Røen guida oss på ein svært så interessant tur gjennom seterdalen. Vi var 8 kvinnfolk og 3 karar som trossa veret. Så det er nok blant " det svake kjønn" ein finn hardhausar!

Frå enden på bilvegen i Søyådalen starta vi vandringa på austsida av Søyåa. Det er imponerande stor vassføring i elva no. Og fleire plassar rann det bekk over seterveg og stig. Så stor utfordring for dei utan støvlar! Etter å ha passert Holtasetra og Klokkargardssetra, gjekk turen over Søyåa, på ei smal og spinkel bru. Litt skummelt, men tøffe er vi! Turen tilbake gjekk forbi setrer og hytter på vestsida av elva. Det var godt å krype inn i den gamle høyløa på Mellingsetra og få i seg kaffi og niste.

Vi var samde om at "dårleg ver" er inga hindring for fin turoppleving.

Foto: Anne Vognild Einum