Ingrid Kvendset Ulset starta opp Elvebakken Fysioterapi onsdag:

Ingrid Kvendset Ulset ønskjer kundane velkommen til Elvebakken Fysioterapi, som opna i dei gamle lokala til Lunds Fysioterapi onsdag 25. august.

Oppfyller draumen om eigen klinikk

Publisert

Tidlegare i år gav Lars Lund ved Lunds Fysioterapi seg som fysioterapeut med driftstilskot frå Surnadal kommune – 41 år etter at han flytta til bygda. I prosessen med å finne etterfølgjaren hans fekk Surnadal kommune 10 søkarar på heimelen innan søknadsfristen 21. desember 2020.

Det vart vedteke at Ingrid Kvendset Ulset fekk tilbodet om heimelen. Etter nokre månader med venting på behandlinga av ei klage på vedtaket, kunne ho onsdag endeleg starte opp Elvebakken Fysioterapi i Røssmovegen.

– Heilt sidan barneskulen har eg visst at eg ville bli fysioterapeut, seier 29-åringen, som vaks opp i Reppen, mellom Kvanne og Stangvika. No bur ho i Tingvoll.

Ho fortsett:

– Eg veit ikkje heilt kvifor, for eg har aldri vore hos fysioterapeut sjølv, men eg las litt om yrket, og følte at det trefte meg veldig.

For Ingrid stod valet mellom å bli fysioterapeut eller lege, og allereie på ungdomsskulen tok ho den endelege avgjerda. Det vart fysioterapi, fordi ho ville ha betre tid til å jobbe med kroppen.

Etter at valet var teke, jobba Ingrid hardt for å nå målet om å bli fysioterapi. Retninga gjorde og at ho valte idrettslinja på Tingvoll på vidaregåande, og ho fortel at det i starten var idretten som fenga henne mest og innanfor fysioterapi-faget.

– Eg har alltid vore aktiv, og gått på toppturar og spelt fotball. Så eg ville hjelpe andre til å få den same gleda, som eg har fått gjennom å vere aktiv, seier ho.

Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset.

Erfaring først - eigen praksis etterpå

Etter vidaregåande studerte den nybakte klinikkdrivaren fysioterapi i Trondheim, og delte deretter turnusåret sitt mellom Surnadal og Aure.

– Studiet var kjempeartig, og trefte meg frå dag ein. Eg har aldri angra på valet eg to, seier Ingrid, som etter fullført bachelorgrad fekk to jobbtilbod.

Ho valte å starte i bedriftshelsetenesta i Surnadal, der ho jobba med arbeidshelse, i halvanna år frå 2015 til 2017. Etter å ha jobba mest førebyggjande der, kom etter kvart ei kjensle av at ho ville prøve noko anna, og jobbe meir kurativt.

– Då fekk eg meg jobb i Surnadal kommune, og har jobba med heimerehabilitering i heimetenesta sidan då. Det har eg trivest veldig godt med, og eg har lært utruleg mykje.

For Ingrid var det eit bevisst val å skaffe seg arbeidserfaring med andre yrkesgrupper før ho starta opp privat.

– Her blir eg jo åleine, så det er greitt å vite litt korleis alt det andre fungerer, smiler ho, og legg til:

– Det har alltid vore eit ønske å starte opp for meg sjølv, men eg ville jobbe litt først.

Kombinerte Master-studiar med full jobb

Dei siste åra har planane om å starte eigen praksis vorte meir og meir konkrete, og då Lars Lund skulle gje seg, og Ingrid såg at det vart lyst ut heimel, var ho ikkje sein om å søke.

– Eg tenkte at eg berre måtte gripe sjansen, og for meg er dette rett tidspunkt. No har eg jobba i sju år, og føler eg har opparbeidd med den erfaringa eg treng for å starte opp for meg sjølv.

Ho fortel at ho er spent, no i oppstartsfasen.

– Det er veldig spennande, men eg gler meg veldig til å utvikle ei teneste sjølv, og til det å kunne bestemme korleis den skal vere.

Kvendset Ulset ønskjer alle, som har behov for fysioterapi, velkomne til klinikken.

– Alle, som har eit behov, kan komme hit, uansett alder og skadar. Det treng ikkje vere noko fysisk, det kan vere psykiske lidingar og. Det kan i grunn vere alt frå muskel/skjelett, som er litt typisk fysioterapi, til hjarte- og lungesjukdomar, seier ho.

Ingrid starta faktisk opp for seg sjølv allereie i 2016, men så kom ho inn på Master-studiar ved NTNU, der ho fullførte ein mastergrad i klinisk helsevitskap. Ho skreiv masteroppgåve om fysisk aktivitet under cellegiftbehandling, og har dermed mykje erfaring med smertebehandling, i samband med mellom anna kreft.

– Då eg kom inn på Master-studiet vart det trygt og godt å ha ei fast stilling, slik at eg kunne fokusere på studiane attåt. Det hadde vorte for mykje å fokusere både på jobb i Surnadal kommune, eigen praksis og studiar samtidig, seier Ingrid, som dermed fullførte graden sin medan ho jobba 100 prosent i kommunen.

Med andre ord: det har vore mykje hardt arbeid for å komme dit ho er i dag, med nystarta, eigen praksis.

– Ja, eg har heldt på, eg skal ikkje legge skjul på det, nei, ler Ingrid, før ho skundar seg å legge til:

– Men eg likar det, og har vore engasjert heile vegen, så då går det så mykje lettare.

Då Lunds Fysioterapi heldt til i lokala var dette eit behandlingsrom. Ingrid har slått ned veggen og gjort det til del av treningsrommet, med flott utsikt mot elva.

Usikre månader i påvente av klagebehandling

I vår fekk Ingrid tildelt avtaleheimel om driftstilskot frå Surnadal kommune, men det kom altså inn ein klage på vedtaket. I midten av juli, nesten sju månader etter at søknadsfristen gjekk ut, kom beskjeden om at vedtaket vart ståande.

– Ja, saksgongen har teke litt tid, men dette er jo eit vedtak kommunen gjer, og ikkje ei stilling. Vedtak kan ein klage på, og her kom det inn ein klage – det er heilt vanleg. Ifølgje Norsk Fysioterapeutforbund (NFF), som eg har snakka med, kjem det faktisk inn klagar i om lag 90 prosent av slike tildelingar, seier Kvendset Ulset, og legg til:

– Når det kjem inn ein klage, er det heilt naturleg at det tek litt tid, slik at dei som gjer tildelinga får saksgangen heilt rett.

Ingrid innrømmer at klagen var ei kjelde til bekymring.

– Ein blir så glad når ein får ei slik tildeling, og håpar sjølvsagt at det ikkje er nokon som klagar på vedtaket. Når klagen då kjem, blir ein jo litt bekymra. Samtidig veit ein jo kva ein står for og kva kvalifikasjonar ein har. Likevel blir ein jo litt i tvil, for det er andre som bestemmer, så ein mistar kontrollen, seier ho.

Etter om lag tre og ein halv månad med usikkerheit, kom den endelege avgjerda. Då sa Ingrid opp jobben i kommunen.

– Eg måtte vente med det til klagesaka var avgjort, så difor har oppstarten her på Elvebakken teke litt tid. Eg har tre månaders oppseiingstid i kommunen, og er eigentleg ikkje ferdig med den enno. Sidan vi visste at behovet var så stort her, fekk vi likevel til ei løysing, seier Ingrid.

Ho fortel at det å få tildelinga var ein draum som vart oppfylt.

– Det har vore ein draum lenge, og ein eg tidvis har tenkt at har vore litt urealistisk. Så eg vart sjeleglad, det betyr veldig mykje for meg, reint personleg, å få den. Eg følte eg fortente den, då, smiler Ingrid.

Avtaleheimelen betyr at pasientane får refusjonar, slik at dei betalar ein eigenandel og Helfo resten. Ved private klinikkar betalar pasientane full pris.

– Og ved klinikkar utan avtaleheimelen vil kanskje prisane totalt sett vere litt høgare og, sidan det i tildelinga og ligg eit tilskot frå Surnadal kommune - i tillegg til refusjonsordninga, seier Ingrid.

Oppteken av utvikling

Ingrid Kvendset Ulset har den siste tida stått på for å forvandle lokala frå å vere Lunds Fysioterapi til Elvebakken Fysioterapi. Ho har teke over utstyret Lars Lund hadde, men prøvar elles å sette eit litt personleg preg på lokala.

– Eg har pussa opp litt, og måla veggane i friske fargar. I tillegg har eg, blant anna, hengt opp eit måleri mormor har måla, det er litt artig. På sikt kan det godt hende eg kjøper inn noko nytt og, seier Ingrid, som skal vere fire dagar for veka på Elvebakken, og ein dag i heimetenesta i Surnadal kommune.

Dette måleriet, måla av Ingrid si mormor, Anne Grete Kvendset, prydar no ein av veggane hos Elvebakken Fysioterapi.

Fysioterapeuten tykkjer det er litt småskummelt å skulle ta over etter Lund, som har heldt på i bortimot ein mannsalder.

– Ja, han har vore her i så mange år, og hatt mange pasientar, som har gått til han i årevis. Og no skal eg prøve å gje dei ei like god teneste, som det dei har fått frå han. Vi får sjå korleis det går, men eg skal gjere mitt beste.

Ho er samtidig klar på at fysioterapien utviklar seg, og at det nok og vil vere enkelte ting ho vil prøve å gjere litt annleis enn forgjengaren sin.

– Men det blir sjølvsagt i samråd med pasientane, slår ho fast.

Og nettopp det å vidareutvikle seg som fysioterapeut, er Ingrid Kvendset Ulset oppteken av.

– Ein blir aldri heilt utlært i dette yrket, det er noko nytt kvar dag. Så ein må følgje med, slik at ein ikkje blir for komfortabel – for det går ikkje. Eg må ta kurs og kanskje få andre tenester.

29-åringen har mellom anna tenkt å kurse seg i ultralyddiagnostikk, som NTNU no tilbyr. Med den måten å diagnostisere på, vil Ingrid kunne gå inn i eit ledd og sjå kva musklar eller sener det er problem i, og på den måten få ein meir presis diagnostikk.

– Det å ha nådd målet eg har hatt sidan ungdomsskulen er heilt fantastisk, men sjølv om eitt mål er nådd, kan eg ikkje slå meg til ro med dette. Eg må vidareutvikle meg, seier Ingrid, og smiler.

Treningsrommet har vorte lysna opp med ein stor trevegg.
Powered by Labrador CMS