Søndagens korgruppe i Todalen leia songen og framførte mellom anna «Kyrie» frå Ukraina. Frå venstre John Moe, Einar Husby, May-Elisabeth Holten, Øystein Moe, Borghild Betten Talgø og Randi Vetleseter Bøe.

Kyrkja i solidaritet

I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag.

Publisert

Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande.

Forbøn og takkoffer

Gudstenesta i Todalen vart innleia med Hymne av ukrainske Bortnyanski - spela på orgel. Prest Cathrine Grutle tok forsamlinga med i ei forbøn der krigens mange sår, dei utsette familiane og behovet for hjelp i Ukraina var sentrale element.

Takkofferet gjekk til Redd Barna sitt nødsarbeid i det no krigsherja landet. Under innsamlinga framførte dagens korgruppe eit vakkert Kyrie (altså «bønerop») frå ukrainsk kyrkjetradisjon.

Songar til trøyst

Av salmane var Svein Ellingsens «Noen må våke i verdens natt» særleg utvald på bakgrunn av den mørke situasjonen i Ukraina. Og til utgang song korgruppa tonen «O bli hos meg» til nyskriven tekst - der det mellom anna heiter «Trøyst våre tankar, høyr oss når vi ber».

50-årsgåve til prest Cathrine

Etter gudstenesta overrekte soknerådsleiar (og vikarierande kyrkjetenar) Kristian Gjeldnes boka «Kyrkja i Todalen» til vikarprest Cathrine Grutle, som presang frå kyrkjelyden i høve hennar nylege 50-årsdag.

Powered by Labrador CMS