Stangvikfestivalen 2022

Kasserollane vaskar seg ikkje sjølve. Anne Nes, Anton Georg Nes og Haldis Vitsø er tre av dei mange frivillige under Stangvikfestivalen.

Fiskesuppe og kunstnarsamtale i Bonhuset

Laurdag var det fullt hus i Bonhuset. Fiskesuppe vart servert i første etasje og i kjellaren var det kunstnarsamtale med Siri Skjerve og Sanna Svedestedt Carboo.

Publisert Sist oppdatert

Det var yrande liv rundt Bonhuset laurdag. Sola lokka folk til å sitte ute og nyte etterlengta sommarver.

Einar Nes, Anne Polden og Odd Berg tek seg ein pust i bakken

Ti dokker og ei oransje stålampe

Kva hadde vel ein festival vore utan dei frivillige? På kjøkkenklåppa traff vi Einar Nes, Anne Polden og Odd Berg.

Odd har vore frivillig på Stangvikfestivalen, med unntak av to år, sidan festivalen starta i 1999. Han er med i teknisk komité og stortrives i jobben.

– Ein må vera dyktig på brannsløkking, seier Odd. Det er mykje uventa som dukkar opp. Det er ein stor fordel å vera lokalkjent, er det noko vi manglar så veit vi ofte kor vi skal dra for å finne det.

Ein gong fekk Odd i oppgåve å lage ein triangelpinne. Musikaren hadde lagt igjen pinnen heime. Da var det berre å kappe metallstonga på ein målarrull, så var den saken fiksa.

–Det har vore mange rare førespurnadar . Eit år vart vi spurde om å finne ti dokker og ei oransje stålampe, ler Odd. "Det hadde vore kult, kan de finne det?" var spørsmålet frå ein artist. Eg trur vi fann alt saman.

– Å samarbeide med musikarane og kunstnarane på festivalen er veldig triveleg, seier han.

Brit Dyrnes er ikkje redd for å ta i eit tak. 30 klappstolar skal i kjellaren.
Palmar Brennskag og Rune Forslund har kontroll på ausinga
Ei enkel oppgåve for ein enkel mann, ifølge Bernt Venås
Erik Hem og Marie Brøske Søderstrøm kosar seg med fiskesuppe på Stangvikfestival. – Det eg likar best med festivalen er alle dei uventa opplevingane, seier Marie som har røter som knyter ho til Stangvika.

Skinn - lekkert og ekkelt

Festivalkunstnar Siri Skjerve såg eit føredrag den svenske kunstnaren Sanna Svedestedt Carboo hadde om skinn. Siri tok kontakt, og eit vennskap oppsto.

Laurdag hadde dei to ein kunstnarsamtale i Bonhuset om korleis Siri arbeider med skinn som materiale.

Siri fortalde at arbeidet med skinn er ein konsekvens av at ho flytta til Todalen. Før var hovudmaterialet hennar leire, men etter at ho kom til Todalen vart det naturleg å gå over til skinn.

- Eg følgjer dyret frå det er levande til skinnet er utstilt, seier Siri.

Ho samarbeider tett med jaktlag i Todalen.

– Skinnet, eller huda, er ei grense, men grensa er ikkje absolutt. Vi trekkjer inn omgivnadane våre gjennom huda og vi svettar, forklarer Siri Skjerve.
Frode Torjusen improviserte ein musikalsk respons til utstillinga, impovisasjonen enda i ein lokal folketone. Ein kunne høyre lydar og kjenne stemninga av skog og dyr.
– Skinn kan vera veldig lekkert, men også veldig ekkelt, seier Siri. Ho er interessert i skinn som eit abjekt, noko som verken er eit subjekt eller eit objekt. Hår, hud og negler som sitt fast på kroppen blir med ein gong noko avskyeleg når det ligg på golvet eller i sluken. Det fasinerer meg kor ulikt vi forheld oss til same materiale, fortel ho.
Sanna jobbar også med skinn. Ho har blant anna laga dei smykka ho hadde på seg under kunstnarsamtalen

---

Powered by Labrador CMS