300-årsjubilanten Ole Joensen Kolset:

Påskekunstnaren frå Bøfjorden

Kyrkjekunsten talar aller sterkast i og om påska. All grunn til å hente kunstnarane fram i lyset!

Publisert

Nettopp – fram i lyset: For den kanskje mest ruvande nordmøringen på området visste du kanskje ikkje om? Bortkomne kyrkjebøker og 300 års tidsavstand får ta det meste av skulda for at namnet Ole Joensen Kolset (1722-1789) ligg i skuggen. Kva høver da betre enn å minnast han no – 300 år etter at han vart fødd?

Vi har grunn til å tru at jubilanten var frå Bøfjorden, sjølv om starten av livshistoria hans er lite dokumentert. Stangvik-kyrkja og arkiva der brann nemleg opp i 1783, og da forsvann viktige dokument også om Ole Joensen Kolset. Men kunsthistorikar Johan Ernst Brodahl har forska på saka og slår fast: «Det er uomtvistelig at han egentlig skriver seg fra gårdet Kalset.»

Og da kan både bøfjordingar og halsabyggjer rekne han som sambygding! Bøfjord-garden Kalset tilhøyrde Halsa sokn i hans tid. Og hans første kjente verk er da også preikestolen i hans dåps og barndoms kyrkje der.

I Åsskardboka skriv Hyldbakk at kunstnaren må ha vore den husmannen som hadde plassen Kråkå ved Kalset, sjøl om han frå 1764 tok borgarskap i Kristiansund. Og da knyter Hyldbakk denne biletkunstnaren til eit historisk drama som nettopp i desse dagar har fått stor interesse gjennom NRK sin podcast om «Mannbjønnen» …

«Bilthugger og Mestermaler»

Vi finn verk av Kolset i mange nordmørskyrkjer - Halsa, Bremsnes, Frei og kanskje også Mo. At han dertil fekk mange oppdrag i Nordland, heng delvis saman med seglskutetrafikken, som i hans levetid batt Nordmøre og Nordland i hop. Dessutan var kristiansundaren Nicolai Christian Friis prest og seinare såkalla «titulærbiskop» i landsdelen. Og sjøl om ikkje alle eigenskapar hos denne biskopen var like prisverdige, hadde han sans for kyrkjekunst – så han hyra dyktige treskjerarar og målarar til store oppdrag. Ole Kolset var begge deler – han er titulert som «Bilthugger og Mestermaler».

Ole Joensen Kolset laga altartavla til Bremsnes kyrkje i 1771.

I 1751 fekk 29-åringen oppdraget med å «staffere» preikestolen i Halsa-kyrkja. Det verket kan vi sjå også i dag – endatil med hans eigen signatur. Her er bibelske portrett av evangelistane og Kristus, og alt her ser vi varemerket som pregar alle Kolsets verk - den grynblanda søylemålinga. I 1753 målar han treskjeringar og inventar i «Christiansunds Kirke».

Preikestolen i Halsa er «staferet af Ole Kolsett», viser tidlegare kyrkjetenar Per Enge.

Distriktet vårt hadde tre framståande kyrkjekunstnarar først på 1700-talet. Attåt Ole Kolset var det treskjeraren Peder Knudsen Kjørsvig («Peder Bildsnider») frå Fræna og målaren og godseigaren Rasmus Teilgaard i Stangvika. Teilgaard måla m.a. Kjørsvigs altartavle i noverande Ålvundeid kyrkje -opprinneleg til den gamle kyrkja i Kristiansund (1725). Han var nokså truleg Kolset sin læremeister.

Kolstad-biletet i Alstahaug er slåande likt læremeister Teilgård sitt måleri på altartavla i Ålvundeid.

Mange oppdrag, men dårleg lønn på Helgeland

I Nordland hadde Kolset sine første oppdrag i Skjerstad ved Bodø (1759). Biskop Friis hyra han inn, men på dårlege vilkår. Bøfjordingen klagar over at han «fik neppe Farvene, end sige Arbeidet, betalt».

Han kan og ha vore innom Beiarn. I 1761 målar han i alle fall interiøret i Rørstad kyrkje og fiffar opp eit kosteleg, men forsarva krusifiks frå 1200-talet. (Vår noverande biskop Ingeborg Midttømme stod i spissen for å berge dette klenodiet i 1990-åra.)

I Dolstad kyrkje (Mosjøen) gjorde Ole Kolset i 1763 sitt kanskje mest omfattande arbeid. Han måla korbuen, altartavla og frontfelta på det eigenarta, store preikestolgalleriet – med bilete av Kristus og alle 12 apostlane på rekkje og rad. Altartavla hans i Dolstad (med Golgata som motiv) vart i 1860 flytta til Grane kyrkje ved Trofors og fortel der sin langfredagsbodskap til folket.

Litt av preikestolgalleriet som Kolset måla i Dolstad-kyrkja i Mosjøen.
Randi Vetleseter Bøe får omvisning av Nils Erik Østerud, som fortel om Kolstad-kunst i Dolstad kyrkje. I bakgrunnen det rikt utsmykka preikestolgalleriet.

Så finn vi han i 1763-64 i Alstahaug. Her byggjer han ein ny «etasje» på altartavla i legendariske Petter Dass si kyrkje. Motivet er oppstandelsen. Og det er påfallande at Kolset her så å seie kopierer sin læremeister Teilgaards framstilling som vi enno kan sjå på Ålvundeid-tavla!

Bremsnes, Frei – og kanskje Mo

Tilbake på Nordmøre er kan kanskje på ferde i Surnadalen, der Mo-kyrkja i 1767 får altartavle «bekostet af Sognepræst Søren Hagerup». Kunsthistorikar Brodahl skriv at ho minner om tavler av Kolset. Hans kollega Roar Hauglid trur også ho er av Kolset, som her etterliknar Peder «Bildsnider» sin treskjerarkunst. Men Hauglid er lite imponert over denne «klossede efterligning av Kjørsvigs tavletype i Mo kirke».

I 1770 brann Bremsnes-kyrkja. Ole Joensen Kolset utførte både treskjering, relieff og måling på altartavla i nykyrkja året etter. Hovudfeltet her viser nattverden (skjærtorsdag) medan øvste biletet syner oppstandelsen (påskedag). Grynmåla «kolset-søyler» pregar heile det store kunstverket.

Tavla han skar og måla til gamle Frei kyrkje i 1778 er i seinare tid henta fram att og plassert på sideveggen i koret i dagens kyrkje. Igjen er det påskemotiv - korsfestelsen og oppstandelsen – som dannar hovudbileta.

Nedre del av Kolset-tavla frå Frei gamle kyrkje viser korsfestelsen
Påskedag: Øvre del av tavla frå gamle Frei kyrkje.

Kunsten fortalte og forkynte

Kanskje virkar nokre av desse bileta «klossete», banale og lite naturalistiske på oss i dag. Figurar og ansikt er gjerne «ukorrekte» fotografisk sett. Mot dette kan vi framheve bileta sin funksjon i samtida: Vel skulle dei «staffere» gudshuset. Men i ei tid da mange i kyrkjebenkene var analfabetar og ikkje kunne lesa, måtte kunsten ikkje minst fortelje bibelhistorie! Sjølve uttrykket var viktigare enn det fotografisk korrekte.

Bileta i denne artikkelen viser kanskje litt av dette. På Bremsnes-tavla grip Judas (fremst til høgre) grådig om pengepungen. På langfredagsbiletet i Grane er Jesu mor Maria heilt matt og oppgitt i si sorg, medan disippelen Johannes både der og på Frei-biletet kryssar fingrane i bøn. Om vaktene ved grava fortel Kolset (m.a. på Alstahaug-tavla) at dei både var søvnige, forskrekka og så redde at dei rømte.

Skjærtorsdag: Denne delen av Bremsnes-tavla viser «Nattverden». Vi ser at Judas (t.h.) tek godt tak i pengepungen.
Langfredag: Såkalla «kalvarie-gruppe» på Grane-tavla, opprinneleg frå Dolstad: Maria, Jesus og Johannes.

Utsett for «Mannbjønnen»?

Men kva historie er det Hyldbakk – rett nok indirekte – knyter til kyrkjekunstnaren frå Kalset? Og kva med NRK sin podcast «Mannbjørnen»?

Jau – linken gjeld skrekkhistoria om den berykta bjørnen som drap fem menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet. I eit dokument skriv militærkaptein Johan Michael Meldal at bjørnen i april 1776 angreip ein husmann ved Kalset så han «maatte baglængs retirere sig i sin Stue». Husmannen kom seg unna, men ved same høvet oppdaga bamsen ei gjetarjente like ved – og drap henne. (Dette er med i NRK sin podcast som kom på lufta no i vår.)

Den aktuelle husmannsplassen var Kråkå ved Kalset. Og der finn bygdebokforfattar Hans Hyldbakk ein Ole Joensen (Ola Jonson) i 1769. Hyldbakk skriv: - Kring dette leitet veit vi det levde ein vidgjeten treskjerar og kyrkjemålar Ole Jonsen Kolset, som skulle vera fødd på Kalset i 1722. Ut frå dette og

andre opplysningar trur Hyldbakk at denne husmannen og kyrkjekunstnaren var same mannen. Kan det altså ha vore vår «Bilthugger og Mestermaler» som laut rømme unna bjørnen og skunde seg inn i stua si den dramatiske aprildagen i 1776?

Familielykka endte i fattigdom

Ole Joensen Kolset og kona Martha Christophersdatter Wærløf hadde fem born. At fadderane til desse var frå framståande nordmørsfamiliar, tyder på respekt og anerkjennelse. Dessverre døde Martha 42 år gammal (1768). Enkjemannen gifta seg opp att, men – som Brodahl seier: «Hans annen hustru var et troll som tyranniserte ham og barna og ødte hans økonomi.»

Og da den betydelege påskekunstnaren døde 19. november 1789, var han så fattig at borna ikkje hadde nokon arv å dele på.

Men bileta hans kan og bør vi dele og nyte også i dag – ikkje minst no ved 300-årsjubileet. God påske!

Powered by Labrador CMS