Ingebrigt Garthe med fundament og transportblokk frå gamle Bøfjordens Meieri.

Settem – garden og grenda

Publisert

Foredraget om garden og grenda Settem samla mange på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

400 års sagbrukshistorie, frå Zetumb Saug i hollendertida til dagens Bøfjorden Sag, opna programmet. With-familien starta oppgangssag i 1621 og dreiv gard og trelastindustri til 1868.

Smør til Newcaste

Bøfjordens Meieri låg på Settem. Her vart det frå 1890 til 1913 produsert smør - hovudsakleg for firmaet Faber Ltd. i Newcastle. Dagens eigar av Settem, Ingebrigt Garthe, frakta like godt ei steinblokk frå meieribygget til museumstrappa. Like eins transportblokka på taubanen som førte mjølkespanna frå garden ned til meieriet i Ådalen. Forteljinga om den mislykka premieren, da bremsen svikta og mjølkespanna segla på eiga hand, vekte munterhet i salen.

Husmenn og eventyr

Livet på husmannsplassane under Settem var ein fargerik del av biletforedraget. Regla «Innerøra, Arnøra, Medtan og Mo - og ´n Sagbakk og ‘n Byteng og ´n Peøra-Jo» vart friska opp att. Like eins dukka eventyr, segner og anna folkedikting frå Bytenga, Arnøra, Moen og Nytrøa fram. Stoffet er samla i museets hefte «På eventyrvis».

Bjørn i sommarfjøset

Dramaet om bjørnen som drap eit dusin sauer i sommarfjøset i 1883, vart fargerikt gjenfortalt via lydopptak med lærar Bjarne Megard. Lokalhistoria baud også på annan dramatikk - aller verst da ein 15-åring vart knivoffer nedafor garden i 1879.

Artistar med aner herifrå

Butikkhistorie, seterliv, skuleminne og persongalleri kom på lerretet. Frå Settem stammar eksempelvis TV- og filmstjerna Kristina Adolphsson - med hovudrolle i «Fanny og Alexander». Same røter har broren Olle Adolphsson - han med «En glad calypso om våren», eit faktum som skapte stolte nikk i forsamlinga.

Fortid og framtid

Historielaget ønskjer å peike på fortida som føresetnad for nye tider. Slik vart programmet runda av med Sarang Hundeterapi - der Ingebrigt og dagleg leiar Maria Yoon Garthe har plassert Settem i det nasjonale toppsjiktet innan dyrestell.

Kjøkentenesta denne søndagen vart besørga av Inger Bøe (t.v.) og Gunnvor Bøe.
Settemssetra i gamle dagar. Personane er ukjende.
Artisten bak «En glad calypso om våren» og andre hits, Olle Adolphsson, stamma frå Settem.
Powered by Labrador CMS