ANNONSE:

Dialektsamlinga «Teft og tykkje» og boka «På eventyrvis» dannar grunnlag for søndagens program. Begge er til salgs på museet.

Heimespråk på museet

Ordtak og daglegtale, eventyr og stadnamn er menyen på museet i Bøfjorden komande søndag. Her er dei fleste av oss ekspertar – kanskje utan å tenkje over det.

Dialektbolken tek utgangspunkt i Bøfjorden Historielag sitt hefte «Teft og tykkje», som også blir å få kjøpt. Med nye utgåver sia 2004 er samlinga no oppe i over 2000 nordmørske ord og uttrykk.

Frå laget si bok «På eventyrvis» blir lokale segner og eventyr flettar seg inn i samanhengen. Har du høyrt om han Erk og bruken av Svartboka? Eller om Roparen i Liabakken?

Litt overraskande er det kanskje at mange kvadragsbegrep så seie er ubevisst bibelbruk? Programmet røpar at både akevitt, hokus-pokus og marsipan er uttrykk frå uventa hald.

Ein bolk om stadnamn og om opphavet til «graut», «økt» og anna daglegtale byggjer på språkarbeid som lektor og etymolog Gunnvald Bøe gjorde i si tid. Og kvifor heiter det Reiten, Gjengstøa og Lykkjå?

Ordet er fritt blant publikum frå heile distriktet, som utan tvil sit inne med stor praktisk kunnskap om heimespråket sitt.

Og den som vil, kan vera med på ein liten quiz – det dei kalla «haubrott» i gamle dagar.

Powered by Labrador CMS