Julegryter i 125 år:
«Mor Tonning» - frå Stangvika
Frelsesarmeens «Julegryter» gir livsviktig hjelp til mange - no som før. Men visste du at ho som starta tiltaket for 125 juler sia, levde sine unge år i Stangvika?
«Kvinnen med det varme hjertet», også kalla «Slumsøster-generalen», Othilie Tonning (1865-1931) kom hit som 9-åring i 1874, da faren bygde dei noverande Waxvik-husa (attmed Rønnan) og starta som handelsmann.
Skulejente
Ho heitte eigentleg Anna Othilie, men vart i bygda kalla Tilla. I tida som skulejente og ung tenåring var ho ein del av ungdomsmiljøet i Stangvika og vart vel kjend med livet her. Alt tyder på at Tilla også gjekk for presten her (Elster) og vart konfirmert i den gamle korskyrkja.
Blant omgangsvennene til Tonning finn vi prestefamilien Elster (med eit folkhus på i alt 22 personar!) og familien etter da avdøde lensmann Follestad. Slik var nok Tilla venninne med den eitt år eldre Dorothea (Doro) Follestad – seinare ein av landets fremste kunstmålarar.
Inntrykk frå oppvekståra i Stangvika var med og forma Othilie og ligg utan tvil bak mykje av det store ho utretta seinare i livet. Og det var ikkje lite, skal vi sjå.
Frå Rogaland til Nordmøre
Den seinare Frelsesarme-offiseren var fødd på Lindøya ved Stavanger 4. januar 1865 – med slektsnamn frå garden Tonning i Stryn.
Bygdeboka for Stangvik fortel at far til Othilie, Henrik Fasting Tonning (1823-1896), flytta til Stangvika med familien i 1874 og dreiv handel i austre stua i den nemnte Waxvik-garden i bortimot 15 år.
Lensmann Hans Jørgen Waxvik kjøpte husa av Tonning og busette seg her. Hyldbakk skriv at det skjedde i 1880. (Husa har seinare vore kalla Waxvik-garden.) Kvar Tonning-folket budde etter 1880, er litt uklårt. Bygdeboka fortel at Henrik flytta til Kristiansund i 1893 og til slutt var fyrvaktar på Honningsøya utafor Averøya.
Om Othilie skriv Norsk biografisk leksikon at ho 17 år gammal (1882) tok middelskule-eksamen i Stavanger, dit ho i så fall måtte ha flytta frå Stangvika. – Som ung var hun fritenker og kvinnesaksforkjemper, les vi. Ho blir omtala som litt av ein radikalar – «røkte sigar og gikk med stokk»!
Omvendt – til Gud og Frelsesarmeen
Men så skjedde noko minst like radikalt: På eit møte i Frelsesarmeen fekk ho ei sterk trusopp-leving og vart «omvendt til Gud», som det heitte. 25 år gammal slutta ho seg til FA i 1890 – to år etter at organisasjonen var etablert i Norge.
Med sin personlegdom og sine uvanlege evner vart Othilie Tonning straks lagt merke til og fekk det eine vervet større enn det andre innan Frelsesarmeen: Rekneskapsførar ved hovudkontoret i Kristiania (Oslo) i 1891 og deretter korpsleiar og offiser i Skien, Risør og Kragerø. Etter tre år som leiar for FA si handelsavdeling vart ho i 1898 utnemnt til leiar av Frelsesarmeens sosialarbeid. Denne stillinga hadde ho til ho vart pensjonist 26 år seinare.
Det er her – med tiltak for dei aller svakaste i samfunnet – ho set standarden og får i stand det meste av det som seinare har vore FA sitt varemerke. Organisasjonen fekk ein enorm vekst i åra frå 1900.
Julegryter frå 1901
I 1901 introduserte ho eit fantastisk tiltak - «Julegrytene». Desse bøsseinnsamlingane - i år for 125. gong - har vore til umåteleg velsigning for vanskelegstilte familiar og enkeltmenneske.
Sjøl i vårt velståande land er dette tiltaket stadig aktuelt. Ja - avisa TK skreiv nyleg at fleire enn før treng «julehjelp» til både mat og anna nødvendig. I Kristiansund samarbeider no Frelsesarmeen, Røde Kors og Frivillighetssentralen om prosjektet «Julefred» - fullt ut i tråd med Othilie Tonning sin kongstanke frå 1901. Og TK framhevar eit viktig moment: Dette stimulerer folk til nettopp å gi hjelp til dei som treng det!
Lista er lang og imponerande over tiltak som idealisten frå Stangvika fekk i stand. Vi kan berre nemne noko - i stikkords form: Dagheimar (såkalla «barnekrybber»), mødreheimar, aldersheimar, nattmisjon, feriekoloniar og i særklasse altså dei nemnte julegrytene. Frukt av arbeidet hennar var bortimot 70 institusjonar i regi av Frelsesarmeen landet rundt!
Julemat og julegran
Nye tiltak har kome dei seinare åra. Eksempelvis har FA sia 2021 delt ut gratis julemat til trengande familiar; i år rundt 3000 måltid.
Hornmusikk har prega organisasjonen frå dei eldste tider. Dei siste 15 åra har utekonsertar ved juletid samla mange. Rundt heile landet er det julegudstenester og fester der organisasjonen deltek på mange måtar.
Othilie Tonning viste ein gripande omtanke for alt som galdt kvinner, barn og fattige familiar. Ettersom ikkje alle hadde høve og råd til eige juletre, sørga ho for å få reist eit felles, offentleg juletre på Universitetsplassen i Oslo. Dette ruvande symbolet på både høgtid og fellesskap uansett sosiale kår har kvart år sia 1919 sett sitt preg på hovudstaden i jula.
Ville ha delt kongemedaljen
Som om dette ikkje var nok: I tre periodar sat ho i Oslo bystyre – for Avholdsfolkets Liste. Ho var også diktar og skreiv fleire salmar – m.a. «Kristus, vi har deg til høvding utkåret».
Alt i 1910 vart Othilie Tonning tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. Også da skein sinnelaget igjennom. Ho følte at ikkje ho åleine fortente den: - Jeg skulle helst ønske at eg kunne dele den opp og gi mine slumsøstre hver sin del av den!
I Frelsesarmeens Museum i Oslo står ei byste av henne – ei gåve frå sjølvaste kong Haakon den 7. Både i Stavanger og Oslo er gater oppkalla etter henne.
Som stiftskapellan Egil Johnsen sa ved gravferda i 1931, var Othilie Tonning lykkeleg for å få «leve sitt liv i uegennyttig tjeneste for dem som hadde det vondt». Store norske leksikon seier det slik: «Det finnes neppe noen frelsesoffiser som har satt så dype spor etter seg i Norge som Othilie Tonning.»
«Gnist til evig liv hos alle»
Den visjonære FA-offiseren la ikkje skjul på at ho arbeidde blant menneske på skuggesida i samfunnet. Dess sterkare kling livsmottoet slik ho sjølv uttrykte det – og som kanskje kan ha sine røter i ein sunn og hjertevarm barndom i Stangvika: «Jeg prøver alltid å huske på, når jeg møter mennesker som har sunket dypt, at det er en sjel bak de fillete klær og de stygge manerer, at gnisten til et evig liv er lagt ned i ethvert menneske, og at vår oppgave er å søke på enhver mulig måte å bringe denne gnist i forbindelse med sitt opphav – med Gud.»
Når julegrana også i 2025 lyser opp på Universitetsplassen, når svoltne og frosne får mat og varme og når Frelsesarmeens «Julegryter» for 125. år på rad gjer hjertelaget synleg og konkret, er det grunn til å trekkje fram jenta frå Stangvika som vart ein samaritan for så mange tusen medmenneske.