Bilde av kirke med snødekt bakke og hvite skyer. Sol.
Rindal kirke.

Rindal kyrkje 1. joledag -25

Publisert Sist oppdatert

I år var det enkelt å førebu preika joledagen. Kan hende vart det slik av di eg for lenge sidan fekk ein idè kring omgrepet «berre ord». Når så er tilfelle, er substansen som eit falsk munnhell og tener avsendaren til like lite ære som mottakaren blir hjulpen. Det folk treng, er ord med substans. Nærare substans enn Ordet som vart menneske og busette seg mellom oss, trur eg neppe finst.

prest på prekestol
Lene Gåsvatn i Rindal kyrkje 1. joledag.

Slik vart det preika i Rindalskyrkja joledagen.


Evangelietekst: Johannes 1,1-14:

I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud,

og Ordet var Gud.

Han var i opphavet hos Gud.

Alt vart til ved han,

og utan han vart ikkje noko til.

Det som vart til i han, var liv,

og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret,

og mørkret har ikkje overvunne det.

Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Det sanne lyset,

som lyser for kvart menneske,

kom no til verda.

Han var i verda, og verda vart til ved han,

og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige,

og hans eigne tok ikkje imot han.

 

Men alle som tok imot han,

dei gav han rett til å bli Guds born,

dei som trur på namnet hans.

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,

ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje,

men av Gud.

Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.

Og vi såg hans herlegdom,

ein herlegdom som den einborne

har frå Far sin,

full av nåde og sanning.

Og mens me står, syng me høgtidsverset En Frelser er oss født i dag:

En frelser er oss født i dag, i mennesker Guds velbehag, Gud være pris og ære! Nå er han født i Davids stad; den sønn som englene tilbad, velsignet evig være! Min sjel, kjenn vel denne nåde fri fra våde, mett ditt øye nå med lyset fra det høye!

-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-

- Det meiner du ikkje.

Påstanden kom under ein diskusjon som det fort vart slutt på. Av den enkle grunn at eg vart stum.

Det var som å få eit slag over kjeften. Bli fråteken all integritet. Det var ei som trudde ho visste betre enn meg kva eg meinte. Men det var eg som hadde rett, eg som sa det, eg som meinte det.

- Det er berre ord.

Slik er det lett å tenkja når me kjenner lukta av det falske. Orda som lovar så mykje meir enn både avsendar og mottakar veit at det er grunn til. Berre ord. Tomme ord. Ord utan substans, ord som ikkje er til å stole på, ord som bekreftar avgrunn mellom folk meir enn fellesskap. Rett og slett falskt.

«Du veit at du har meg», seier den falske når all erfaring tilseier at så ikkje er tilfelle. For faktisk er det slik at gjerningar talar sitt forståelege språk så veldig mykje tydelegare enn orda.

- Hald kjeft, ti stille, slutt å snakk, hysj!

Det er audmjukande å bli brakt til tausheit. Audmjukande når nokon tek bestemmarposisjon og definisjonsmakt over andre og er den som bestemmer når nokon skal få ytre seg og ikkje minst kva som kan ytrast.

Born som har fått tilstrekkeleg tydeleg beskjed om at dei berre har å halde tett fordi meiningane deira ikkje teller, har vanskeleg for å tru at dei i det heile teke har noko å fara med lenge etter at dei har vorte både vaksne og gamle. Dei – eller me! – overlet til andre å ta makta over ordet og det som skal definerast og bestemmast.

- Pølsevev!

Dette vart sagt på det fyrste og einaste prostemøtet eg har vore på, og autoriteten det kom ifrå er ikkje blant oss på lenge. Altså er me tilbake i urhistoria, då prostar trudde det gjekk an å oppføre seg slik.

Men situasjonen der rundt bordet gløymer eg aldri: Det var dobbeltkommunikasjon på høgt nivå. Med den kommentaren lukkast han svært godt i å bringe meg til tausheit lenge og dempe meg temmeleg mykje lengre.

Kva det samtidige taket over underarmen min og det breide smilet mens han sa det skulle kommunisere, veit eg sanneleg ikkje. Men det gjorde på ingen måte godt.

-o-o-o-o-o-o-o-o-o-

360 ord av preika 1.joledag. Og endå har eg ikkje kome til poenget – om det ikkje er akkurat der me er: Me er i Ordet. Ordet som er Gud. Ordet som er menneske. Ordet som lyser for kvart einaste menneske. Ordet som lærer oss å sjå Guds herlegheit.

Det eg har snakka om så langt, kan gjerne gå under begrepet mørkret. Vårt menneskelege mørkre. Kva type brist eller last som lagar slike situasjonar, veit eg ikkje.

Mange av dei vonde såra me skapar hjå kvarandre har sin klåre grunn i mangel på både forstand og empati. Me har sjølve manglar, og dette let me gå ut over andre.

Og dertil er det noko anna og verre en manglar: Rett og slett menneskeleg vondskap slik den artar seg i svolt etter makt – det vera seg pengemakt, definisjonsmakt eller begjær etter å få alt som ein sjølv vil.

Og om ikkje det var nok, så vankar det også tendensar til å ta munnen for full så lenge det er folk til å høyre – og når det gjeld, så har me korkje tid eller kapasitet, om me då ikkje tek ein Peter og fornektar det heile. Den menneskelege falskheit kom ikkje bort frå menneskeheita om pavestolen vart oppretta aldri så mykje.

Det kunne vore synd på oss for mindre. Skrøpelege menneske som me er, ivrige på å heve oss sjølve og få andre til å halde tett og føle seg dumme.

Dess meir eg tenkjer på dette, på falskheit og tomme ord, på maktarroganse og evne til å såre andre med ord og fakter, dess meir ser eg at behovet for nåde neppe har vorte mindre med åra. Det fylgjer oss som – som eit mareritt?! Eller som ein akse me kan bruke til å snu oss på i dette som dei på bedehusa kalte for å vende om.

Men også Jesus brukte det begrepet. Han mana og trygla folk til å vende om. Til å snu på helen og gå den smale vegen som fører til livet.

Eg vil tru det har noko for seg, og lener meg gjerne på Luther i så måte: Han sa noko om dagleg omvendelse, og det er ei god lekse. Gjer me den dagleg, så gløymer me neppe kva me valgte i går … eller for ti år sidan.

Og kva var det omvendelsen vår bestod i?

Det var å sjå at det som er i Jesus, er lyset for oss. Det evige lyset som ein gong skal bringe oss inn i den evige kvila. Og det er fint.

Men enn så lenge må me kjempe mot at mørket vinn i våre skrøpelege sinn så me krenkar Gud og kvarandre i tankar, ord og gjerningar. Det er så hårfin balanse, dette.

For det sanne lys, han som er Ordet, kom til sitt eige.

Korleis kan me lata vera å ta imot alt han kjem med – også dette å vera Guds barn som ein rettigheit.

Så kjem han til oss som seg sjølv, full av nåde og sannheit. Og det er dette me treng: Er me i stand til å sjå oss sjølve i kvitauget så me er sanne, veit me også at me treng nåden han kjem til oss med.

Nei, me treng korkje å høyre eller seia dei falske orda, makt-orda, arroganseorda eller dei sårande orda. Dei tener ikkje til anna enn synd for oss og at det blir synd på alle me måtte finne på å treffe med slikt snakk.

Men Ordet som vart menneske, han treng me. Gjerne på den måten at orda hans går i bevisstheita på oss og set seg fast, slik at me stadig vender om og vender tilbake – inntil me vender heim.

Er det nokon som ikkje er berre ord, så er det han som sjølv er Ordet.

Takk Gud for at du kom til oss, full av nåde og sanning. Takk for at ditt evige lys alltid skal lyse mellom oss. Amen.

Powered by Labrador CMS