Historieglimt:

Gammelt svart/hvitt-bilde av et voksent ektepar, begge med grått hår, i en hage. Hun sitter på en stol, i svart kjole, og med oppsatt hår. Han står ved siden av, i svart dress med slips.
Jordmor Anna Snekvik og mannen Ole John.

Lite tå kvart

«Å ta vare på og gjera levande lokal kultur og historie» er motto for Bøfjorden Historielag. Dette låg bak søndagens lille historietime på Sjøbruksmuseet.

Publisert

Albumblad med hendingar, personar og åstader vart til fotovandring på lerretet. Noko var reine drama. Kvinner og menn fekk ros for bragder. Stader i landskapet vart freistande turtips.

Historia stiller mange spørsmål. Vart det, slik folk seier, lura unna verdisaker på Åsgard da staten dreiv inn «sølvskatten» til Norges Bank? I så fall: Kven var dei skuldige? Og kvar ligg skatten i dag? Folk på museet vart spøkefullt oppfordra: Gå på leiting!

Jordmorkallet

Stor ros vart gamle jordmødre til del. Etter Gjertine Sæter frå Halsa starta Anna Snekvik si 40 år lange livsgjerning med å hjelpe små åsskardbygger til verda. Frå 1899 og ut 1939 hadde ho ansvar for fødselstrygghet i eit stort, mykje veglaust distrikt. Robåt og ski var gjerne framkomstmiddel.

Saman med mannen Ole, postopnar og Åsskard-ordførar, var Anna ein institusjon som betydde trygghet og pleie både ved fødslar og sjukdom. (Dottera Marit vart også jordmor og gjorde teneste lenger nord i landet før ho flytta heim og vart kone i Nestua på Solem.)

I 1940 vart Anna avløyst av Astrid Svendsli – jordmor og helsearbeidar i Åsskard til 1955. Men somtid trongst dei begge – som 5. oktober 1942: Da tok Astrid imot ein gut i Snekkvika, og Anna steppa inn som fødselshjelp i Granly på Bølandet.

Når statistikken fortel at Anna og Astrid tok imot langt over tusen born i Åsskard, anar vi kva desse to jordmødrene betydde!

«DS Hjelmen» - frå Snekkvika til Kvitsjøen

I 1917 vart dampskipet «Hjelmen I» sjøsett i Snekkvika – ei praktskute bygd av Anders Kvande og hans folk. Etter nokre års samarbeid med fiskebåtane «Skrøyfa» og «Bøfjord» kom «Hjelmen» til Tromsø og seinare Ålesund – som selfangstskute, da med namnet «Veslemøy».

Et gammel svarthvitt-bilde av en selfangstbåt.
Selskuta «Veslemøy» (eks «Hjelmen I» - som det enno står på brua) blir forlatt før ho søkk i Kvitsjøen 25. april 1932. Til høgre «Polarbjørn», som tok opp mannskap og utstyr.

1931 vart ein innhaldsrik sesong – med 4500 fanga sel og berging av av 22 russiske fangsfolk som hadde forlist i Ishavet. Året etter går det gale også med «Veslemøy». Isen bryt ho ned. Mannskap og utstyr blir tekne om bord i skuta «Polarbjørn». 25. april 1932 finn «Veslemøy» (eks «Hjelmen I») si grav nordaust i Kvitsjøen.

Prinsebrev og rasulykke

I prosessen før grunnlova på Eidsvold vart det i gudstenesta i Stangvik 11. mars 1814 valt to mann til Romsdals Amt for å peike ut Eidsvolds-menn. Eit kongebrev med «Troeskabs Eed» til prinsregent Christian Fredrik vart sendt frå Stangvik. Nokre av dei 11 lokale underskrivarane vart omtala på museet: Lensmann Fredrik Røen i Stangvik, kyrkjemålar Lars Drejer på Åsgard, kyrkjesongar Lars Stenersen frå Kråkå i Bøfjorden og tylvågingen Anders Thoresen Vaagen.

Bilde av gammel snirklete skrift og signaturer.
Betrudde menn skreiv under brevet av 11. mars 1814, der dei under «Troeskabs Eed» lovar å ofre liv og blod for Norges sak. Vi ser autografane til prost Tønder, lensmann Fredrik Stenersen, kyrkjemålar Lars Drejer, «Kirkesanger» Lars Stenersen, bonde Anders Thoresen Vaagen og fleire.

Sistnemnte var halvbror til det døde barnet som vart funne i vogga si på fjorden etter rasulykka i Biren mellom Tylvågen og Kanestrøm i mai 1772. Også den dramatiske historia vart del av programmet.

Kva - Kven – Kvar

Elles dukka ymse opp på lerretet under overskrifta «Kva - Kven - Kvar».

Ei veggtavle med gammel skrift og utsmykninger rundt. En konges monogram på toppen.
Kongetavla i Mo kyrkje – med Christian V sitt monogram og fogd Rasbech sitt dikt om kongebesøket i 1685.

Foto av «kongetavlene» på Røv og i Mo-kyrkja friska opp 340-årsminnet om kong Christian den 5. si reise gjennom Surnadalen i 1685.

Gamle værbitte husmurer på fjellet. Alt av hus er borte, bare murene er igjen.
Restar etter gruveanlegget frå ca 1800 på fjellet Hjelmkona.

Fjellet Hjelmkona har mange synlege merke, kulturminne så å seie, frå gruvedrifta etter krom-malm først på 1800-talet.

En voksen mann som jobber med et steingjerde.
Jon Moen restaurerer dei store steinutgardane ved Heggemsneset.

I Hagagrenda ytst i Bøfjorden gjer Jon Moen eit storarbeid med å restaurere mange hundre meter steinutgard. Dette dokumenterer eit ufattelege nybrottsarbeid i gamle dagar og er eit imponerande tiltak av Jon!

Imponerande var det også at Nils Sæterøy, med bruk av med tomtønner (!), heva den nedsokne hjuldamparen «Nordmør» etter forlis ved Brøskjalandet i 1863. Og gripande er det at Leif Gjengstø med livet som innsats klarte å opne svalkportane på dekk og hindre at trålaren (var det ikkje «Utheim»?) med stort mannskap gjekk ned i stormen ein vinter.

Et gammelt svarthvitt-bilde av en bil fra 1930-tallet.
Denne Fiat 1936 var mellom anna postbil for familien Snekvik.

Bilete og historikk om den lokale postbilen Fiat 1936 vekte nostalgi blant veteranbilentusiastar i salen. Men at presten Irgens på 1700-talet bruka sjølvast Djevelen som vognhjul på veg til Rindals-kyrkja, var det ingen som trudde på!

Et maleri av en mann i gammeldags prestekjole. Han har en parykk med fyldig hvitt hår.
Surnadalspresten Johannes Irgens (“Hær-Johan») skulle ha overnaturlege vener, sa dei.

Dyrehistorier kan vera både muntre og overraskande. Intelligent skjor, orrfuglfangst med stortrøye, torsken som åt sildball og jenta som berga geita i Brattkleppen krydra programmet.

Meir dramatisk var funnet av ei død jente ved Liavatnet for over 150 sia. Mysteriet vart aldri oppklart, men prega Settemsdalen i lang tid.

Hus har flytta på seg ...

Husa i Settemsgeilen har stått tre stader før dei vart flytta ned til sjøen i 1901. Denne gamle røyrkjestua skal opprinneleg ha vore soldatbrakke. Men kvar?

En mann og to gutter som studerer en gammel mosegrodd husmur. Huset er borte, det er bare muren igjen.
Tuftene etter Sjølgjetla. Bestefar Bernt (bak) fortel Einar og Syver om «trollkjerringa» Kari som budde her.

Hus på flyttefot var også Sjølgjetla (plassen der dyra «gjætte seg sjøl») ved Kalset. Der budde «ronkjerringa» Kari med både synske og magiske evner for over 200 år sia. Kjende kulturfolk, operstjerner, dirigentar og TV-kjendisar, har sine aner på denne plassen!

Et vanlig bolighus av tre. En og en halv etasje med kjellermurer under.
Husa frå Sjølgjetla fekk ny framtid – som Bjørkvang her i Betna.

Frå salen fortalte Arnfinn Betten korleis stua frå Sjølgjetla sist på 1920-talet vart slepa på flåte til Halsa og oppattsett som Bjørkvang i Betna – heimen der Arnfinn vaks opp.

Og neste søndag blir det busshistorie og -historier som inntek museet i Bøfjorden. Sigmund Gravvold og fleire har klargjort både foto og gamle uniformer!

Powered by Labrador CMS