Vinnarlaget i første pulje var Torje, Dennis, Bjørnar og Ulrik. I tur og orden viser dei kjerringkjeften, kaffekjelen frå DS «Bøfjord», sildloddet hans Gammel-Edvard og sekstanten som «Skrøyfa» navigerte etter på opne havet.

Historisk skuletime

Publisert

Fredag var niandeklassingane i Surnadal på sin årlege tur til Bøfjorden. Vi hadde historietime i lag med dei på Sjøbruksmuseet.

Først vart bussturen Surnadal-Bøfjorden skildra som ei lokalhistorisk reise. Enn at lia ned mot Bøverfjorden var havbotn i gamle dagar? Og at dei fann kvalbein der da Nordmarksvegen vart bygd i 1930?

En gutt med to store runde bein, kanskje ryggvirveler, i hendene.
Jo viser 10 000 år gamle bein av grønlandskvalen som stranda i Bøverfjordlia!

Settemsdalen

Etter å ha passert Åsskard-kyrkja (ei av seks i kommunen) var det ymse å høre frå Settemsdalen. Som det skumle skjelettfunnet ved Liavatnet for 150 år sia. Og artigare ting – om Oppigards-tunet som var ein mellomalderlandsby (town), om bureisinga i Slettå på 1940-talet og om juletreplantasjen hans Strømsvåg. – Kor høgt er fjellet Hjelmen? vart det spurt. Vegard har vore der og visste det: – 978 meter!

Idrettsbanen Leikarvollen er 50 år i år. Attmed den ligg Grendahuset og banen til Hjelmen Skytterlag. Lærar Aalmo, som stifta dette laget i 1888 og innførte Krag’en i bygda, var stø på handa da han stod på dampbåt-dekket og skaut ned ein ørn ute i fjorden!

Sagbruk alt på 1600-talet

Dagens Bøfjorden Sag følgjer opp «hollendersaga» Zetumb Saug frå 1600-talet, fekk elevane vite. Like eins at Kveldheim på Bølandet vart bygd som privatskule i 1916 – i protest mot manglande skuleskyss over Bøsundet. Langt seinare kom Bøbrua, skapte ei ny tid og sveisa bygda saman.

Premiert av Hindenburg

Men enn at det var meieri i Ådalen - som skaffa smør til Newcastle i England? Og at Anders Kvande og folka hans med handreiskap (som museet har) bygde dei havgåande fiskebåtane «Bøfjord», «Skrøyfa» og «Hjelmen»? Sjølvaste rikspresident Hindenburg premierte forresten Bøfjord-mannskapet da dei berga eit tysk mannskap etter forlis i 1924!

Kjerringkjeft og Mannbjønn

Inne i museumslokalet var det mykje rart å sjå og høre. Tønnemakar-utstyret vekte munterhet da «kjerringkjeften» kom fram. Kroken med det diskriminerande namnet var bruka til å løyse banda på tønnene. Kistekrakken etter bøfjordingen som overlevde Holsteinkrigen i 1760-åra, fortalte ei anna historie. Like eins samedrakta som var bruka i Årets Film 1957 – «Same-Jakki».

Timen slutta brutalt, med den forferdelege historia om Mannbjønnen, som drap fem menneske i Bøfjord-traktene i 1770-åra. Den som vil høre meir om dette dramaet, finn ein populær podcast på NRK.

Museumsdagens eksamen bestod i haubrott – dialekt for «quiz». Og der viste niandeklassingane at dei hadde lært mykje i løpet av timen. Medlemmene på beste bordlaget fekk sjølsagt premie – kvar si penn med helsing «Bøfjorden Historielag – Sjøbruksmuseet».

Ei jente med en flat militærgrønn gjenstand i hendene.
Eiri med den vridde vengen av bomba som eit tysk fly sleppte over dampen «Statsraad Riddervold» krigsvåren 1940 - men som heldigvis ikkje eksploderte!
Fem ungdommer i gruppearbeid rundt et bord.
Quiz-eksamen utløyste ivrig samarbeid ved borda og gav mange gode svar.
Powered by Labrador CMS