Nyinnvalde Tore Sannes (innfelt til venstre) saman med resten av styret komande år: Gunnhild Vetleseter Bøe, Eli Husby Moen, Bernt Bøe og Inge Dønheim.


Tilbakeblikk og ny årbok

Publisert Sist oppdatert

Bøfjorden Historielag avvikla årsmøtet sitt laurdag. På grunn av koronaen var dette eit halvt år seinare enn opprinneleg tenkt. Samlinga på Kveldheim vart uansett konstruktiv og framtidsretta.

I årsmeldinga såg laget tilbake på 2019 – det 25. året med historiearbeid og museumssøndagar sia starten i 1995. Bortimot 400 temadagar er gjennomførte i desse åra. Oppslutninga har vore 50-60 i snitt, slik at totalt over 20.000 har gjesta Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Dugnadsinnsatsen bak resultatet, m.a. kaffeserveringa på kjøkenet og dyktige aktørar med lokalhistoriske program, fekk stor ros på årsmøtet. Blant større tiltak i 2019 var flyttinga av Staknes Fyrlykt frå Storberget til småbåthamna ved Elvanesset.

Fyrlykta frå Storberget fekk ny plass ved småbåthamna i juli 2019

Styret – med nye oppgåver

I styret vart Tore Sannes vald inn på plassen til Magne Bøe, som bad seg friteken. Fire held fram frå før, slik at komande år sit Tore Sannes, Eli Husby Moen, Gunnhild Vetleseter Bøe, Bernt Bøe og Inge Dønheim i leiinga for Bøfjorden Historielag. På varaplass står Terje Endresen og Harald Skrøvset. Val av underutval og komitear gjekk også greitt, og laget har dyktige folk i alle verv.

Kasserar Eli Husby Moen la fram ein oversiktleg og positiv rekneskap for året 2019.

Under samtalane etter årsmeldinga kom det ønske om enda sterkare profilering av laget sin kyrkjebåt «Hjelmkonnå». Den representerer sterke tradisjonar og kan brukast til både mosjonsroing, fjordarrangement, kulturdagar og utleige til lag og firma.

Praktisk utbetring av kjøkenet, ny oppvarming, reparasjon av vindu og datakatalogisering av museumssamlinga er oppgåver som årsmøtet drøfta. Utdelinga av Trollbakkprisen 2020 er utsett til 17. mai 2021 på grunn av koronaen. Sekretær Gunnhild Vetleseter Bøe kunne opplyse at Bøfjorden Historielag no har oppretta eiga facebook-side.

På sommarsøndagane dei 25 første åra (1995-2019) hadde Bøfjorden Sjøbruksmuseum over 20.000 besøkande.

Dagens Tema

Eit særpreg ved kvar sommarsøndag på Bøfjorden Sjøbruksmuseum er «Dagens Tema» - kåseri, foredrag eller demonstrasjonar med bakgrunn i lokal historie og tradisjon. Årsmøtet meinte at innslaga må vera lettfattelege, og lokalorienterte. – Unntaksvis kan dei ha vore litt langdryge. Publikum består ikkje av akademiske historieekspertar, men av vanleg folk med sans for lokal fortid og tradisjon, vart det sagt.

Fersk «Gamle Nordmør»

Den rykande ferske årboka «Gamle Nordmør 2020» vart presentert på møtet. I år innheld ho m.a. ein kompakt versjon av den stadig etterspurte historia om «Mannbjønnen» frå 1770-åra. Fire artiklar summerer alt vesentleg om dette temaet – dramaet og mytene, gamle dokument, Skyttar-Tølløv og jegrane hans - og ikkje minst «Dragsetvisa» i tilnærma ordrett utgåve.

Elles bladde redaktør Bernt Bøe opp årbokstoff om snurparen «Veslegut», den gamle «Øravisa», Ole Vig sitt besøk på Kvammen og i Stangvika i 1848, visediktarar frå Kvalnesvika, litt ukjent krigshistorie, samla historikk om alle kyrkjene i Kristiansund gjennom 300 år, fargerike minne frå Stangvik prestegard, klenodier på sjøbruksmuseet og personlege minne frå «gamle Bølandet». Boka kjem i salg med det aller første.

Bø Grendalag sørga for velsmakande servering etter årsmøtet.

På årsmøtet kunne redaktør Bernt Bøe presentere årets ferske «Gamle Nordmør»
Powered by Labrador CMS