Bøfjorden sjøbruksmuseum:

Fire smilende damer rundt et bord fylt med ullsokker sokker og andre strikkende produkter, hjemmelagde såper mm.
Muntert rundt salgsbordet. Kundane Bjørg Skrøvset (t.v.) og Kirsten Solem beundrar varene til Gunnvor Bøe og Grete Jonli. Ved vinduet studerer Atle Øien den ferske brosjyren om bureisinga i Sletta.

Innhaldsrik museumsdag

Publisert Sist oppdatert

Bygdene er fulle av dyktige folk! Sjå berre husfildsarbeidet. Bakinga. Kunsten. Og kunnskapen om bygda si før og no.

Søndag hadde museet i Bøfjorden utstillingar og salg av hobbyprodukt, demonstrasjon av børtre, bismar og anna gammelt utstyr - og eit interessant kåseri om bureisinga i Settemsdalssletta.

Besøket var godt. Sjøl om mange kjøpte med seg julegåver, bakverk og anna, kunne vel omsetninga av hobbyprodukt vore større denne gongen. Men ei flott markering av flid og kvalitet vart det - med strikkakjolar, lestar og vottar i alle størrelsar, cookies, såpe, målarkunst og lokale CD’ar.

To blide gutter med flere pakker med cookies foran seg på bordet.
Syver og Einar Vetleseter Melling selde sjølbaka cookies – og fekk mange lovord for smaken!

Veg og bureising i Sletta

Geir Settemsdal kåserte om bureisinga i Sletta på 1940-talet. Eit fantastisk stykke norsk historie - der settemsdalingane tok i bruk seterskjel og høyløer som bustad! I «Storløa» budde besteforeldra, mor og onkel til Geir sjøl. - Det var trivelegaste heimen å besøke, hugsa nabo Kari Sollid Heitmann. - Og i kjellaren under løa hadde dei ku, sau og høner!

En mann med et bilde på storskjerm i bakgrunnen. Bildet viser ei gammel tømmerløe med et vindu.
Geir Settemsdal viste bilete og fotalte frå Settemsdalssletta. Her framfor Storløa, der besteforeldra Margrete og Lars Bele, mora Gurine og onkel Ola busette seg først på 1940-talet.

60 øre timen

Geir fortalte også om vegbygginga i området - delvis som «nødsarbeid». Og med tøffe tak: Vinters dag var det først å grava seg ned gjennom djupsnøen før dei gikk laus på tela mark og stein.

Rekningar og lønnsslippar kasta perspektiv over økonomiske forhold for 80 år sia. Jørgen, Bastian og Lars hadde 60 øre timen, og ein stubbrytar kosta 102 kroner. Bilag frå handelsmenn som Hveding, Anton Orset og Aage Garthe fortalte også historie.

Børtre, skjømle og bombeveng

Museet har ei stor samling av utstyr som talar om andre tider. Vengen av ei tysk flybombe som trefte Møredampen «Statsraad Riddervold» i Omsundet i 1940, vekte interesse. Enno i dag pustar ein letta over at ho ikkje eksploderte!

Averøyingen John Harry Kvalshaug visste av eiga erfaring korleis dei bruka «skjømla» til å skremme fisk og sild dit det var ønskeleg.

For 13-åringen Syver Melling var nok bør-treet ei ny oppleving. Hadde han vakse opp for hundre år sia, ville han nok ha bore det ofte.

En gutt med et børtre over skuldrene, og tomme spann som henger i hankene.
Syver (13) prøvar noko nytt (og steingammelt) – eit børtre! Som regel var det tyngre spann og bøtter i hankane på børtreet.

Mykje har endra seg og forsvunne frå den gongen - spyttkoppen frå kyrkja og «kjerringkjeften» frå tønneverkstedet.

Men på slike dagar går notida og historia hand i hand likevel.

Fem damer ved et bord med strikkede votter. Bilder på veggen og museumsgjesytande ri bakgrunnen.
Kaffeprat mellom gjestar og utstillarar. Frå venstre Johanne Holten, Gjetrud Bråttvik Betten, Asbjørg Vaagland, Anne Grete Gravvold Sæther og Kirsten Baadnæs Bøe.

/ tekstforslag:>

Ei dame ved et bord fylt med strikkende klær.
Toril Isvik strikkar kvar dag, seier ho – når ho da ikkje saumar bunadsvestar!
To smilende damer, ei med en bolle med grøt i hendene, og den andre med et fat med vafler.
Inger Lise Heggem og Gunhild Bøklep Bøe hadde stor avsetning på graut og bakels pluss anna godt.
Et museumslokale fylt med stoler og bord og mye folk.
Med rundt 60 innom var det tett rundt borda på museet.
Powered by Labrador CMS