Uteveke i Bøfjorden barnehage

I veke 36 hadde Bøfjorden barnehage for fjerde gong. Uteveke var noko både ansatte, barn og foreldre meinte måtte prøvast. Lån av 4H sin leir plass i Mjøksand, med gapahuk og gamme gjorde plana klar.

Publisert

Etter prøving og feiling med organisering, vakter m.m meiner vel dei vaksne at i haust blei dette prosjektet ein innertier!

Veke 36 lova godt ver og plana over veka blei raskt til. Første dag i Mjøksand blei som bestilt! Frå 07.00- 16.00 denne dagen var alle i leik og aktivitet. Dei yngste tok middagskvilen i vogn og hengekøye.

Opplevinga av slike utedagar kan seiast å være unik. Alle fagområda i rammeplan for barnehagar vert godt ivareteke. Ei ro og ei sanseoppleving som rommar så mangt. Alt frå det å ete alle måltid ute, til å kvile, leike i skog på stranda, finne småkryp, fiske, padle, tenne bål, passe seg for bålet og varmen. Erfaringar blir hausta på rekke og rad i alle aldersgruppene.

Tysdag og torsdag denne veka skulle alle ta ut på tur frå leirplassen, nokon på langtur og nokon på «nærtur». Litjbølia vart langtur for fleire. Borna i Bøfjorden veit godt kva utsikt er, og det verkar overveldande å få sjå så mykje land på ein gong! Noko mange ga utrykk for. Høgdeskrekk er og noko fleire og nemte på tur opp. Meistring på det beste! Sliten kropp med mange små opplevingar på tur opp og ned. Klatring i berg, gå i gjørme, leike på toppen og ete god niste blei dagens agenda. Superfornøyd og supersliten! Og som eitt av barna sa"superutsikt- e lika høyder!" Det var ikkje berre ungane som blei begeistra. Fjellet gav frå si beste side. Mykje å sjå!

Utenom tur til Bølia blei det og tur mot Kvalnesvika. Ein sti som har mykje å by på til ein nysgjerrig utforskande, eventyrlysten gut eller jente. Det vart utallige stopp. Mange skattar var å finne. Borna var fjellgeiter som klatra, politimenn med walkie talkie og telefon, indianarar, skogvoktarar, bjørn, løve og troll m.m. Fantasien har ingen grenser i naturen.... Vi kom oss ikkje riktig så langt som vi hadde tenkt, men det hadde ingenting å seie.

Veka blei avslutta med leik og padling i Mjøksand, samt måltid med vedvarme i gamma. Ungane har satt ord på si begeistring og læring i fem heile dagar.: «Vi lika å padle og plukke bær, «Eg fann både maur og blåbær», «Eg har hoppa og klatra d va arti".

Uteveke i Bøfjorden barnehage

Ungar og ansatte rettar ein stor takk til Røslyngen 4H som låner ut leirplassen og gamma til oss.

Powered by Labrador CMS