Førskuletur til Hjelmen

Bøfjorden Barnehage har i år begynt å jobbe fram mot eitt frilufts/toppturprosjekt, der det er mulighetene som skal sjåast, ikkje begrensingane! Ei lita utfordring for framtida vart bestemt i vinter. At dei eldste i barnehagen skulle få ein topptur på slutten av barnehage tida si.

Publisert

Denne ideen blei sakte forma pga av at ungane snakkar jamt over mykje om fjella omkring i nærmiljøet. Ein drøm kom fram i lyset ein kald vinterdag, då dei eldste var på tur opp bakken ved Settem. Hjelmen lyste mot ungane i sola. Enn å vore der! Då blei tanken på at det hadde vore kjekt å få til stor og nær.

Etter kvart som månedene gjekk, snakka dei vaksne og ungane ein del om dette i førskulegruppa. Jentene spurte mykje om «vi ikkje kunne gå på Hjelmen snart »

Ungane hadde tidlegare vore på fleire «toppturar » som for eksempel på litjbølia, Settemsvarden, Hennafjellet, Litjvassheia, Svartberget, Svenshaugen. Men Hjelmen var litt meir uoppnåeleg.

Ein lang finværsperiode gjorde fart på sakene. Dag og tidspunkt blei bestemt. Så kom dagen og havskodda hang tjukk nedover liene. Usikkerheita om turen kunne gjennomførast dukka opp. Men dei vaksne bestemte at det skulle prøvast og at det er ingen skam å snu!

Det å snu trång ingen å tenkje på. For raskt var alle over tåka.

Pågangsmot og undring gjorde turen lett! Gode pauser og sang dreiv jentene oppover lia.

Toppen nådde alle, og det blei tid til leik og lang matpause før nedtur.

Bileta viser stemninga på turen. Den var topp.

Powered by Labrador CMS