Kommunebudsjettet i Surnadal 2021:

Gjertrud Heggem (f.v., Bøfjorden IL), Magne Riksheim (bak, FAU Bøfjorden barnehage), Ingebrigt Garthe (Bøfjorden Grendelag), Gunhild Bøklep Bøe (Bøfjorden Grendelag) og Anders Melling (Bøfjorden IL og Bøfjorden Grendelag)

Ut mot forslag om sal av Bøfjorden skule: – Vi skulle sloppe å kjempe kvart år

Foreldreutvalet ved Bøfjorden barnehage, Bøfjorden Idrettslag og Bøfjorden grendelag går hardt ut mot forslaget om å selje Bøfjorden skule, og meiner det er stikk i strid med Surnadal kommune sitt eige planverk.

Publisert Sist oppdatert

Med bakgrunn i denne Trollheimsporten-saka frå formmanskapsmøtet i Surnadal 27. oktober, inviterte foreldreutvalet (FAU) ved Bøfjorden barnehage, Bøfjorden Idrettslag og Bøfjorden Grendelag til pressetreff måndag ettermiddag.

I kommunedirektør Knut Haugen sitt budsjettforslag for 2021, ligg det inne forslag om å selje Bøfjorden skule, og det får bøfjordingane til å reagere.

– Vi gjer ikkje dette for å lage bråk, men vi er bekymra for konsekvensane av eit sal. Det handlar om ungane våre sin tryggleik, seier Malin Sættem frå FAU.

Haugen, som kom inn på temaet då han og økonomisjef Martha Torvik førre veke presenterte budsjettforslaget, vart i kommunestyremøtet 5. november stilt spørsmål om saka.

Ifølgje FAU ved Bøfjorden barnehagen, sa han då, mellom anna, at barnehagen skal bestå, sjølv ved eit sal av skulen, og at det i salet kan leggjast inn ein klausul om framleis barnehagedrift. Det takkar FAU for, men dei er likevel bekymra for kva eit sal vil medføre.

Malin Sættem seier:

– Skulen er ein del av eit oppvekstsenter, og det let seg ikkje gjere å drive barnehage dersom ein berre skal bruke romma som opprinneleg høyrte til barnehagen. Romma som er i bruk, vert bruka til lovpålagte tenester og tilbod. Korleis vil kommunen kompensere for dette, dersom ein eventuell kjøpar ikkje vil leige dei ut?

I skrivande stund er det 14 ungar som nyttar tilbodet ved Bøfjorden barnehage. Sidan mange av dei er små, utgjer dette 18 barnehageplassar. FAU ber no kommunen ta ansvar, og halde fram som eigarar av Bøfjorden skule.

– Vi meiner at dei ikkje bør tvile på om dei skal ta ansvar for barnehagen vår. Å drive barnehage er ei plikt dei har.

– Og eit tilbod vi betalar for, skyt FAU-kollega Hildegunn Bøe inn.

– Vi registrerer at dei nemner ansvaret for branntryggleik, forsikringar og vedlikehald som grunnar til å selje, men barnehagen er det siste kommunale tilbodet i bygda vår, seier Sættem, og legg til:

– Når dette kjem året etter at dei ønskja å slå saman barnehagen med Bæverfjord, ønskjer vi å seie frå. Vi skulle sloppe å kjempe kvart år.

Malin Sættem (t.h.) frå FAU i Bøfjorden barnehage i samtale med Gunhild Bøklep Bøe.

Meiner forslaget strider mot vedteke planverk

Både FAU, idrettslaget og grendalaget har skrive brev om saka, og dette vil, ifølgje representantane, bli sendt til Surnadal kommune ved kommunedirektør, formannskap og ordførar måndag kveld.

Bøfjorden Idrettslag og Bøfjorden Grendelag er tydelege på at dei meiner at Surnadal kommune, med forslaget om sal av Bøfjorden skule, talar sitt eige, politiske vedteke planverk midt imot.

– Vi stiller oss undrande til korleis dette forslaget samsvarer med retningslinjene kommunen sjølv har vedteke. Vi føler at vi etterlever retningslinjene, og meiner kommunen no vil gjere noko som er stikk i strid med dei.

Det seier Anders Melling, som representerer både idrettslaget og grendelaget.

I brevet frå dei to organisasjonane, står det mellom anna følgjande:

«I Bøfjorden er skulebygget og aktivitetsområdet rundt eitt av svært få tilbod vi har for både organisert og uorganisert leik, trening og aktivitet, og difor eit veldig viktig nærmiljøanlegg for oss som bur her».

– Vi har full forståing for at dei vil selje bygg som ikkje er i bruk, men dette er i aller høgste grad i bruk, seier Melling, og får støtte frå Gunhild Bøklep Bøe frå grendelaget:

– I denne saka jobbar vi jo eigentleg for at Surnadal kommune skal oppfylle samfunnsdelen i sitt eige planverk. Det er så viktig med aktivitet her, for det blir nok turar over Nordmarka.

– Ja, og for all del, vi veit jo at det blir ein del turar over «marka» når vi bur her. Men når vi ser korleis bygda og dette bygget lever, med alle som samlast her, ser vi kor viktig det er at vi har det, seier Gjertrud Heggem, representant for Bøfjorden IL.

Ønskjer framleis kommunal drift

I brevet til kommunen går idrettslaget og grendelaget gjennom fleire delar av Surnadal kommune sitt planverk, mellom anna samfunnsplanen og dette avsnittet:

«Fritidstilbodet i kommunen er godt tilrettelagt, men det er for få uformelle møteplassar og uorganiserte aktivitetar for barn og unge. Det er mange nærmiljøanlegg, som gir rom for uorganiserte aktivitetar. Dei nye ballbingane er eksempel på anlegg som skaper stor aktivitet».

– Det vi har her er eit godt nærmiljøanlegg og eit viktig samlingspunkt, seier Anders Melling.

Med bakgrunn i mellom anna at nettopp ein ballbinge, som då den vart bygd i 2014 i stor grad vart bygd på dugnad, utgjer ein viktig del av uteområdet ved Bøfjorden skule, får dette idrettslaget og grendelaget til å reagere.

Overfor kommunen konkluderer dei:

«Vi, Bøfjorden Idrettslag og Grendelag, finn ikkje noko samanheng mellom det overnemte planverket og strategien som Surnadal kommune har for sine innbyggarar, og det å selje eit bygg som er av så stor verdi for oss som bur her.»

Gunhild Bøklep Bøe slår fast at ønsket frå bøfjordingane er at Surnadal kommune framleis skal eige skulebygget. Ho og dei andre frammøtte på pressetreffet ønskjer ikkje å uttale seg om det har vorte diskutert om det vil vere aktuelt for nokon i Bøfjorden å kjøpe bygget.

– Når kommunen ikkje kan ta seg råd til å eige det, veit vi ikkje kven her som skulle kunne ta seg råd til det, svarar dei.

F.v.: Hildegunn Bøe med sonen Ola i vogna, Anders Melling, Ingebrigt Garthe, Gjertrud Heggem, Gunhild Bøklep Bøe, Hilde Sættem og Magne Riksheim er bekymra for konsekvensane knytt til eit eventuelt sal av Bøfjorden skule.

Redde for redusert tilflytting og bulyst

I FAU sitt brev til kommunen, avsluttar dei med ti konkrete spørsmål. I tillegg til spørsmål om mellom anna personvernet til ungane i barnehagen og korleis ein vil kompensere barnehagen for arealet dei risikerer å miste ved eit sal, avsluttar dei med følgjande to spørsmål:

- Korleis vert det frå kommunen si side lagt til rette for å behalde innbyggarane i Bøfjorden?

- Korleis kan kommunen gjere Bøfjorden attraktivt for tilflyttarar?

Malin Sættem er klar på at det vil sende ut heilt feil signal overfor både potensielle- og allereie eksisterande bøfjordingar, dersom forslaget om å selje skulen vert vedteke.

– Dersom ein vurderer kvar ein skal flytte, skal det berre eit kjapt Internett-søk til for å finne ut kva tilbod ein har kvar. Eit sal av skulen kan gjere at folk vegrar seg for å flytte til Bøfjorden. Det er ikkje berre-berre å selje eit bygg, som skapar så mykje aktivitet, seier ho.

Gunhild Bøklep Bøe peikar på at ting går godt i Bøfjorden om dagen, og at eit sal av skulen kan ha negativ effekt. Den tidlegare kommunestyrepolitikaren trekkjer fram det at dei har mange ungdommar, god tilgang på arbeidsplassar, oppsving i tilflytting og den nylege utvidinga til Bøfjorden Sag, som døme på positive ting som skjer i Bøfjorden.

Malin Sættem (f.v.), Gjertrud Heggem, Gunhild Bøklep Bøe, Anders Melling, Ingebrigt Garthe, Magne Riksheim og Hildegunn Bøe med sonen Ola. Her på eit rom som ligg i skulebygget, men som Bøfjorden barnehage i dag brukar dagleg.

– Det er så mykje positivt på gang her i bygda, så det er viktig at ein ikkje vedtek sal av eit så viktig samlingspunkt no, seier ho.

Powered by Labrador CMS