Benedikt klare med nytt album:

Stein Boge (f.v.), Hans Olav Settem, Brage Kristian Einum og Oddbjørn Sponås er fire av ni medlemmar i Benedikt, som 16. april gjev ut albumet "Balcony Dream"

– Folk skal høyre at dette er noko eige

Med fire surnadalingar i bandet, og Hans Olav Settem som frontmann og primus motor, er det ni mann store indie-orkesteret Benedikt no klare med si andre plate, «Balcony Dream».

Publisert Sist oppdatert

16. april kjem den etterlengta oppfølgjaren til «Communal Work», som Benedikt gav ut til stor åtgaum våren 2019. Debutalbumet til Benedikt fekk strålande mottaking både av anmeldarar og radiostasjonar, og no kan publikum altså glede seg til meir.

Benedikt starta under namnet Benedikt and Friends, som eit soloprosjekt frå Hans Olav Settem. Då han flytta til Oslo, vart både gamle og nye vener med i prosjektet. Blant dei er surnadalingane Stein Boge, Oddbjørn Sponås og Brage Kristian Einum.

Gjengen kutta og «and Friends» frå bandnamnet, men sjølv om Settem ikkje lenger er åleine om Benedikt, er det liten tvil om at det er han som er leiaren.

– Ein kan nok på sett og vis seie at Benedikt har vore eit alter ego for meg. I prosjektet hentar vi mykje - mellom anna titlar og estetikk - frå både middelalderkunst, renessansekunst, katolisisme og det mørke og sakrale. Det har eg alltid hatt stor fascinasjon for. Sjølve namnet Benedikt er berre eit urgammalt namn henta frå det universet, seier Settem, og held fram:

– Eg tykkjer nettopp dette er veldig artig med band- og musikkprosjekt; å skape noko utover berre musikken. Eit univers og konsept ein kan leve seg inn i. Det gjev i tillegg større djubde i musikken, og det er artig at ein kan sjå for seg musikken i ein heilt annan, tidlaus setting.

Albumet "Balcony Dream" viser tydeleg Hans Olav Settem sin fascinasjon for gamle kulturar og kunsttradisjonar.

– Sag er det einaste vi manglar

Der «Communal Work» var ei samling av songar Hans Olav hadde skrive dei ti siste åra, er låtane på «Balcony Dream», med eitt unntak, laga meir samla.

– Den første singelen frå det nye albumet, «Purple and Green», er kanskje den aller første låta eg skreiv, men resten er laga for dette albumet.

Tre av låtane på albumet vart sluppe i 2020, og vart godt mottekne. Mellom anna skilra NRK P3 Benedikt sitt nye prosjekt som "Spektakulær og storslagen, norsk indie!"

Sjølve innspelinga av «Balcony Dream» vart gjort i løpet av nokre intensive dagar på ei stor hytte i Ringebu, fortel Settem.

– Samanlikna med det første albumet er dette meir konseptuelt, med ein raud tråd frå start til slutt. Tekstleg er det meir samanhengande, og det same gjeld stemninga og lydbiletet, seier han.

Med ni personar i bandet, gjev Benedikt plass til mange ulike element - heilt bevisst. På den nye plata har dei i tillegg med seg Ola Øverby på sag.

– Han er ikkje med i bandet til vanleg, men er ein veldig dyktig sag-spelar. Vi hadde ingen i bandet som spelte sag, og det er ikkje så lett å berre lære seg over natta. Vi har folk som spelar dei fleste instrumentgrupper - blås, stryk, tangentar og alt av rytmiske instrument - så sag er det einaste vi manglar, ler Hans Olav.

Ønskjer tidlaust preg

På spørsmål om kva lyttarane kan forvente når dei sett på «Balcony Dream»-albumet, svarar han slik:

– Eg vil jo helst at dei ikkje skal ha særlege forventningar på førehand. For, og dette er kanskje ein klisjé, då trur eg dei vert tekne med på ei lita musikalsk reise - frå det dunkle og mystiske og over i kjempestore arrangement.

Det tidlause preget Hans Olav let seg fascinere av, kan og høyrast i musikken til Benedikt, meiner han.

– Ja, eg vil tru at det høyrest litt ut som musikk, som ikkje er bunde til ei spesiell tid. Det er ikkje slik at ein nødvendigvis høyrer at dette er frå 2020 og 2021, og at musikken er laga for den tida. Det er ein litt unik miks av forskjellige uttrykk frå forskjellige tider, seier han, og legg til:

– Forhåpentlegvis får dei som høyrer på ei kjensle av at dette er noko dei ikkje føler dei har høyrt før. Det er ein visjon for meg; at folk skal høyre at dette er noko eige.

Hans Olav Settem.

Følgjer assosiasjonane sine

Tekstane på det nye albumet er endå meir personlege enn på førstealbumet, fortel surnadalingen.

– Det er veldig nære og ærlege tekstar, og dei inneheld veldig mange brotstykke og ting som er direkte henta frå personlege opplevingar eg har hatt opp gjennom.

Om sjølve albumtittelen forklarar frontfiguren at det ikkje er mykje symbolikk knytt til «Balcony Dream».

– Det er ikkje så veldig djupt, men balkongen er favorittdelen min i ein heim – det å sitte på ein balkong og berre sjå utover…

Settem fortsett:

– I tillegg har eg ein reell draum om å ha balkong, for no har vi berre ein fransk balkong. Og heile albumet kan kanskje høyrest litt ut som om nokon som sit og drøymer seg vekk på ein balkong. I alle fall får eg den assosiasjonen.

Og nettopp assosiasjonar er viktig for Hans Olav Settem når han lagar musikk.

– Ja, eg følgjer ofte ein assosiasjon, medan andre kanskje har konkrete historier dei vil fortelje eller instrumentalparti dei vil bruke. Eg går heller ut i frå ei stemning eg er i, og prøvar å leggje på lydar som kler den stemninga, og tekstar som blir bilete på den, seier han, og fortsett:

– For meg er det endå meir spennande enn å skrive om noko veldig konkret, fordi det da og kan bety så mykje forskjellig for ulike folk, og i forskjellige fasar av livet. Slik kan eg oppdage nye ting i ei låt eg skreiv som 19-åring, seinare i livet.

Håpar på konsertar i sommar

Vanlegvis ville eit albumslepp bli følgd opp av ei rekkje konsertar, men på grunn av koronapandemien vert det ikkje slik denne gongen.

– Nei, det er litt vanskeleg for tida. Det er litt tragikomisk, heile greiene, seier Settem.

– Vi har hatt konsertplanar, naturlegvis, som allereie har vorte utsett, men no håpar vi å kunne halde konsertar til sommaren. Så forhåpentlegvis blir det forseinka sleppkonsertar då, så får vi sjå kvar og når det går an å halde dei.

Det har vore mykje snakk om koronapandemien og korleis den har påverka kultur-Noreg. Hans Olav fortel at han har vore veldig heldig, i så måte.

– Koronapandemien påverkar sjølvsagt kvar enkeltperson i Benedikt i ulik grad, fordi vi har så ulike jobbar. Eg driv 100 prosent som frilansprodusent, -musikar og -artist, men eg jobbar veldig mykje i studio. No vil jo alle som ikkje får spele konsertar, heller lage musikk i studio, så eg har vore veldig heldig. Sjølv om det er veldig vanskeleg for veldig mange, har det ikkje påverka meg så mykje, seier han, og legg til:

– Det er sjølvsagt veldig trist å ikkje kunne spele konsertar, og eg veit at det for andre i bandet, som vanlegvis spelar veldig mykje live, har påverka i større grad. Så vi håpar på ein veldig snarleg slutt på dette, så får vi berre prøve å halde ut eit par månader til.

Marit Othilie Torvik, kjærasten til Hans Olav, er og med i Benedikt, og saman har dei to og duoen Jouska. For Hans Olav, som driv 100 prosent med musikk og deler tida si mellom eigne og andre sine prosjekt, betyr det at skiljet mellom jobb og fritid er bortimot viska ut.

– Eg bur omtrent i studioet eg har, og er nok fleire timar der enn heime. Ofte er eg der halve dagen med ein kunde, før eg fortsett med eitt eige prosjekt om kvelden. Så er det heim for å slappe av litt. Eg er dårleg på å ta meg fri og feriar, så det blir ei gråsone mellom fritid og jobb, seier han, og slår fast:

– Men eg trivst veldig godt med det.

F.v.: Simen Mitlid, Hans Olav Settem, Oddbjørn Sponås, Stein Boge, Brage Kristian Einum, Marit Othilie Torvik, Emilie Catrin Korsvold og Sunniva Lilian Shaw of Tordarroch. Niandemann i Benedikt, Sindre Skår, var ikkje med på innspelingsturen der biletet vart teke.

Produserer meir for andre

Settem og Torvik har og vorte meir og meir involvert i plateselskapet Koke Plate, starta av Kristian Harnes.

– Men han driv og eit møbelselskap, så Simen Mitlid, som og er med i Benedikt, har teke over drifta av plateselskapet. Han er ein av våre aller beste vener, så det har vorte meir og meir der.

Simen Mitlid har og sin eigen solokarriere, og der er det Hans Olav Settem som produserer musikken. Settem fortel at mykje av jobboppdraga han no får, har bakgrunn i at folk har høyrt anten Benedikt eller Mitlid.

– Ja, eg blir ofte spurt om å produsere av folk, som har høyrt musikk eg har produsert før. For min del har det auka veldig på dei siste åra, kor mykje eg held på med produksjon av andre artistar, seier Settem, som er klar på at det passar han bra:

– Det å produsere lydar og stemningar er favorittdelen min av heile musikk-kunstnarskapen, og det får eg gjere kvar dag, med alle moglege prosjekt. Det tykkjer eg er veldig stas.

Powered by Labrador CMS