Kyrkjedag og meir til

Første mai er ein dag med tradisjonar og historie. I år fell den på søndag og er dermed også vanleg kyrkjedag.

Publisert

I vårt område har vi vanlege gudstenester i Rindal og Åsskard pluss at Øye kyrkje feirar konfirmasjon denne søndagen.

Flyttbar høgtidsdag

Som arbeidardag vart 1. mai etablert i 1890 – både internasjonalt og hos oss. Flaggdag vart den i 1935. Og etter 1947 har 1. mai vore flyttbar høgtidsdag – som «raud» fridag på kalenderen.

I mange år, fram mot tusenårsskifet, var det i Øye kyrkje alltid gudsteneste på 1. mai. I mindre grad pregar nok arbeidarmotivet dei nemnte gudstenestene i år.

Derimot blir tradisjonelle politiske 1. mai-arrangement gjennomført i dei større bygdene – som ved Kulturhuset i Surnadal.

Arbeidardagen har vore flaggdag frå 1935.

Ymse tradisjonar

Det knyter seg også ei rekkje gamle forhold til Kalenda Maya – mellomaldernamnet på dagen. Natta til 1. mai er i Tyskland og andre land knytt til minnet om den tyske helgenen Valborg (700-talet) og kalla «Valborgsnatt» (Walpurgisnacht).

Innslag frå enno eldre (heidensk) vårfeiring har vore blanda inn i desse tradisjonane. No var det at heksene flaug til «Bloksberg» - altså til om heksesabbat på fjellet Brocken i Tyskland. Dette er nedfelt i både litteratur og opera.

Helgenen Valborg – her på ei tysk kyrkjefane.

Heksefri vårfeiring

Både i Norge (Troms), Finland og særleg i Sverige er vårlege Valborgs-tradisjonar framleis levande. Men utan deltaking av hekser og den slags!

Da har vi bevega oss litt bort frå hovudideen med dette innlegget. Den var nemleg å minne om at det er gudstenester i Åsskard (biletet), Øye og Rindal kyrkjer denne 1. mai 2022 – som både er arbeidardag og kyrkjedag!

Åsskard (biletet), Rindal og Øye kyrkjer har gudsteneste 1. mai.
Powered by Labrador CMS