Av alle ting me har å vera glade for, er at me har ein kronprins med gode talegåver. Eller eventuelt har han, i motsetning til Rindalspresten, gode folk til å skrive talar for seg.
To ord har han lansert som er spesielle og som eg forbind med han: Framsnakking. Det er eit herleg ord, eit positivt ord, ein oppsiktsvekkjande god motpol til dette fenomenet me så alt for godt kjenner: Baksnakkinga. Framsnakking blir det aldri for mykje av.
Og så, då han gifta seg og heldt tale for Mette-Marit, så kom han med ordet adrenalin-sint. Ingen andre hadde gjort han så adrenalin-sint som Mette-Marit sa han. Ærleg nok.
Eg tenkjer på desse orda når eg tenkjer på dykk. Og i mine tankar blir det to sider av same sak: De har vore ein fryd å vera i lag med og eg har framsnakka dykk deretter.
Og når eg tenkjer etter, så har eg neimen ikkje vore adrenalinsint på dykk. Ikkje sint heller.
De har rett og slett ikkje trigga nokon ting – bortsett frå kanskje nysgjerrigheit på kva de tenkjer under alt de har av fin og veloppdratt oppførsel.
Og for meg som er ei halvgamal kjering av ein prest, er det berre å seie at Nei, ungdommen er ikkje som dei ein gong var. De er mykje betre.
Så når de spør om kva som er det beste med å vera prest i konfirmasjonstida, så er det dykk. Det er de som er best – ikkje berre kjære konfirmantar, men kjære konfirmantane mine.
Og så er det kanskje fleire enn meg som har lagt merke til at gode ting har skjedd i samspelet mellom oss: Seier eg koselege ting til dykk, kan eg vera sikker på at de leverer fine ord tilbake.
Ungdommane har vorte betre. Med Jesus er det ansleis – han har nok ikkje særleg til forbetringspotensiale. Potensialet er det me som har, - det er stadig meir å lære om Jesus, og me kan stadig vekse og blomstre i den kristne trua.
Jesus går ikkje ut på dato, sjølv om han fòr til himmels for bortimot to tusen år sidan. Oppdraget står fortsatt fast slik det var då han kom: Han gjev oss frelse.
Nokon syns det er kleint at det står som det står, at Jesus kjem til verda for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt. Det er vel slik me er: Det meste er greit, så lenge me har kome på det sjølve.
Og dette at Jesus kjem til verda for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, det har me ikkje kome på sjølve.
Det var ein tanke frå Guds hjarte, tenkt i Guds kjærleik til alle folk. Så stiller Gud seg på eit umenneskeleg val: Lata sonen sin bli ofra på vårt alter.
Me veit korleis det gjekk: Det vart vondt på korset før det vart bra att påskedag. Det vart ein slitsom tur til dødsriket før Jesus kunne proklamere med heile seg at han hadde vunne over både djevel og død.
Denne måten kunne ingen av oss tenkt ut sjølve, me får den fiks ferdig i dåpen. Vær så god!
Ved Guds store og grenselause kjærleik og nåde ligg livet føre deg for evig og alltid. Fordi Gud ikkje ville at nokon av oss skulle gå fortapt.
Og dermed har eg vel også svart på to av spørsmåla dykkar: Kvifor me skal tru på Jesus. Og kvifor han vart hengt på korset.
Kor gamal han vart? Han var vel ca 33 då han vart korsfesta – og så er det noko med Jesus som er så fint: Han stod opp att ifrå grava og lever fortsatt. Så no er han ca 2024 år gamal og lever i beste velgåande i Guds evige himmel.
Ein av dykk spør om alle kristne må tru på Gud og Jesus. Spørsmålet er enkelt, men det er faktisk vanskeleg å svare på. Fordi tru jo ikkje er ein prestasjon.
Kor mykje tru klarte de å prestere då de var nyfødt og gjekk inn i ein dåpskjole i ca størrelse 74, liksom?
Så dette med vår tru er nok heller slik at den speglar at me har ein Jesus som har trua på oss.
Eg har fått spørsmål om når eg bestemte meg for å bli kristen. Og eg trur faktisk at eg vart kristen i dåpen, fyrste påskedag 1963. Så var det ei tru som fekk mognast, og eg byrja å gå til nattverd før eg vart konfirmert. Sidan ein av dykk spør om Den Hellige Ånd: Ja, det må vel vera slik at det er han som hjelper oss til å bli bevart som kristne.
Det er spørsmål om Gud er ekte. Om korleis Jesus vart laga og om det er sant at Jesus finst. Her finn me svaret i trusbekjennelsen, slik den samanfattar det viktigaste i kristen tru: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, han som skapte himmel og jord. Altså er Gud faktisk minst like ekte som alt han skapte. Så også om Guds einborne son, vår Herre, som vart unnfanga ved Den Hellige Ånd og født av jomfru Maria – og der kom det svaret også.
Og så er det spørsmål om kven som skreiv Bibelen. Det er mange. Og dei fleste som står som forfattarar av dei forskjellige bøkene, er nok helst berre som redaktørar å rekne. For oss damer kan det vera interessant å ha i mente at Bibelen er skriven av menn – og så tenkja litt over korleis den hadde vore med kvinnelege forfattarar også. Bibelen vart skriven under eit tidsspenn på ca 1600 år: Frå 1500 år før Kristus og til 100 år etter.
Om prestar må fylgja Bibelen til punkt og prikke? Det veit de at ingen av oss kan. De hugsar då me gjekk igjennom boda, kor langt me kom: Me kom ikkje lengre enn til det fyrste før me måtte erkjenne at ingen av oss klarer det heller. Og kva var det – var det ikkje noko om å ikkje ha andre gudar enn Gud?
Kva som skjer etter at eg døyr, det veit eg ikkje. Men eg håpar at det blir fint. I begravelsar les eg ofte om ein ny himmel og ei ny jord, der Gud skal vera i lag med oss heile tida og der det korkje skal vera død eller sorg eller smerte. Dette trur eg på. Og så trur eg at me skal få møte att Jesus i himmelen.
Ein av dykk spør kvifor de må ha kvit kappe når de blir konfirmert. Slik står det om dette på Kirken.no:
Som konfirmant har du i konfirmasjonsgudstjenesten på deg en hvit kappe over sine egne klær. Den hvite kappen minner om den hvite dåpsskjolen som mange barn blir døpt i når de er små. Kappen er dermed med på å binde dåpen og konfirmasjonen sammen. På konfirmasjonsdagen får du låne en hvit kappe i kirken.
Ofte har gjester og konfirmanter på seg dress, kjole eller bunad på konfirmasjonsdagen. Men hvilket antrekk du har på deg når du konfirmeres er helt opp til deg! I kirken ser man bare kappen, ikke antrekket.
Og då seier eg til dykk som har spurt og spora til denne preika: Hjarteleg takk så langt!
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.