Anne Ma Nyheim frå soknerådet er glad for å ha «Kyrkja vår – Stangvik» på plass til jul. Lene Wilhelmsen (med boka om Ranes og Øye) slår fast at heile Surnadals kyrkjeliv no er i bokform. Attåt «Kyrkja i Åsskard» (Bernt Bøe, til venstre) har også Mo og Todalen sine bøker.

Ny bok: «Kyrkja vår – Stangvik»

Rykande fersk til jul kjem «Kyrkja vår - Stangvik» som nyaste bok om lokalt kyrkjeliv.

Boka er skriven av Bernt Bøe i samband med 125-årsjubileet for noverande Stangvik kyrkje. Soknerådet ønskjer med dette å dokumentere levd kyrkjeliv før og no.

Stangvik Jentekor med julescene «Fra himlen høyt».

Arena for liv

Og det med vekt på notida: Boka opnar med ferske glimt av kyrkjeaktive barn, gustenester og frodig konsertliv frå dei siste åra, men også ivaretekne tradisjonar - som kyrkjebåtroinga kvar pinsedag.

Samtidig som historikken er viktig i slike bøker, trer det pulserande livet klårt fram. Kyrkja er ikkje museum, men arena for liv!

Likevel stig det gamle «Storstangvikgjeldet» klårt fram. I boka vil dei fleste på indre Nordmøre finne forfedrane sitt miljø og få innblikk i deira samtid.

Festivalkonsert med Arve Tellefsen og kulturskuleelevar.

Drama og humor

Kyrkjefart i styggver og stille, overtru og skjebner, brann og drama, men også munterhet og pussige hendingar møter lesaren: Lars Klokkar song så elendig at folk rømte ut av kyrkja når han stemte i. Storbonden i Austigard gjekk til rettssak mot Nordvik-folket fordi dei hadde sett seg på kyrkjebenken hans!

Dei tre kyrkjene – og bedehuset

Stangvik har hatt tre kyrkjer. Både stavkyrkja frå 1407, korskyrkja frå 1784 og nykyrkja frå 1897 fortel mykje historie. Endatil sabelbruk på galleriet! Og prinsebrev om Eidsvoll i 1814!

Misjon og kristenlivet på bedehuset har fått brei plass. Visste du at Hans Nielsen Hauge var i bryllaup på Røen i 1802? Eller at søndagsskulelærar Johan Aasgaard på Kvanne har ein melodi i salmeboka vår?

Korskyrkja stod frå 1784 til 1896.

Konsertar, dugnad og symbolikk

Konsertlivet gir Stangvik kyrkje eit særpreg - noko som synest i både tekst og bilete.

Eit anna særpreg er dugnadsånda, gjevarviljen og all frivillig innsats som stadig er synleg.

Den ordlause talen, symbolikken i interiør og kunst, har sitt eige kapittel. Like eins er anekdoter av ymse slag, også tragiske, samla - under overskrifta «Sagt og skrive».

Pause under målardugnad i 2019. Frå venstre Bjarne Røen, Jan Nordvik, Sverre Kjølstad og Trond Stenberg.

Framtid og tradisjon

Dei yngste, barna på kyrkjekveldane og i gudstenesta, jentekoret og konfirmantane, pregar mykje av «Kyrkja vår - Stangvik». Det gir tru på at både denne og dei andre kyrkjene våre har framtida for seg - samtidig som dei lange tradisjonslinjene er sjølve fundamentet.

Kyrkjelivet dokumentert

Fungerande kyrkjeverje i Surnadal, Lene Wilhelmsen, er glad for at Todalen, Åsskard, Stangvik og resten av Surnadal no har fått kyrkjelivet gjennom alle hundreår samla i bokform.

I lag med Oddvar Moen si bok om Mo kyrkje (1978) har Bernt Bøe hermed dokumentert menighetsliv og kyrkjebygg i heile Surnadal gjennom tidene. Han gav ut «Kyrkja i Todalen» i 2011, «Kyrkja i Åsskard» i 2018 og boka om Ranes og Øye kyrkjer i fjor.

Kyrkjekontoret sel bøkene. I lesande stund er også den nyaste, «Kyrkja vår – Stangvik», å finne på kontoret, i bokhandelen, i somme nærbutikkar og hos utgjevaren, Stangvik sokneråd.

Powered by Labrador CMS