Aron Rodal Haugen

Aron og Mali til topps

Laurdag kom både Aron Rodal Haugen og Mali Eidnes Bakken på førsteplass i klassane sine i La Sportiva Skåla opp. "Nord-Europas tøffaste motbakkeløp" blir konkurransen kalla. Her spring dei 1848 meter rett opp på fjellet Skåla i Loen i Stryn.

Publisert

Vi har snakka med Aron og Mali som kom først i sine klassar. Aron på 1:28:16 (M 15-17) og Mali på 1:33:25 (K 18-19). Mali kom dessutan som nummer ti av alle kvinnene som deltok.

Aron saman med Stian Angermund-Vik som var under minuttet bak den legendariske løyperekorden i Skåla Opp, og vann med tida 1.08.02

–Det var eit flott løp med mange internasjonale og nasjonale deltakarar, seier Aron. Eg følte at det var eit løp som passa meg bra fordi det var langt og bra stigning heile vegen. Eg fekk disponert løpet veldig bra, og fekk til å gi full gass heile vegen til mål, seier 15-åringen.

Aron er kjempefornøgd med tida.

– Det var litt over forventa. Eg la inn sluttspurten litt for tidleg og stivna litt mot slutten, men det er det einaste negative med løpet, seier Aron.

Dette er siste gongen La Sportiva Skåla Opp blir arrangert. Aron er difor ekstra glad for at han fekk til å delta, og ikkje minst fordi han kapra sigeren i klassen sin.

– No skal eg lade opp og fokusere på neste helg, for da er det Kårvatn Skyrace som står på plakaten, med splitter ny trasé, seier Aron.

Mali er også fornøgd med resultatet sitt. Ho har ikkje sprunge motbakkeløp på tre år.

– Eg opna litt hardt fordi eg prøvde å henge meg på dei raskaste damene, men etter fire km måtte eg gi opp, fortel Mali.

Mali Eidnes Bakken (arkivbilde)

Ho fortel at skodde gjorde at det var litt vanskeleg å sjå kor ein skulle springe, men det var godt merka, så det gjekk greitt.

– Alle terrengløp er artige fordi dei er teknisk utfordrande. Motbakkeløp krev i tillegg god kapasitet, og er difor god trening til skisesongen, forklarer Mali.

Andreas Dahlø Wærnes sprang også for Rindal IL. På Rindal IL si facebook-side står det:

"Andreas har trent lite spesifikt motbakke, men viser at han er i god form og lå stort sett mellom 7. og 8. plass i dette sterke internasjonale feltet. Han ble til slutt nr 7 på 1,14,25, 6,23 etter storfavoritten Stian Angermund, som var hele 3,23 foran 2. mann."

Powered by Labrador CMS