Bøfjorden 17. mai:
Unge med reflektert tale
Også i år var nasjonaldagen i Bøfjorden prega av tradisjon og fornying. I festen på grendahuset var det friske takter av dei minste på scena, og i allsongen mangla verken Gud signe vårt dyre fedreland eller Bøfjordsongen. To unge idrettsjenter heldt tale for dagen, og dei visste å framheve både tradisjon og nye tankar.
Vi har fått lov til å gjengi talen, som vart halden av bygda sine internasjonale taekwondo-talent Aurora Dønheim Berle og Una Langeland Gravvold.
*
«Å byggje ei fredelegare verd»
Gratuler me da’n, all sammen! Det e med stor ærefrykt at vi ha fått oppdraget med å hald 17.mai-tale på Bøfjorden Grendahus.
Ka ska vi egentleg sei i en slik tale? Vi vil prek om takknemleghæt. For vi e ganske heldig så bor i ta fine landet vårt. Men det tek vi kanskje for gitt?
Det e ikkje all så har mulehæta te å feir landet sitt slik vi gjer. Det e ikkje all så har frihæta te å ga i gatå og søng nasjonalsongen sin og veiv med flaggjet sitt.
Det ha allveg vore krig i verden. Men no når det ha komme så nere oss, trur vi det e lettar å åpn auån for ka så verkeleg skjer.
På starten tå mai va vi to så heldig at vi fikk delta på EM i taekwondo! Der va det med 8 deltakara frå Ukraina, så ellers bruka å vera en stor delegasjon. Det va mesta berre juniora, og det va lite mannfolk: For dem va heim og kjempa for landet sitt!
Det e vanskeleg å beskriv stemninga så la seg over hallen når nasjonalsongen åt Ukraina vart spella ette kvar gullmedalje dem tok. Og når vi såg de unge så stod der, bynt vi å tenkje: Ka om det ha vore ho Aurora og ho Una som ha stått der – og det ha vore han Pappa, han Hans, han Anders, han Ola Marvin, han Kjetil og han Ruben så ha vore heim og kjempa?
Ka ha vi følt da? Kanskje frykta for å mist det vi har og dem vi e glad ti? Og de rettighætin vi har? (Vi ha tross alt opplevd krig i Norge før. Norge gjekk frå et fritt te et okkupert land på kjøle kort tid.)
Ta her vise oss at vi må sett pris på den frihæta vi he og på kor godt vi he det - kvar dag. Men kanskje spesielt i dag. Vi føle oss allfall kjøle heldig så bor i Norge - og spesiellt Bøfjorden.
Det e viktig at vi tek vare på kvarander - både de nye så kjem og dem så allveg ha bodd her. Det e viktig at vi respektere andre og deiras kultur. Men samtidig må vi tak vare på vår egen kultur og egne tradisjona.
Og i staden for å forkast tradisjonan, så meinna vi at det e ber å vera inkluderandes og informativ. Alle bør få utøv egne tradisjona, men vi lyt å vera åpn for å inkluder nye folk ti gamle tradisjona! Inkludering står sentralt i å respekter andre. Og inkludering kan faktisk vera så enkelt som å gi et lite smil når man møtes på bua.
Respekt og høfleghet e to ganske sentrale ting i sporten vår – taekwondo. Og det e en ting så e positivt uansjitt ka man gjer eller kar man e hen. Det e viktig at vi e snill med kvarander og passa på kvarander.
Færre kvar trening så les vi opp nå så hette «Elevens ed». Na her eden går ut på kass vi som utøva takwondo, ska ager - både innad i sporten og utad.
Et punkt i eden e at vi ska respekter instruktøra og senioreleva - noko som kan overførast te at vi må respekter de eldre. Dem har kunnskapa og erfaring som vi kan ler mykju tå. Dem ha kjempa for landet vårt og arbeidd for at vi ha fått de rettighætin og muleghætin vi he. Men samtidig går respekten begge vega. Og gjensidig respekt e faktisk heilt nødvendig for at vi ska få utvikla samfunnet vårt viar. Det e viktig at vi lytta te de eldre og at dem lytta te oss yngre!
Ei anna kjøle god erfaring vi he frå EM, e det fantastiske samholdet vi he både innad i landslaget og samholdet og relasjonan som bli danna myllå de ulike nasjonan. Ta her e et fint eksempel på at bakgrunn har lite å sei og at gode relasjona kan bli danna myllå folk som verka ganske ulik.
Noko særegent med Norge e den flott naturen vi he. Og vi så bor i Bøfjorden e så heldig at vi har stort naturmangfold rett utafor døra. Vi bor ti ei bøgd som legg te rette for at all ska kom seg ut - uavhengig av utgangspunkt og helse-testand.
Et kjøle fint tebud, som begge vi to ha vore medlem ti, e Røsslyngen 4H. Na her organisasjonen legg te rette for at barn og unge får muleghet te å bli kjent med kvarander i naturleg omgivelsa, og de bli danna vennskap på tvers av alder og interesså.
Vi vil og ros Bøfjorden for at dem verkele sett lys på prestasjonan så Bøfjord-ungdommen gjer og all positiviteten rundt det. Når vi kjem heim frå mesterskap, e de ikkje nån så rosa og følgje opp så godt så bøfjordingan.
Og vi vil rett oppmerksomheta mot den fin lokalbutikken vår. Bua e så viktig for både oss unge, de eldre - og all i myllå. Den fungere like godt både som butikk og som møteplass!
Apropo møteplass, så feira vi 17. mai ti ta flott grendahuset vårt. De e så viktig at vi tek vare på grendahuse og at vi så høre te den ønger generasjon, sjer verdien ti ta huset her og at vi hjelpest åt med å ta vare på Bøfjorden Grendahus.
Vi e skikkeleg takknemmele og stolt over å få hald tale å dåkkår på sjølvaste 17. mai. Og vi vil avslutt me det siste punktei «Elevens ed» eden vår. Det e ganske vidløftig, men det e oppnåeleg om alle gjer en liten innsats – nemleg: «Eg ska hjelp te med å byggje ein fredelegnar verden!»
Aurora og Una
*