Nyhende frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Mennesker sitter ved mange bord.

Fylkesskogsamling i Surnadal

Tradisjonen tru vart det 5.-6. mars arrangert fylkesskogssamling for heile skognæringa i fylket i Surnadal.

Godt frammøte med 47 påmeldte, synte at programmet vart sett på som interessant og nettverksbygging og det sosiale i skogbruket framleis er viktig. 

Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) synte nye farekart i bratt terreng. Ivar Ekanger frå Landbruks- og Matdepartementet (LMD) drog oss igjennom moment som påverkar skogbruket positivt og negativt, men som må takst omsyn til. Miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren (SF) orienterte om kva som vert vektlagt ved frivillig vern, og om ivaretaking av naturmangfald i avtaler og lovverk. Norsk Bygdesagforening orienterte om sitt arbeid med å kartleggje alle trebedrifter og deira produktspekter. Dette skal etter kvart synleggjerast på ei nettside (https://sag.no/trebedrifter)

På dag 2 var det innlegg frå næringsaktørane, statistikk for 2023 og kontrollarbeid i kommunane. Vidare orienterte fylkesskogmeister Torkel Hofseth frå SF Vestland litt om nye berekningar kring driftspris og tilskotsberekning for drift med taubane.

Jurist Gunnvor Ytterstad Fossholt frå SF gjekk gjennom aktuelle og viktige avgjerder knytt til skoglovgivinga den siste tida.

Diskusjonane vart gode og det var stor deltaking frå salen, der nytt av året også lokale skogsentreprenørar vart invitert til denne viktige møteplassen for skognæringa i fylket.

Svartkjeltimen vart teken til Stangvika. På «Bondehuset» vart nyoppussa kjellar innvia og funnen til ein god plass for sosialt lag og godt traktement.

Powered by Labrador CMS