Bilde av Surna elva om sommeren med blå himmel og hvite skyer
Elva Surna

Statkraft med omfattande tiltaksplan for Surna

Statkraft vil no setje i gang ytterlegare tiltak både på kort og mellomlang sikt for å tilbakeføre Surna slik ho var før slamutsleppet i 2022. 

Publisert Sist oppdatert

Planen for tiltak er basert på undersøkingane gjort av Cowi og NINA og deira faglege råd, og dialogen med dei berørte partane. Den inneheld tiltak for fjerning av slam, ein langsiktig skjøtselsplan for heile Surna og ein forstudie med eit pilotområde, som skal testa ut fleire tiltak retta mot fisk og skjøtsel: Dette skriv Statkraft i ei pressemelding måndag.

Viktig å ha fullstendig oversikt

Statkraft har etter hendinga i 2022 gjort mykje for å redusera skadane, henta inn ekstern ekspertise og følgt alle deira faglege råd. Det har vore viktig for Statkraft at arbeidet med å forstå konsekvensane av slamutsleppet blir gjort grundig, og at dei har ein fullstendig oversikt før dei gjer tiltak. 

– No veit me nok til å setje i gang fleire tiltak som er prioriterte etter møte med kommunen, elveeigarlaget og styresmaktene. Me er opptekne av å finna gode, verknadsfulle løysingar i fellesskap, seier regiondirektør for Midt-Noreg Kåre Hønsi.

Tiltaksplan slam

Alle tiltak i vassdrag må ha godkjenning av NVE, og det må derfor utarbeidast ein konkret plan. Statkraft ønskjer å starte arbeidet med å fjerna slam frå område Cowi har avdekt i undersøkingane sine i vår. Det er aktuelt å nytta både gravemaskin og sugebil dersom kapasitet og framkomstforhold gjer dette mogleg. Det er planlagt fleire gjennomføringar, men truleg er det naturleg å starta med dei tjukkaste laga og der det er lett tilkomme.

– Me vil vera spesielt forsiktige i gyteområda og ta omsyn til fisk. Me ønskjer å gjennomføra arbeidet før vårflaumen kjem, og planlegg vidare arbeid til hausten og dei neste åra, seier kraftverkssjef Per Ivar Ingstad.

Fiske- og skjøtselstiltak

I planen ser Statkraft på fleire tiltak for å forbetra kvaliteten på livet i elva. Aktuelle fisketiltak vil vera ripping (rensing av elvebunen) og utlegging av blokker/grov stein for å betra gyteforholda. Det vil òg bli vurdert å fjerna vegetasjon og utvida elveløpet enkelte stader.

Surna er eit relativt flatt vassdrag frå Trollheim kraftverk og ned til fjorden og det av naturlege årsaker mykje lausmassar i systemet. For å vurdera nytta og omfanget av tiltak er det behov for å få erfaring i Surna. Forstudiet skal testa ut fleire tiltak for å få erfaring og vurdera effektane, seier Per Ivar Ingstad.

Slamutsleppet i 2022 skjedde då Statkraft tappa ned kraftmagasina i Follsjø og Gråsjø. Nedtappinga er ei fylgje av at Statkraft forsterkar dammane, noko Statkraft er pålagde av NVE å gjennomføra. Desse dammane har ikkje vore nedtappa sidan dei vart bygde på 60-talet.

Powered by Labrador CMS