Maria Bodskapsdag i Rindal kyrkje

Dåpsfølget til Mathea
Mathea Sande Eide med foreldre og fadrar

"E e så sele tå de"

Denne søndagen var det stor stemning i Rindalkjerka! Tre små barn vart døpt og det var avslutning på "Lys Våken" for 5. og 6.klassingar som hadde overnatta i kyrkja og deltok aktivt i gudstenesta. 

Publisert Sist oppdatert
Dåpsfølget til Liam
Liam Solberg Storholt med foreldre og fadrar
Edin Dalsegg Sande klar til å bli døpt

Lene prest innleda gudstenesta på Maria Budskapsdag med å proklamer at Maria vart mor til ein, og samstundes vart ho mor til oss alle.
- Me må gjerne prise henne sæl, som ho sjølv seier i preiketeksta.

 

Evangelium: Luk 1,46-55

Prekestolkledet er kvitt
Den liturgiske fargen på Maria Budskapsdag er kvit, festfargen i kyrkja. Utan bodskapen denne dagen hadde vi ikkje hatt verken jul, påske eller pinse!

Då sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.

Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.

Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.

Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.

Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.»
Slik lyder det heilage evangeliet.

Slik eg ser det, er det slik at dess større orda blir, dess betre er det å uttrykke dei på nynorsk. Så ja, me må gjerne lesa blogginnlegg og vekeblad på bokmål, men når me kjem til poesi, så er det nynorsk som gjeld. Så også her, når Maria syng i glede og takk over at ho er gravid.

Nei, Maria har ikkje fått to blå strek på ein graviditetstest.

Det er vel heller slik at ho har visst det heilt sidan engelen Gabriel kom på besøk, at no skjer det – no er ho gravid, no har ho eit lite barn i magen som skal ligge der og vekse den tida det tek før det blir ferdig til å bli født.

Og me om veit kor lang tid ting tek, veit at det er ni månadar til jul.

Maria syng at alle slekter skal prisen henne sæl.

Og veit de, sæl er eit så herleg ord. Det er i dialekta mi.

Der eg kjem ifrå, der fell det like lite naturleg å seia at me elskar nokon som det gjer her.

Korkje folk frå Vang eller frå Rindal går rundt og elskar kvarandre, liksom. Men sele tå inan`, det kan me vera. E e`så sele tå de` - då er det alvår, då er det kjærleik.

Som det er med Maria, med dette vesle Jesus-frøet i magen sin som ligg der og veks for å bli han som skal elske oss til Gud. Alle slekter skal prise henne sæl, altså elska, lukkeleg, salig.

Er det ikkje fint?

Dei fleste borna blir født ein om gongen. Slik var det med Jesus også. Nokon gonger blir det tvillingar. Og så hender det svært sjeldan at nokon blir trillingar. Men det er sjeldan – så vidt eg veit er det meir enn 70 år sidan det vart født trillingar her i Rindal.

Men så er det noko som er så rart med Jesus, med denne vesle babyen som Maria går rundt og er gravid med, at han har så veldig mange syskjen.

Når Maria seier at alle slekter skal prise henne sæl, elska og salig, så er det fordi ho bèr Jesus til oss.

Han som er bror vår og som hjelper oss med det me mest av alt treng hjelp til:

Dette å kunne leva i tilgivelse og nåde.

Dette å kunne leva med muligheit til restart.

Dette å kunne bli elska så mykje som me treng å bli elska.

Så ja, me har all grunn til å prise Maria sæl – med takk og glede for at ho bar fram Jesus og var med på å skape ein plass for oss i Guds evige rike.

Guds rike er plassen og rommet for oss som er meir sæle, meir elska og meir salige enn me sjølv forstår – og heldigvis kjem det seg ikkje an på kva me forstår eller ikkje.

 

Så godt det er, med alt dette fine som me kan ta imot berre fordi me vil ha det – akkurat slik tre par foreldre no er her i kyrkja for at deira små og nyfødte skal få synleg del i dette store:

Jesu død og oppstandelse til det nye livet med noko så enkelt som tre handfullar vatn og gode ord til.

Det starta i Marias mage, det fortsatte i døypevatn og kvar skal det ende?

Veit de: Guds rike har ingen ende. Sæla, kjærleiken og saligheita tek aldri slutt.

Og faktisk er Guds nåde ny kvar einaste morgon så lenge me har nye dagar å ta imot og gamle synder me treng å leggja ifrå oss.

Kvart einaste sekund omslutta av den gode krafta, av han som e så sele tå uss.

Powered by Labrador CMS