Nordmøre mållag

plakat for å gjøre skattemelding nynorsk

Får du skattemeldinga på nynorsk?

Skattemeldinga kjem til alle i disse tider, anten på papir eller digitalt. Frist for å levere er 30. april, slik som før, det gløymer vi ikkje så lett. Nordmøre Mållag vil i tillegg minne om at det språket du brukar i skattemeldinga di, er viktig. 

Kvifor det? Jau, dette språket har det offentlege registrert som ditt språkval. Det kjem fram i dei statistikkane som seier kor mange i landet som brukar nynorsk. Dei som får skattemeldinga for første gong, blir automatisk registrerte med bokmål, til og med dei som har halde på språket sitt gjennom heile utdanninga.

Vi får skattemeldinga på nynorsk eller bokmål, dei fleste av oss. Så ser vi på tala, kontrollerer og endrar litt, og sender inn. Men sjå på språket også! Du sjølv bestemmer her.

Om du er nynorskbrukar og får meldinga på bokmål, kan du endre dette på nett. Gå inn på www.noreg.no og klikk på «Digital borgar », så «Oppdater kontaktinformasjon». Du må identifisere deg med bank-id, og så kan du sjå og eventuelt endre kontaktinformasjon og opplysningar om deg sjølv. Det er ikkje farleg, og du kan gjera det når som helst på året. Dei som har meldinga på papir, kan krysse av for språkval på skjemaet dei sender inn.

Er det nokon vits i dette da? Det spørsmålet har vi fått frå mange som likar å bruke nynorsk, men som ikkje har brydd seg om å endre den offentlege registreringa. Det er vits i dette. Det fører til at tale på nynorskbrukarar blir meir riktige og rettferdige. Vi kan eigentleg samanlikne med når vi stemmer ved politiske val. Saman er vi sterkare.

Men eg bytter over til nynorsk på nettsidene når det år an, det er berre å trykke på språkvalet oppe i høgre hjørne? Det kan du gjera, men det blir ikkje registrert nokon stad, så neste gong du opnar sida, er du like langt. Og skattemeldinga di fortset å vera på bokmål, og staten trur du er bokmålsbrukar.

Mållaga i Møre og Romsdal har ein årleg aksjon for å minne om språkval i samband med skattemeldinga. Vi har brukt plakatar, flygeblad og digital påminning. Vi har sett at mange har lagt merke til det, og vi kjem sikkert tilbake med liknande aksjonar. I år kjem vi med denne enkle påminninga i media. Vi kan ikkje love at du får lågare skatt om du betaler han på nynorsk, men du kan jo prøve!

Nordmøre Mållag

plakat for å gjøre skattemelding nynorsk
Powered by Labrador CMS